– Han seier jo at cellegift ikkje verkar, og at det ikkje finst forsking eller studiar som viser effekt, og det er jo bevisleg feil.
Det seier Ingrid Stenstadvold Ross til NRK etter at treningsfysiologen Anders Haakenstad gjekk ut og åtvara mot cellegift til kreftbehandling.
Han deltok i ein av podkastane til Wolfgang Wee og snakka i fleire timar.
Han hevdar blant anna at det ikkje finst dekning for at cellegift i særleg grad fører til at pasienten klarer seg.
– Det eg stiller spørsmål ved er kva effekt cellegift har på overlevelse, seier Haakenstad til NRK.
Ingrid Stenstadvold Ross er generalsekretær i Kreftforeningen.
Foto: Lise Åserud / NTB– Mange var redde
I podkasten fekk Haakenstad snakke uimotsagt, no har han takka ja til å møte ein av Kreftforeningen sine ekspertar i debatt – på Wolfgang Wee sin podkast.
Ross i Kreftforeningen fortel at mange pasientar tok kontakt med dei etter den første podkasten.
– Mange av dei var redde, mange var usikre, nokon var også sinte.
Ho meiner at det Haakenstad sa er eigna til å skremme folk.
– I verste fall er det jo nokon som tar dette bokstaveleg og takkar nei til behandling som kan redde livet, seier Ross.
Anders Haakenstad snakka i 4,5 timar på Wolfgang Wee.
Foto: Skjermdump Wolfgang Wee– Godt dokumentert
Anders Haakenstad meiner at overlevingsgevinsten med cellegift er marginal.
– Men sjølvsagt, det er nokre få unntak, seier han.
Han nemner då testikkelkreft, blodkreft og lymfekreft.
– Men sjølv her meiner eg det er viktig å sette fokus på at toksisiteten og biverknadene av behandlinga er heilt enorm.
Kreftforeningen meiner derimot at det ikkje finst noko tvil om at cellegift er ei heilt naudsynt behandlingsform.
– Det er godt dokumentert at det verkar, og faktisk.no faktasjekka jo også påstandane frå Håkenstad, og dei er grundig tilbakeviste, seier generalsekretæren.
Cellegift er ei vanleg behandlingsform når nokon blir råka av kreft.
Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRKVil ha meir forsking
Ho legg ikkje skjul på at cellegift er ei tøff behandling og at mange får seinskadar.
– Så trengst det ytterlegare forsking for å finne stadig betre kombinasjonar for kreftbehandling som gir mindre seinskadar.
Ho meiner at Haakenstad sine påstandar om at det ikkje verkar, og at det ikkje finst forsking på at det verkar, er feil.
At dei no skal møtast til ein ny debatt hos Wolfgang Wee, meiner ho er heilt naudsynt.
– Vi håpar jo at lyttarane på den måten får eit meir nyansert bilde av vitskapen, av forskinga og av påstandar som at cellegift ikkje verkar, seier Ross.
Anders Haakenstad ser fram til å debattere mot Kreftforeningen.
– Målet mitt er at det skal bli meir opplyst for alle pasientar og alle pårørande. Og meir transparens rundt både effekt av behandling og nyansane rundt det.
Wolfgang Wee har førebels ikkje svart NRK.
Publisert 26.05.2025, kl. 22.48 Oppdatert 26.05.2025, kl. 22.57