Oppgang på børsane i Asia

3 weeks ago 23



Børsane i Asia har fått ein oppsving tysdag etter ein turbulent måndag med store børsfall.

Nikkei-indeksen, som hadde ein nedgang på 7,8 prosent måndag, steig med 6,4 prosent etter eit par timar med handel tysdag.

Hang Seng-indeksen i Hongkong fall med 13,2 prosent måndag, som er den største børsfallet på ein dag ved børsen i Hongkong sidan 1997. Etter ein dryg times handel steig indeksen med 2,5 prosent.

Nedgang på børsane

  • Kva er ein børs?

    Ein børs er ein marknadsplass der det går føre seg kjøp og sal av verdipapir. Verdipapir representerer ofte pengekrav. Dette kan vere aksjar, obligasjonar og kontraktar. Eigaren av verdipapira har økonomiske rettar knytt desse, som for eksempel pengar i form av utbytte frå bedrifter.

    Det finst over 60 store børsar rundt i verda. Noregs børs heiter Oslo Børs.

  • Kva betyr det at børsane fell?

    Ein kallar det eit børsfall når prisane på aksjar som blir omsette på børs søkk kraftig på same tid. Dette skjer etter politiske endringar, økonomiske nyheiter eller endringar i marknadene. Investorar har mista trua på at selskapet skal tene pengar som følge av endringa. 

    Aksjar er eigardelar i eit selskap som kan kjøpast og seljast. Ein aksje gir rett på ein del av overskotet i selskapet. Når fleire investorar vil selje enn det er investorar som vil kjøpe aksjar i eit selskap, må seljarar akseptere lågare prisar for å få selt aksjane sine. Da har verdiane på aksjane falle. 

  • Kvifor fell børsane nå?

    Førre veke innførte USAs president Donald Trump toll på import frå ei rekke land.

    Bedrifter rundt om i verda er nå usikre på framtida. I ei tid med økonomisk usikkerheit, er det vanskeleg for bedriftene å planlegge store investeringsavgjerder. Mange bedrifter veit ikkje kor det er lurt å eksportere varene sine og gjere investeringar. I tider med økonomisk usikkerheit, ønsker dei fleste å ha pengane sine trygt plassert. Det gjer at mange sel eigarandelane sine i bedriftene, som gjer at børsane fell. Akskjeeigarane har mindre tru på at dei kan tene pengar på å eige aksjar i selskapa, og sel seg derfor ut.

  • Kva er ein aksje?

    Aksje er ein eigardel i aksjeselskap. Eigarane av aksjane i eit selskap har krav på overskot når dette blir betalt ut i form av utbytte frå selskapet.

    Verdiane i eit selskap kan kjøpast og seljast på børsane.

  • Kva er hovudindeksen?

    Ein indikator på korleis aksjemarknaden går i eit land. Ved Oslo Børs er indeksen sett saman av dei mest omsette aksjane på børsen

Også Shanghai og i Australia har børsane stige tysdag etter børsfall dagen før.

Like over klokka 06.30 såg situasjonen slik ut:

  • Nikkei-indeksen i Tokyo: Opp med 5,01 prosent
  • Hang Seng i Hongkong: Opp med 1,58 prosent
  • Shanghai-børsen: Opp med 0,91 prosent
  • S&P/ASX 200 i Australia: Opp med 1,77 prosent

Fall i enkelte børsar

Børsane i Indonesia, Thailand og Vietnam var stengt måndag på grunn av høgtidsfeiringar. Dei opna med børsfall tysdag.

I Jakarta blei handelen stengt i 30 minutt då hovudindeksen fall med meir enn 9 prosent etter opninga. Også i Vietnam var det ein nedgang på 3,5 prosent.

I Thailand opna børsen med eit fall på over 4 prosent etter opning.

Turbulent i Europa og USA

Også Europa hadde store svingingar på børsane måndag. For Oslo Børs starta dagen med kraftige børsfall. Men mot slutten av dagen snudde det, og hovudindeksen enda med ein nedgang på 0,4 prosent ved stenging.

