Økokrim ransakar leilegheita til Thorbjørn Jagland

2 hours ago 4



NRK har vore på adressa til Thorbjørn Jagland der ein kan sjå politibetjentar hente ut gjenstandar.

VG omtalte saka fyrst.

Ransakinga i Oslo skjer dagen etter at ministrane i Europarådet einstemmig oppheva Jagland sin immunitet.

Det betyr at han no kan straffast for forhold som skjedde i dei ti åra han var generalsekretær for Europarådet.

Jagland har status som mistenkt for grov korrupsjon.

NRK har førespurt om det har skjedd endringar i statusen, men har så langt ikkje fått svar.

No kan også Økokrim få tilgang til informasjon dei treng i etterforskinga frå Europarådet.

Økokrim ransaker Thorbjørn Jaglands leilighet i Oslo

Foto: Lars Martin Hunstad / NRK

Ransaking er eit tvangsmiddel, og ifølgje lova får ein person automatisk status som sikta i ei sak når politiet vel å ty til dette maktmiddelet. Økokrim meiner det er skjellig grunn til mistanke når dei går fram på denne måten.

Så langt har ikkje Økokrim stadfesta om Jagland har status som sikta eller ei.

Jagland blir etterforska for grov korrupsjon, etter alt som har kome fram i dei nyleg frigitte Epstein-dokumenta.

For snart to veker sidan frigjorde det amerikanske justisdepartementet millionar av nye dokument, som kastar lys på relasjonen fleire norske makttoppar hadde til seksualforbrytaren Jeffrey Epstein.

Gjennom sin advokat har Jagland heile vegen sagt at han ikkje har gjort noko straffbart.

– Det er for så vidt positivt frå vår side at no kan Økokrim gjere jobben sin og få avklart kva som har skjedd, sa advokat Anders Brosveet til NRK onsdag, etter at immuniteten var oppheva.

Det var Økokrim og Utanriksdepartementet som bad Europarådet om å oppheve Jagland sin immunitet. I eit brev til rådet var det fleire forhold Økokrim trekte fram, som dei ser på i etterforskinga mot Jagland:

  • Det kan tyde på at Jagland og hans næraste familie fleire gonger i perioden mellom 2011 og 2018 har nytta seg av Epstein sine private leilegheiter i Paris og New York, samt hatt opphald i Epstein sin villa på Palm Beach i Florida.
  • Det kan sjå ut som at Epstein har dekt reisekostnadane for seks vaksne i samband med eitt av desse opphalda.
  • I tillegg takka Jagland ja til eit tilbod om å få dekka reise- og hotellkostnader i Karibia for seks vaksne. Denne reisa vart til slutt ikkje noko av.
  • Jagland skal ha bede Epstein om bistand med eit banklån, noko det er uklart om vart noko av.

Publisert 12.02.2026, kl. 10.54 Oppdatert 12.02.2026, kl. 11.58

Read Entire Article