I Oslofjorden har partiklar frå bildekk blitt eit enormt problem.
Både dyr og blåskjel blir ramma.
– Alvorleg
Partiklane blir slitne laus under køyring og inneheld både syntetisk gummi og miljøskadelege kjemikaliar.
I tillegg er granulat frå kunstgrasbanar ei stor kjelde til forureininga.
Granulat frå fotballbaner er ei stor utfordring for miljøet. Her frå Husøy i Vestfold, med Oslofjorden i bakgrunnen.
Foto: John-Andre Samuelsen / NRKBegge delar er giftig for dyrelivet, og kan transporterast langt med luft og vatn.
Dei nyaste resultata frå Mikronor-programmet, som forskarar ved NIVA gjennomfører på oppdrag frå Miljødirektoratet, viser at den mest utbreidde mikroplasttypen i norsk natur er nettopp bildekkpartiklar.
Hilde Singsaas, direktør i Miljødirektoratet.
Foto: Terje Pedersen / NTB– Når vi veit at dette også inneheld miljøskadelege stoff, er desse funna alvorlege, seier Hilde Singsaas.
Ho er direktør i Miljødirektoratet.
Spreier seg raskt
Resultata i år viser at opptil 3 prosent av sedimenta i indre Oslofjord består av bildekkpartiklar, målt etter vekt.
Dette er blant dei høgaste nivåa som er målte i norsk natur og gjev grunn til bekymring for miljøpåverknad.
Det seier Anne Parborg, fungerande seksjonsleiar i direktoratet.
– Det er veldig høge nivå.
Resultatet av NIVAS forsking bekymrar.
Foto: Merete Schøyen, NIVADei har også tatt luftprøver, og funne partiklar frå bildekk i nær sagt alle urbane område, seier ho til NRK.
Partiklane er funne så langt nord som Svalbard.
– Dette tyder også på at det er langtransportert forureining, seier Parborg.
Bekymra for blåskjel
Blåskjel er også testa undervegs i forskinga.
Det blei funne bildekkpartiklar i blåskjel frå alle stasjonar som blei undersøkte.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKOgså her var resultata nedslåande.
Nivåa varierte, men det blei funne bildekkpartiklar i blåskjel frå alle stasjonar som blei undersøkte.
Dette gjev grunn til bekymring for biologiske effektar og mogleg overføring i næringskjeda, meiner Miljødirektoratet.
Folk NRK snakkar med på gata i Tønsberg synest forskingsresultata er skremmande.
Eum-Jung Five og Kjell Norderhaug synest undersøkinga er urovekkande, og vil avstå frå å ete blåskjel frå Oslofjorden framover.
Foto: John-Andre Samuelsen / NRK– Eg vil gjerne ete blåskjel, det er jo kjempegodt, men det er urovekkande å høyre kva du seier, meiner Kjell Norderhaug.
– Eg ville aldri ete det herfrå, seier Eum-Jung Five.
Eirik Lindsholm likar heller ikkje det han blir fortald.
Eirik Lindsholm.
Foto: John-Andre Samuelsen / NRK– Eg tenker mykje på mikroplast. Det har jo blitt eit kjempestort problem for dyr og livet i havet, meiner han.
Det er Elisabeth Eek einig i.
– Eg er generelt bekymra for alle miljøgifter ute i sjøen vår.
– Kan gjere meir
Miljødirektoratet opplyser at avrenning frå tette overflater og vegar i byane er ei av dei viktigaste kjeldene for bildekkpartiklar til miljøet.
Lokale reinseløysingar kan likevel bidra til å forhindre vidare spreiing.
Frank Pedersen, ordførar i Tønsberg (H).
Foto: Andreas Molland / NRKI Tønsberg kommune prøver dei å gjere så mykje som mogleg, seier ordførar Frank Pedersen (H), som seier han er bekymra for framtida til fjorden.
– Slike rapportar gjev oss eit viktig kunnskapsgrunnlag for å sjå kva for nokre ytterlege tiltak som kan gjennomførast.
– Vi gjer mykje bra, men det er tydeleg at vi må sjå på heilskapen og gjere enda meir for å unngå at mikroplast og gummigranulat hamnar i Oslofjorden.
Publisert 22.10.2025, kl. 18.08