Dax-indeksen i Frankfurt hadde eit fall på 4,1 prosent måndag.

Også Wall Street hadde kraftige fall då dei opna måndag, men då dei amerikanske børsane stengde måndag kveld, norsk tid, hadde den breie indeksen S&P 500 ein nedgang på 0,23 prosent.

Nasdaq steig svakt med 0,10 prosent, medan Dow Jones fall med 0,91 prosent måndag.

Skuldar på Trump-toll

Uroa på børsane blir sett i samanheng med USAs president Donald Trumps tollpolitikk.

Han har innført minst 10 prosent toll på all vareimport til USA, og ein ekstratoll på varer frå rundt 60 land som Trump kallar «verstingland».

Dette må du vite om toll

  • Hva er toll?

    Toll er en avgift staten legger på varer som kommer inn i landet.

    Norge krever for eksempel toll på ost som importeres fra utlandet. Det gjør at ost fra utlandet koster mer her hjemme, sammenlignet med ost fra norske produsenter.

    Kilde: Regjeringen/Store norske leksikon

  • Hvordan fungerer det?

    Det er bedriften eller personen som importerer varen som betaler tollen. Det skjer når varen passerer grensen.

    Inntektene fra tollen går til landet som har ilagt den.

    Siden det da koster mer å selge en vare, kan en bedrift sette opp prisen på produktet for å dekke inn kostnaden av tollen.

    Slik kan kostnaden av toll gå ut over forbrukerne.

  • Hva er formålet?

    Spesielt to argumenter for toll trekkes frem:

    1. Styrking av et lands egne bedrifter mot konkurranse fra utlandet
    2. Inntekter til staten

    Toll gjør at utenlandske varer blir dyrere for forbrukere i landet de importeres til. Ved å gjøre disse varene dyrere, kan staten håpe at folk heller vil kjøpe lokale produkter.

    Noen mener dermed at toll på importerte varer kan beskytte et lands egne bedrifter mot konkurranse fra utlandet.

    Og siden toll i praksis gir staten ekstra kroner for en vare som sendes over grensen, mener noen at dette vil gi staten mer inntekter.

    Donald Trump trekker også frem et tredje argument: nemlig å bruke toll som et forhandlingskort eller pressmiddel.

  • Hva har Trump gjort?

    Donald Trump har sagt at han er en stor tilhenger av toll.

    Den amerikanske presidenten er imot frihandel. Frihandel betyr at varer kan eksporteres uten toll, på tvers av landegrenser.

    USA innfører nå en minimumstoll på 10 prosent mot alle land.

    På toppen av det vil ulike land få enda mer toll, avhengig av hva de eksporterer og hvor mye de eksporterer til USA.

    Regjeringen anslår at alle norske varer som sendes til USA får en toll på 15 prosent.

  • Hvilke konsekvenser får dette for Norge?

    Folk og bedrifter i Norge vil rammes av USAs nye tollsatser:

    Norge eksporterer varer verdt over 60 milliarder kroner til USA årlig. Disse varene blir nå dyrere i USA.

    1. Norske bedrifter kan dermed miste kunder
    2. Hvis Norge svarer med toll mot USA, kan utenlandske varer bli dyrere her hjemme
    3. Høyere priser kan føre til høyere inflasjon

    Norske varer som sendes til EU, Kina eller andre land kan også bli rammet. Det skjer fordi USA krever økt toll fra flere land.

    Norske bedrifter kan dermed bli nødt til å kutte arbeidsplasser.

    Hvis inflasjonen i Norge fortsetter å være høy, vil Norges bank trolig ikke sette ned renta.

Kina er særleg hardt ramma. Fredag sa dei at dei ville svare på den amerikanske tollen, og måndag blei dei truga med ein ekstratoll på 50 prosent, som vil føre til at kinesiske varer får 104 prosent toll ved import til USA.

Publisert 08.04.2025, kl. 06.39 Oppdatert 08.04.2025, kl. 06.46

Read Entire Article