I Oslo er sommaren godt i gang, med deilige sommartemperaturar på over 20 grader. Der kan det bli meir sol og varme i sommar.
Maxmilian Botn er glad for at dei har fått ein smakebit av sommaren på Sørenga i Oslo.
– Vatnet er overraskande varmt og deilig, seier 17-åringen.
Maximilian Botn (17) er glad for at gradestokken i sjøen viser 17 grader.
Foto: Bård Nafstad / NRKMeteorologisk institutt har no kome med nytt langtidsvarsel for sommaren.
Stikkordet: Typisk norsk.
Enkelt og greitt betyr det at det blir varmt og tørt i aust og sør, og grått og kaldt i vest og nord. Det er ingenting som tyder på verken hetebølge, eller enorme nedbørsmengder.
– Austlandet og Sørlandet kjem nok best ut av det, seier Statsmeteorolog Pernille Borander.
På Sørlandet blir sommarvêret møtt med eit smil av Svein Georg Andersen (raud badebukse) og Terje Haugland.
Foto: Siv Kristin Sællmann / NRKDet ligg an til lågtrykksaktivitet, og det vil gi vekslande vêr på Vestlandet og i Nord-Noreg. Dei må nok førebu seg på nedbør og lågare temperaturar. Men det kan kome nokre finvêrsdagar innimellom.
Nord-Noreg hadde ein uvanleg tørr og fin sommar i fjor, men det er lite som tyder på at det blir tilfellet i år.
Statsmeteorologen understrekar kor vanskeleg det er å spå vêret langt fram i tid. Det kan kanskje vere ei trøyst for dei som ser ut til å få ein traust sommar.
Turistane som er komen til Bergen for «Coolcation» kan få akkurat det dei håpte på i sommar; klassisk bergensk sommarregn.
Foto: NRKKan kome eit høgdepunkt i juli
Ho kjem likevel med eit lite lyspunkt i midten av juni.
– Då ser vi at det er sjanse for eit litt større høgtrykk, som kan strekke seg over større delar av landet og kanskje gi ei fin veke for mange.
Kor viktig er sommarvêret for deg?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Det er godt nytt for kompisane Jakob og Aslak, som NRK møter i Sogndal sentrum. Dei veit akkurat kva dei vil bruke sommaren på.
– Eg har planar om å sykle, klatre og litt diverse, og håpar at vêret held seg til det, seier Aslak Lindsetmo.
Han skal vere både på Aust- og Vestlandet i sommar, men held ein knapp på at sommaren i Sogn er betre.
– Det er betre natur, og moglegheiter for å sykle, klatre og halde på.
Kompisane Jakob Jordåen Molvik og Aslak Lindsetmo nyt lunsjen ute når dei kan.
Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRKOm det blir regn, har han ei løysing for det også.
– Då kan ein klatre inne, eller finne på andre ting.
Kompisen frå Stord har ikkje ei like løysingsorientert tilnærming til saka.
– Nei, då slit eg. Då blir det å sitte inne og sjå ut, og vente på at det blir bra, seier Jakob Jordåen Molvik.
Blir det slik meteorologen varslar, må han kanskje førebu seg på ein sommar på sofaen.
Heng etter på klimamåla
2024 blei det varmaste året registrert nokosinne.
Temperaturen stig, vi får meir intens nedbør, og lengre periodar med tørke.
Korleis vêret, og ikkje minst somrane, blir i framtida avheng av kor mykje vi klarer å redusere dei globale klimagassutsleppene våre.
– Det skjer definitivt masse godt arbeid i både kommunar, fylke og stat, men vi heng litt etter samanlikna med andre land i Europa, seier forskingsleiar for regionalt klima på Norce, Marie Pontoppidan.
Avvik fra normal Snittemperatur
Ein konsekvens av at vi held fram med høge utslepp er meir flaum.
Klimaforskaren er likevel optimistisk, og seier det ikkje er for seint å snu skuta, sjølv om vi no er i siste liten med å nå måla i Parisavtalen.
– Det handlar om korleis vi klarer å tilpasse samfunnet. Det må vere eit mål å få redusert utsleppa.
Når det gjeld årets sommar, er ho einig med statsmeteorologen sin konklusjon, og oppfordrar folk til å gripe finvêrs-dagane når dei kjem.
Publisert 20.06.2025, kl. 13.50 Oppdatert 20.06.2025, kl. 13.56