Fleire fryktar at dette i praksis betyr nedlegging av lokalsjukehuset.
Torsdag var det styremøte i Helse Førde. Her skulle dei blant anna ta ei slutning om den ortopediske avdelinga skulle samlast i Førde.
Det har ført til sterke reaksjonar frå dei lokale.
Silje Marit Fosse Hjelmeland er hovudtillitsvalt for sjukepleiarane på sjukehuset i Lærdal. Ho fortel til VG at dette er ein trist dag for Lærdal.
– Det var som forventa, men det er tungt å stå i. Ein vert skuffa og lei seg, og fleire kjem til å mista jobben.
Den nedlagde avdelinga er forventa å føre til at 40 arbeidsplassar vil bli vekke, og samtidig gjere at Helse Førde sparar om lag 24 millionar kroner, ifølgje Sogn Avis.
Fosse Hjelmeland fortel at ho fylgde med på styremøtet saman med kollegaene sine.
– Me har prøvt å ta i mot dei reaksjonane som kjem. Det har vore tårer og galgenhumor. Det har vore alt.
Møtet varte i to timar.
Fosse Hjelmeland er sjølv tilsett 80 prosent på den ortopediske avdelinga, og fortel at hennar stilling vil forsvinne.
Lærdal sjukehus vil likevel tilby ortopedisk klinikk inntil tre dagar i veka.
Vidare fortel ho at dei har prøvt å få rikspolitikarane til å overprøve vedtaket, men utan hell.
– Det ser svart ut. Det verkar ikkje å vera noko vilje til å kome med pengar. Og så lenge det ikkje er pengar involvert, så vil det ikkje forandre noko.
20 gode år på sjukehuset
– Eg synest dette er bittert.
Det seier tidlegare avdelingsoverlege Truls Jellestad (73).
– Den ortopediske aktiviteten i Lærdal byggja me opp frå 2004, og på det tidspunktet me byrja så blei det faktisk avgjort at avdelinga skulle bli. Og no er me her igjen.
Jellestad skryt av arbeidsplassen, og fortel at det har vore 20 gode år.
– Det har vore ein godt samansveisa og flott gjeng å jobbe saman med. Me har hatt veldig gode resultat og høg anerkjenning blant pasientar, fagmiljø, kollegaer og befolkning.
Han fortel at nedlegginga går innpå han personleg.
– Eg har investert mykje tid og engasjement i dette prosjektet, og det har blitt til noko ein kan vera stolt av. Det er gjeld mange her.
Ei sak med stort engasjement
Ordførar i Lærdal kommune, Audun Mo, fortel til VG at han er skuffa over vedtaket.
– Ein mistar mange arbeidsplassar, og i ei lita bygd som dette så har det kjempestor betydning. Beredskapen kjem til å bli kraftig redusert, meiner han.
Mo har medkjensle med dei tilsette, og fortel at folk vart oppgitt og litt lei seg under styremøtet.
– Det var nok mange som tenkte at det kom til å gå denne vegen, men at dei håpte det kunne bli betre. Likevel går det meir inn på ein når det faktisk vert verkelegheit.
Det har vore eit stort engasjement rundt saka, og på møtet var det mange som deltok. Mo fortel at det kom ein heil buss frå Lærdal som reiste skuffa heim att.
– Denne avgjersla gjekk nok inn på styret, for det er ikkje mange saker som har hatt eit slikt engasjement, meiner Mo.
Har du tips?
Send oss informasjon, bilder eller video.

1 hour ago
1






English (US)