Buss står fast i Geiranger – skaper lange køar

7 hours ago 6



Turistbussen som står på tvers over vegen i den smale svingen i Geiranger skaper lange køar midt i turistsesongen.

Vegtrafikksentralen seier bilar, bussar og bubilar allereie står i kø gjennom heile bygda, og ut av Geiranger på andre sida.

Oppmodinga frå Vegtrafikksentralen er at folk må smørje seg med tolmod og solkrem.

Det var VG som omtala saka først.

en gruppe mennesker som går nedover en vei med en buss

Turistane må ta beina fatt for å kome seg ned til Geiranger.

Foto: Terje Drege Rusten

Blir trafikale problem

Politiet bidreg med koordinering av trafikken.

Det blir trafikale problem der. Det er berre tohjulingar som kjem seg forbi, seier Jan Arild Austnes i politiet.

Han seier at dei sjølv ikkje har mannskap der per no, men at lokalt brannvesen hjelper til med å dirigere trafikken.

Ein time i kø

Mange bilar og bussar skal inn og ut av Geiranger på denne tida. Vegen går mellom anna opp til flerie populære utkikspunkt, som Flydalsjuvet og Dalsnibba.

Terje Frøyen er blant dei som sit fast i kø. Han seier han har sitte i kø sidan 14.50. Han var på veg opp til Dalen Camping, der han har sommarhus.

– Dette har eg ikkje opplevd før, seier Frøyen.

Det er ikkje uvanleg at bussar sett seg fast i hårnålsvingane rundt Geiranger, men det er oftare det skjer på andre sidan av bygda, ved Ørnesvingen.

Frøyen seier køa går langt forbi Geiranger sentrum, men at han ikkje ser kor ho startar.

– No kjem det litt trafikk ovanfrå og ned. Dei slepper litt ned etterkvart, seier Frøyen.

Dei aller fleste sit i bilane i sommarvarmen, men enkelte har forlatt bilane, noko som forstyrrar den lille flyten i trafikken.

Her står bussen fast i Geiranger.

Publisert 15.07.2025, kl. 15.16 Oppdatert 15.07.2025, kl. 15.54

Read Entire Article