Sisdajven fylhke.
Det betyr «landet innanfor».
Frå 1. juli er dette det nye offisielle sørsamiske namnet på Innlandet fylke.
Men det er det ingen i Innlandet som kan sjå.
Fylkeskommen har rett og slett ikkje fått tid til å henge opp skilt. Det er i allefall den offisielle forklaringa.
Både treig og rask byråkrati
For etter at Innlandet fylkeskommune gav sitt ja til å gje fylket eit samisk namn, måtte dette behandlast i Stortinget.
Fylkeskommunen trudde dette ville ta lang tid, fordi Stortinget skulle behandle saka to gonger.
Der tok dei feil.
NYTT NAMN: Dette er det nye sørsamiske namnet til fylket. Men det blir ikkje markert enda.
Foto: Innlandet fylkeskommuneEtter dei to behandlingane i Stortinget tidlegare i juni, var det berre Framstegspartiet som stemte mot forslaget. Dei peika på høge utgifter, og at dei fleste samar kan norsk i dag.
Då kunne ein jo tru at det kunne ta tid før dei nye namna kom på plass.
Ikkje denne gongen.
20. juni vart dei nye namna vedtatt ved lov. Og dato for start?
1. juli.
– Det kom litt brått på.
Det seier Rune Jørgensen i Innlandet fylkeskommune.
Det nye skiltet med det sørsamiske namnet lar vente på seg.
Foto: Sigrid Grøndalen Ingvaldsen / NRK– Etterlengta
Leiar i Innlandet Sameforeining, Sveinung Eide Hansen, seier at det burde vere sjølvsagt at Innlandet har sitt eige, sørsamiske namn.
– Språk har mykje å seie for identitet, og her i Innlandet har vi fleire samar som bur her no, og som driv med for eksempel reindrift.
Leiar i Innlandet Sameforeining fortel at det har vore etterlengta med eigne skilt på sørsamisk.
Foto: Norske Samers RiksforbundHan fortel at det blir ein tydeleg markør når det sørsamiske namnet står ved sidan av det norske.
– Det er noko med å køyre rundt i fylket, og sjå namn på sitt eige språk.
Men Hansen må altså vente endå ei tid før han får oppleve dette.
Markering over sommaren
Wibeke Børresen Gropen er samfunnsutviklingssjef i Innlandet fylkeskommune. Ho understrekar viktigheita av den samiske kulturen i Innlandet.
– Innlandet fylkeskommune har hatt stort fokus på arbeidet med dei nasjonale minoritetane og samane som urfolk sidan vi blei etablert i 2020.
Kvifor det ikkje blir markert noko i dag har ein enkel grunn, seier ho.
– Vi ønska å avvente til det vart offisielt av Stortinget. Sidan det kom på eit tidspunkt mange er på ferie, vil vi avvente til over sommaren.
Men logo er klar, og Gropen fortel at dei vil utarbeide skilt med samisk logo og namn på dei viktigaste innfartsårene.
Snart vil alle fylkesskilt få det sørsamiske nanmet Sisdajven.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRKDet same gjeld på fylkeshusa på Lillehammer og Hamar.
Ho avsluttar med at Innlandet fylkeskommune er glade for at saka no er avklart, og dei ser fram til å markere dette etter sommaren.
Men når dei nye skilta kjem på plass, er det altså ingen som kan svare på.
Publisert 01.07.2025, kl. 13.17 Oppdatert 01.07.2025, kl. 13.48