Opprør blant fastlegar

18 hours ago 2



Frå 1. juli blir det innført nye sjukefråværstakstar som skal gjere det meir lønnsamt for fastlegane å gi graderte sjukemeldingar enn heiltidssjukemeldingar.

Den nye ordninga er forhandla fram av staten og legeforeininga, og har utløyst ein storm av protestar frå fastlegar. Fleire enn kvar femte fastlege i Noreg har no skrive under på eit opprop i protest.

Kan påverke avgjerda til fastlegen

Ein av dei som reagerer er fastlege Jon-Michael Knutsen. Han meiner dei nye takstane er statleg innblanding i det som bør vere opp til legen sjølv.

en mann som sitter ved et skrivebord med en datamaskin (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Fastlegen meiner pasientoppfølginga bør styrast heilt uavhengig av statlege takstendringar.

Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

– Følger du nøyaktig same arbeid, vil ein lege bli påskjønna med 199 kroner dersom pasienten går ut døra med ei full sjukemelding, eller 419 kroner dersom pasienten går ut med ei gradert sjukemelding, forklarer Knutsen.

Han meiner ordninga set legane i eit dilemma: Enten må dei endre praksis i tråd med ønska til myndigheitene, eller så må dei akseptere ei mykje lågare lønn.

Prisliste

Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

– For min eigen del har eg rekna på at tapet vil vere på cirka 160.000 kr i året fordi eg ikkje kjem til å dra sjuke menneske ut i jobb for pengar, seier han.

Meiner takstane premierer tidsbruk og oppfølging

Statssekretær Renate Tårnes (Ap) i Helse- og omsorgsdepartementet forsvarer omlegginga. Ho understrekar at regjeringa har som mål å redusere sjukefråværet og hjelpe fleire til å jobbe med den helsa dei har.

Renate Tårnes

Statssekretær Renate Tårnes (Ap) understrekar at målet med dei nye satsane er å få ned sjukefråværet.

Foto: Sandra Skillingsås,Arbeiderpartiet

– Fastlegeordninga har alltid vore organisert og finansiert gjennom eit takstsystem, så dette prinsippet er ikkje nytt. Det vil framleis vere det medisinfaglege skjønnet til legane som avgjer ei sjukemelding, seier Tårnes.

Ho meiner den nye pakken påskjønnar legane for å faktisk sette av tid til dei grundige samtalane.

– Før var det betre betalt å skrive ut ei sjukemelding raskt. Mens no får fastlegen betre betalt for å sette av tid saman med pasienten og ta samtalen om kva som skal til for å stå i jobb, seier statssekretæren.

Ekspert har lita tru på dei nye takstane

Arnstein Mykletun, professor i helsetenesteforsking, forklarer at dagens finansieringsordning til fastlegane gir betaling per prosedyre og per konsultasjon, og ikkje for tida dei bruker med pasienten. Han påpeikar at det finst mange ulike takstar frå før.

Arnstein Mykletun

I staden for dagens stykkprisordning, argumenterer professor Arnstein Mykletun for at ordninga bør gå over til ei rein tidsbasert løysing.

Foto: Ole Jørgen Kolstadbråten

– Eg trur ikkje den nye taksten vil verke som tilsikta. Problemet er at han også kan brukast når sjukemelding ikkje er ein relevant problematikk. Det blir ein skjønnsbasert takst utan krav til tidsbruk, som gjer at fastlegar kan bruke han på pasientar sjølv om det eigentleg ikkje var eit reelt tema i det heile, forklarer Mykletun.

Professoren trur heller ikkje at den nye taksten vil gjere nokon særleg forskjell på sjukefråværet.

– Verkemidla er ikkje målretta eller tydelege nok. I tillegg så er ein ganske stor del av fastlegane sterkt imot dette grepet. Det i seg sjølv kan gjere at dette ikkje får den tilsikta effekten, seier Mykletun.

Publisert 01.07.2026, kl. 13.08 Oppdatert 01.07.2026, kl. 13.47

Read Entire Article