Innkallinga til møtet i det militære styret NCA, National Command Authority, skjer etter at både Pakistan og India har angripe kvarandre med missil natt til laurdag.
Pakistans statsminister Shebaz Sharif leier sjølv NCA som har ansvaret for atomvåpenprogrammet i landet.
Men førebels er det ikkje planlagt noko møte i dette styret, seier forsvarsministeren til Ary TV ifølge Reuters.
Utsegna frå statsministeren kom etter at India tidlegare på natta angreip pakistanske militærbasar. Pakistan svarte så med motangrep mot indiske militære mål.
Den pakistanske atomvåpenmyndigheita er det øvste organet i landet.
Det består av sivile og militære leiarar har ansvar for å ta avgjerder knytte til blant anna atomvåpena i landet.
Tilbyr hjelp frå USA
Laurdag morgon norsk tid melder det amerikanske utanriksdepartementet at utanriksminister Marco Rubio har snakka med Pakistans forsvarssjef Asim Munir.
Han har òg vore i kontakt med den indiske forsvarsministeren Subrahmanyam Jaishankar, skriv Reuters.
Rubio oppfordrar enda ein gong landa til å deeskalera situasjonen, står det i utsegna.
Utanriksminister Marco Rubio har snakka med Pakistans forsvarssjef
Foto: AP / NTBHan tilbyr òg hjelp frå USA til å få i gang konstruktive samtalar slik at ein kan unngå framtidige konfliktar i området.
Ei utsegn frå den pakistanske forsvarsministeren laurdag morgon kan tyda på at landet ynskjer at USA skal ha ei rolle.
– Det einaste landet som kan spela ei effektiv rolle i forhandlingane mellom India og Pakistan, er USA, seier han til Ary TV ifølge Reuters.
Dette må du vite om Kashmir-konflikten
- Hva er Kashmir?
Kashmir er et område i Himalaya-fjellene i Asia, i landene Pakistan, India og Kina. Innbyggerne i Kashmir er for det meste muslimer. Rundt 20 prosent er hinduer. India kontrollerer to tredeler av området.
- Hvorfor er det konflikt der?
Pakistan og India har vært i strid om Kashmir-området siden de ble selvstendige da Britisk India ble delt opp i 1947. Begge landene gjør krav på området. I tillegg vil mange at Kashmir skal være selvstendig.
India og Pakistan – som begge har atomvåpen – står nå på hver sin side av en militært kontrollert delelinje, en såkalt «Line of Control».
- Hva har skjedd gjennom årene?
Striden har utløst flere kriger, i 1947, 1965 og 1999.
Siden 1989 har det også pågått et opprør i den indiske delen av Kashmir, som har kostet over 47.000 mennesker livet. India anklager Pakistan for å støtte opprører.
India og Pakistan ble enige om en våpenhvile i 2003, men fredsprosessen har vært vanskelig, særlig etter et terrorangrep i Mumbai i India i 2008.
- Hva har skjedd nå?
I begynnelsen av mai i år angrep India flere pakistanske mål i Kashmir. Angrepet er et svar på at 26 hinduistiske turister ble drept i Kashmir i april. India anklager Pakistan for å stå bak turistangrepet.
Pakistan svarte med å angripe indiske mål.
Et titalls personer er drept og såret i angrepene fra begge sider.
- Hvilke reaksjoner har kommet på angrepene?
Generalsekretæren i FN sier han er veldig bekymret over angrepene fra begge sider, og maner til militær tilbakeholdenhet.
Det samme gjør Norges utenriksminister Espen Barth Eide.
USAs president Trump kaller angrepene en skam, og håper de tar slutt fort. Utenriksministeren i USA har snakket med sikkerhetsrådgivere i begge land.
Også Kina er bekymret for utviklingen, og maner til ro.
Meldingar om eksplosjonar
Frå indisk side er det meldt om angrep mot millionbyen Amritsar. Fleire dronar skal vere skotne ned.
Også i Kashmir, som striden mellom dei to atommaktene handlar om, har det vore angrep.
Indisk politi uttalte i morgontimane at fem menneske er drepne i pakistanske angrep mot regionen Jammu.
Redningsarbeidarar undersøker ein bygning i Jammu i India etter eit pakistansk angrep natt til laurdag.
Foto: Channi Anand / AP / NTBSkal ha angripe tre basar
Det skjer etter at Pakistan tidlegare på natta hevda at India har angripe tre militærbasar med rakettar. Dei fleste blei skotne ned, ifølge militæret.
Det er også meldt om lyd av eksplosjonar i pakistanske Peshawar, seier vitne til Reuters.
Indiske kampfly har sendt rakettar mot fleire militærbasar, blant dei ein luftbase i Rawalpindi. Det uttalte talsmann for det pakistanske forsvaret Ahmed Sharif Chaudhry.
– India, med den nakne aggresjonen sin, har angripe med rakettar. Nur Khan-basen, Murid-basen og Shorkot-basen har vorte råka, sa han.
Han åtvara samstundes om at India kunne venta seg eit svar.
Pakistan hevdar laurdag morgon lokal tid mellom anna at dei har øydelagt eit depot for indiske Brahos-missil.
Sikkerheitsstyrkar på ein veg nær militærbasen Nur Khan etter eit indisk angrep natt til laurdag.
Foto: AAMIR QURESHI / AFP / NTBIfølge Chaudhry vart mesteparten av rakettane avskorne av pakistansk luftvern. Resten av rakettane som kom seg gjennom luftvernet, trefte ikkje nokre av måla, ifølge talsmannen.
Nur Khan-basen ligg i Rawalpindi i utkanten av hovudstaden Islamabad, nær hovudkvarteret til den pakistanske hæren.
Chaudhry hevdar at Pakistan har sikra seg elektroniske spor frå alle rakettane og kor dei vart sende frå.
Ei kjelde i det indiske forsvaret stadfestar til Reuters at luftforsvaret har operasjonar i Pakistan.
Pakistanske luftfartsstyresmakter har varsla at luftrommet i landet vert stengd for alle flygingar frå klokka 03.15 til klokka 12 laurdag.
Minst 48 menneske skal vera drepne i konflikten mellom dei to atommaktene denne veka.
G7 ber India og Pakistan halda seg tilbake
G7-landa oppfordrar India og Pakistan til å vise maksimalt atterhald og gå i direkte dialog for å finne ei fredeleg løysing etter angrepet dei siste dagane mellom dei to atommaktene.
Publisert 10.05.2025, kl. 02.49 Oppdatert 10.05.2025, kl. 07.26