– Det er i første omgang eit forslag for at flest mogleg skal lære norsk, og slik meistrar skulen betre og blir ein større del av fellesskapen.
Det seier fylkesleiar i Innlandet Høgre, Hanne Alstrup Velure, til NRK.
Når «heile» Høgre denne helga samlar seg til landsmøte på Gardermoen vil Velure, som også er fylkesvaraordførar i Innlandet, fremme det enkelte meiner er eit kontroversielt forslag:
«Arbeide for at ingen grunnskular skal ha ein høgare del minoritetsspråklege elevar enn 25 prosent», lyder forslaget.
Bak forslaget står også Unge Høgre.
Samtidig vil ei rekke fylkeslag innføre «hijabnekt» i barneskulen.
Leiar i Innlandet Høgre og fylkesvaraordførar i Innlandet, Hanne Alstrup Velure.
Foto: William Jobling / NRK– Løyser ikkje problema
Forslaget om minoritetsgrense får støtte, men berre delvis, hos Unge Venstre.
– Eg er positiv til alle tiltak som kan vere med og styrke integreringa i Noreg, men eg trur ein begynner litt i feil ende. Det viktigaste er at vi sørger for ein tydelegare og smartare busettingspolitikk, seier partileiar for ungdomspartiet, Omar Svendsen-Yagci, som sjølv kjem frå Gjøvik i Innlandet.
Omar Svendsen-Yagci, leiar av Unge Venstre.
Foto: Frode Meskau / NRKLangt kaldare skulder møter Høgre sitt forslag hos SV.
– Vi synest dette er eit dårleg forslag, og at det ikkje er det som løyser problema i skulen. I Noreg har vi eit sterkt prinsipp om at barn har rett til å gå på nærskulen sin. Det å tvinge barn til å gå på andre skular bryt med nærskuleprinsippet.
Det seier skulepolitisk talsperson og stortingsrepresentant Sunniva Holmås Eidsvoll (SV).
Ho påpeikar at det er kvaliteten på opplæringa, blant anna i form av talet på lærarar, som er det viktige. Ikkje kven som går på kva skular.
– Om ikkje skulen får nok midlar til språk og inkludering, så flyttar ein berre elevar rundt.
Ein god skule blir ikkje skapt gjennom fordeling av elevar, men på kvalitet i opplæringa, meiner Sunniva Holmås Eidsvoll (SV).
Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRKHijab-debatt
Det går samtidig mot ein ny hijab-debatt på Høgre sitt landsmøte. Ti år etter partiet vedtok å droppe eit slikt forbod.
Fylkeslaga i Vestland, Telemark, Trøndelag, Agder, Troms og Akershus, i tillegg til Unge Høgre, har til landsmøtet foreslått å forby religiøse hovudplagg i barneskulen.
Sunniva Eidsvoll karakteriserer det heile som ei avsporing i skuledebatten frå Høgre.
– Dei burde vere meir opptatte av kva barna har inni hovudet enn kva dei har oppå hovudet, meiner SV-politikaren.
Det blei til slutt ikkje noko hijab-forbod i 2016 frå Høgre si side. Nå skal eit forslag om forbod mot religiøse hovudplagg i barneskulen igjen debatterast på landsmøtet i partiet.
Foto: Terje Bendiksby / NTBLeiar av Troms Høgre, Benjamin Furuly, meiner eit slikt forbod kan føre til at «elevar slepp press om å gå kledde på ein særskild måte».
– Vi trur eit forbod mot religiøse hovudplagg kan bidra til mindre forskjellar i barneskulen og at det også kan bidra til betre inkludering. Mange unge jenter kan kjenne på eit press heimanfrå om å bruke religiøse hovudplagg som hijab, og det er noko vi meiner ein skal sleppe å ha i barneskulen, skriv han i ei melding til NRK.
– Det viktigaste for norsk skule framover er å diskutere korleis ein kan få betre resultat i lesing, skriving og rekning. Utviklinga dei siste åra er dramatisk, og det er behov for nye tankar om korleis vi snur det, legg han til.
Furuly opplyser at Troms Høgre, i etterkant av intervjua med NRK, har trekt seg frå forslaget.
Redaksjonskomiteen har innstilt på å avvisa begge forslaga.
Fylkesleiar i Troms Høgre, Benjamin Furuly.
Foto: Henrik Einangshaug / NRKTvangsflytte elevar?
Ved fleire skular, blant anna i Oslo, er delen minoritetsspråklege elevar langt høgare enn 25 prosent.
På spørsmål om Høgre, dersom forslaget får fleirtal på landsmøtet, vil flytte «feil» elevar, svarer Velure:
– Det står «ønske». Det står ikkje at det er eit forbod eller eit påbod. Dette er ein styringsambisjon som ein allereie har mange stader i Danmark. Det er også enda strengare reglar for det i visse delar av Danmark, seier Velure, som sjølv er fødd og oppvaksen i nettopp Danmark.
Ho understrekar at partiet har dette som ein styringsambisjon og bevisstgjering, ikkje som noko som skal følgast til punkt og prikke.
– Det er ikkje snakk om tvang. Dette skal gjerast med klokskap, og det skal gjerast med lokal tilpassing. Der geografien tilseier at det er heilt urimeleg og vanskeleg å få til, så skal det sjølvsagt vere unntak, forsikrar ho.
Fryktar bussing
Unge Venstre meiner også at Noreg treng ein ny busettingspolitikk, der ein stiller strengare krav til dei som blir busette for at dei skal få støtte. Ei minoritetsgrense i grunnskulen meiner dei blir feil.
– Eg fryktar at resultatet av den politikken blir at ein må busse elevar. Vi veit bussing av elevar tvert imot vil sørge for at ein kan få dårlegare integrering og auka stigmatisering, seier Omar Svendsen-Yagci.
Velure er presentert for kritikken frå Svendsen-Yagci, men har ikkje ønskt å kommentere kritikken. Dette da partiet vil «ønske» ei slik grense, ikkje at ho skal vere hogd i stein.
Ap og Høgre kappast om å stramme inn politikken. Innvandringsdebatten har havarert, meiner AUF-leiar Gaute Skjervø.
Publisert 13.02.2026, kl. 16.30












English (US)