Det var nyttårsaftan eit utslepp frå plattforma Njord A sende oljesøl mot kysten.
I februar trefte olja kysten av Trøndelag og Nordland i form av klumpar.
Miljødirektoratet er bekymra for at dette kan true sårbart fugle- og dyreliv.
Samstundes har kystverket og fleire miljøorganisasjonar meldt Equinor til politiet.
Dronar, båtar og over 170 personar er i sving for å rydde oljeklumpane ut av fjæra.
Foto: Ronny TeigåsOmfattande ryddeaksjon
– Vi har mellom 170 og 180 personar i sving kvar dag, fortel Ellen Maria Skjelsbæk i Equinor.
Det er mellom anna henta inn brannmannskap frå andre stadar i landet for å hjelpe til med oppryddinga.
I tillegg blir fem båtar og over 20 dronar brukt i aksjonen, seier Skjelsbæk.
Ho fortel at hovudinnsatsen blir sett inn på Frøya-området. Det er der mannskapet finn flest oljeklumpar.
Frøya er hardast ramma av oljesølet. Det er her oppryddingsarbeidet er størst.
Foto: Ronny TeigåsI tillegg er det mange viktige område for sjøfugl på den trønderske øygruppa.
– Vi konsentrerer oss om områda der det snart er hekkesesong.
Kor lang tid arbeidet vil ta er framleis ikkje sikkert.
– Det tørr eg ikkje seie no. Men vi ser at det har blitt gjort mykje arbeid så langt.
Melder Equinor til politiet
Kystverket fortel at dei vil melde Equinor til politiet for forureina. Tidlegare har også både Greenpeace og Naturvernforbundet meldt selskapet til politiet.
– Vi meiner dette er eit alvorleg utslepp, seier Hans Petter Mortensholm, direktør for miljøberedskap i Kystverket.
At dei no melder Equinor til politiet fortel han ikkje er uvanleg.
– Det er eit av dei verktøya vi har som forureiningsmyndigheit for akutt forureining.
– Vi melder saker som er alvorleg til politiet, og det er altså dette.
Han fortel at utsleppet er relativt lite, men at det likevel skaper problem.
– Sjølv om det ikkje er eit stort utslepp så viser det kor utfordrande også mindre utslepp er, spesielt når det treff sårbare område.
Det har blitt funnen klumpar langs kysten så langt nord som Vega i Nordland.
Foto: Nærøysund brannvesenViktige område for fugleliv
Miljødirektoratet har tidlegare fortalt at dei er bekymra for kva konsekvensar oljesølet kan få.
– Vi er bekymra for oljeforureininga som har nådd viktige og sårbare område langs kysten av Trøndelag, fortalde, Ivar Myklebust, avdelingsleiar i Miljødirektoratet, til NRK etter det blei klart at oljesølet trefte kysten.
Han fortalde at mange av områda langs kysten av Trøndelag og Helgeland er område med store naturverdiar.
Oljeklumpane har blitt funnen i fleire område som er viktige hekke-område for sjøfuglar, forklarte Myklebust.
– Forureininga frå Njord-plattforma gir stor fare for at sjøfugl som kjem til områda for å hekke, kan bli skada av olja.
Publisert 11.03.2025, kl. 14.18 Oppdatert 11.03.2025, kl. 14.36