– Det har vore innhaldsrikt. Det har vore mykje, så det blir spesielt å få litt pause til å absorbere alle inntrykk, seier Sturla Holm Lægreid til NRK.
29-åringen frå Bærum har lagt bak seg ein sesong med både høge toppar og djupe dalar.
Det heile blei avslutta med fantastiske dagar på heimebane i Holmenkollen, der han vann to av tre renn.
– Avslutninga her har gitt meg mykje glede, så det tar eg verkeleg med meg vidare, fortel den norske skiskyttaren.
GRUNN TIL Å JUBLA: Ei fantastisk avslutning på sesongen sørgde for at Sturla Holm Lægreid vann sprintcupen samanlagt.
Foto: MATHIAS BERGELD / BildbyrånPRIKKFRI SKYTING: Sturla Holm Lægreid traff 20 av 20 blinkar under jaktstarten på heimebane.
Foto: Mathias Bergeld / BildbyrånDUELL: Det enda opp med ein intens spurt om sigeren mot fransk/norske Éric Perrot. Den gjekk Lægreid sigrande ut av og tok sin sjuande strake siger i verdscupen – hans femte individuelt.
Foto: Mathias Bergeld / BildbyrånKONGEMØTE: Lægreid har vore kongen av skiskyting etter OL og fekk møta den ekte kongen, kong Harald og dronning Sonja.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Ein betre versjon av meg sjølv
Resultata har blitt gradvis betre gjennom vinteren, og mot slutten av sesongen var Lægreid den beste mannlege skiskyttaren i verda.
29-åringen stod med heile sju strake verdscupsigrar på rad fram til Johan-Olav Botn vann den avsluttande fellesstarten søndag.
Det har sørgt for at smilet og det gode humøret er tilbake
– Eg føler at eg har funne tilbake til meg sjølv gjennom alt som har skjedd. Eg vil seie at eg har komme styrkt ut av alt eg har vore gjennom, fortel han.
For det har blåst kraftig rundt Lægreid gjennom denne sesongen.
Han blei sett på som den naturlege arvtakaren til Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø, men det stemte ikkje heilt sportsleg frå start av.
VANN VERDSCUPEN: Sturla Holm Lægreid vann verdscupen i 2024/25-sesongen framfor Johannes Thingnes Bø.
Foto: Terje Pedersen / NTBFør jul hadde han ikkje ein einaste individuell pallplass i verdscupen, og inn mot OL var det usikkert om han ville få gå meir enn normaldistansen.
På normalen i Anterselva imponerte derimot Bærum-løparen med å gå inn til bronsemedalje. Så sleppte han bomba som resulterte i overskrifter over heile verda.
Under det direktesende NRK-intervjuet innrømte skiskyttaren utruskap.
– Kva skal ein seie? Alle som har vore gjennom tøffe ting lærer noko om seg sjølve. Da har ein sjansen til enten å grave seg ned eller bruke det til å gro inn i den personen ein eigentleg meiner ein er, fortel Lægreid.
MATTE SVARE PÅ SPØRSMÅL: Sturla Holm Lægreid måtte svare på ei rekke spørsmål etter NRK-intervjuet.
Foto: Heiko Junge / NTBI etterkant av det omstridde intervjuet har det storma rundt den norske skiskyttarstjerna. Samtidig har resultata på idrettsbanen blitt betre og betre.
– Eg kjenner eg verkeleg har brukt det vanskelege til å forme meg til ein betre versjon av meg sjølv, seier han.
Nytt perspektiv
Sjølv om det utvilsamt var tøft å stå i den utanomsportslege stormen, meiner Lægreid at det først og fremst har bidratt til læring.
– Kva har du lært?
– Litt av kvart, men mest av alt at ein ikkje skal gi opp. Ein må alltid kjempe vidare, og det er alltid viktig å ha draumar og mål. Ein må ha eit syn på korleis ting kan bli betre, svarer 29-åringen.
Lagkameratane har også merka ei endring hos Lægreid gjennom sesongen i vinter.
– Eg trur først og fremst at han har fått eit anna perspektiv på livet og idretten, seier Vetle Sjåstad Christiansen.
Veteranen har sjølv lært mykje gjennom ein lang karriere.
– Toppidretten kan bli litt altoppslukande og du kan miste gangsynet. Kanskje du tar litt vel egoistiske val oppi det heile. Ein mistar litt sidesyn, og ein kan få tvangstankar.
– Ein veit at folk jagar deg heile tida, og da blir ein livredd for å tape sekund på sommaren, sjølv om det kanskje er best å slappe av og ta nokre andre val, seier Sjåstad Christiansen.
DUO: Vetle Sjåstad Christiansen har sett ei ny utgåve av Sturla Holm Lægreid. Her er duoen avbilda etter sprinten i OL.
Foto: Matthew Childs / REUTERS,NTBEtter alt som har skjedd gjennom vinteren, trur 33-åringen at Lægreid no har skjønt at livet består av meir enn berre toppidrett.
– Eg trur Sturla verkeleg har fått auga opp for at det er andre ting enn skiskyting som også er viktig. Han er veldig interessert i både musikk, verdsrommet og Pokémon. Det at han kan fokusere enda meir på det og framleis gjere det like bra i skiskyting, det trur eg absolutt.
Johannes Dale-Skjevdal meiner den einaste som kan svare på korleis Lægreid har utvikla seg som person er han sjølv.
– Men den stormen har kanskje forandra han litt som menneske. Det er mogleg han kom ut på andre sida som noko anna.
– Akkurat kva endringa er, trur eg han veit best sjølv. Men han har i alle fall lært seg å stå i ein storm, for det fekk han verkeleg kjenne på i OL, seier Dale-Skjevdal.
OL-MEDALJØRAR: Johannes Dale-Skjevdal vann OL-fellesstarten føre Sturla Holm Lægreid.
Foto: APKoplar av
No tar dei beste skiskyttarane i verda ein etterlengta pause frå verdscupsirkuset.
Tida fram mot neste sesong skal fyllast med både det eine og det andre for Lægreid sin del.
– Eg skal på kino og sjå «Project Hail Mary». Det er ei bok eg har lese to gonger, så den gleder eg meg til. Og så skal eg på motorsykkelkurs. Det er litt godt og blanda, fortel han.
Men geværet blir ikkje lagt vekk heilt enno.
– Eg må ikkje gløyme klubbmeisterskapen. Det er på tysdag, så det blir hardt, seier Lægreid med eit smil.
Dei norske skiskyttarane avsluttar sesongen med NM i April. Om Lægreid stiller til start der er framleis usikkert, men du kan uansett sjå kvart renn på NRK TV.
Publisert 23.03.2026, kl. 13.33 Oppdatert 23.03.2026, kl. 13.38











English (US)