Eg er feminist, vil jobbe, og aldri tilbake til ei tid der kvinner var avhengige av ein mann som forsørgde henne.
Samtidig meiner eg det er på høg tid at også feministar og venstresida anerkjenner barns biologiske og utviklingsmessige behov, sjølv når det går på tvers av arbeidslinja.
– Jeg ville aldri sendt en ettåring i barnehage, seier KrFU-leiar Hovland i VG. Ho legg til at det er «en syk kultur når vi topper statistikken for å ha de minste i barnehage.»
Sjølv om eg er ueinig i det meste KrFU og Hovland står for politisk, er eg heilt einig i at det vitnar om ein sjuk kultur når 84 prosent av eittåringar blir sendt i barnehagen – og at det ikkje er lov å problematisere.
Me ser dette i klårtekst når folk angrip Hovland for å påføre foreldre skam, medan ingen rynkar på nasen av at me sender babyar på ti månader i barnehagen.
Arbeidslinja står så høgt at det ikkje er rom for å snakke høgt om dette utan å bli kalla antifeminist eller avvist for å «påføre foreldre skam».
Det burde vere eit alarmsignal.
Det verkar som me kollektivt har fått eit slags stockholmssyndrom på patriarkatet og kapitalismen sitt ideal om at lønna arbeid utanfor huset er det viktigaste, og at alt anna er nedprioritert.
Venstresida gjer seg dumme om dei meiner at det å problematisere så tidleg institusjonalisering av barn som samfunnsnorm, kan avfeiast som antifeministisk og kristenkonservativt.
Det er ikkje sånn at den einaste løysinga for å sikre barn litt meir tid med foreldra, er at alle kvinner må vere 100 prosent heimeverande og bli forsørgde av ein mann.
Eg opplever at Hovland peikar på ein kultur og ein politikk som har gjort det enten praktisk umogleg, sosialt uakseptert eller til eit enormt, risikofylt og økonomisk tapsprosjekt å velje noko anna enn hamsterhjulmodellen og 100 prosent stilling.
Misforstå meg rett: det er fantastisk at det finst barnehage for alle, og at det gjorde det mogleg for kvinner å tre inn i arbeidslivet. Samtidig trur eg det har vore med på å påverke kulturen og korleis me ser på tilknyting og barns behov.
I dag er samfunnsnorma at barn får vere heime med foreldra i 10–12 månader til permisjonspengane tek slutt, og så starte i barnehage med tre dagars tilvenning og ha åtte–ni timar i ein underbemanna, stressa barnehagekvardag kvar dag.
Utviklingsmessig skulle menneskebabyar vore fødde 12 månader seinare enn dei blir. Dei er fullstendig avhengige av sine nære, og trygg tilknyting skjer i ro med primæromsorgspersonane, særleg dei to–tre første åra.
Eg meiner det er heilt openbert at heiltidsbarnehage for eittåringar ikkje finst primært for eittåringane si skuld, men først og fremst for å få mor og far tilbake i arbeidslivet.
«Å gå i en god barnehage er et gode for barn, ikke en del av en syk kultur der vi ‹outsourcer› omsorg», skriv barneombod Mina Gerhardsen på Facebook.
Men når den gjengse eittåring er åtte–ni timar i barnehagen og knappe tre fire – timar med foreldra i løpet av ein dag, så er det jo nettopp outsourcing av omsorg som skjer.
Me har skapt ein kultur der idealet er at det å få barn skal påverke deg i minst mogleg grad. Det er forventa at eittåringen skal i barnehage, og du blir sett rart på om toåringen er heime.
Dei minste barna har ikkje ei stemme i debatten, skriv kronikkforfattaren. (Bildet.)
Foto: privatOmsorgsarbeidet som blir gjort, både lønna og ulønt, blir konsekvent undervurdert.
Me bur ikkje lenger nær storfamilien som i andre kulturar, og mange har ikkje nære omsorgspersonar rundt seg. Samstundes er det forventa at alle skal jobbe 100 prosent, og det er eit vilt press for å oppretthalde arbeidslinja.
Familiar fell mellom to stolar i eit system som påstår å vere familievennleg, men som i praksis gjer det vanskeleg å velje noko anna enn hamsterhjulet. For dei fleste er det ikkje eit reelt val å kunne la ungane vere litt lenger heime eller velje andre løysingar enn standardmalen.
Ofte er svaret til venstresida i slike debattar tidlegare barnehagestart, betre bemanning og rullerande opptak.
Men barns beste er ikkje alltid meir separasjon.
Dei minste barna har ikkje ei stemme i denne debatten. Dei er heilt avhengige av at me vaksne tek ansvar, også når arbeidslinja må vike. Det må det gå an å seie høgt, utan å få panikk fordi det kan gje dårleg samvit, eller fordi nokon meiner det er antifeministisk, viss me faktisk ønskjer å finne dei beste løysingane for barna og framtida.
Me kan fint sikre barn betre tilknyting og meir tid med foreldra utan å sende kvinner tilbake til kjøkkenbenken.
For å sikre god tilknyting til dei næraste omsorgspersonane for dei minste barna, går det til dømes an å innføre kortare arbeidsdagar med full lønn, lengre permisjon, betre støtteordningar for dei som vel å vere heime litt lenger, lågare skattar for familiar, fleire sjukedagar, og meir høve til å lene seg på storfamilien.
Det er på høg tid å setje barns beste først, og sjå at det også gagnar velferdsstaten og arbeidslinja.
Me kan ikkje la KrF og kristenkonservative få monopol på å løfte familiar og barns beste, og gjere det til ein feminist- eller skamdebatt i staden for det det faktisk handlar om: barna.
Publisert 20.05.2026, kl. 16.45












English (US)