Heldigvis kjem studentane Tedros og Dina til unnsetning
Ikkje alle er heilt på nett enno – men hjelp er å finna.
Medan elevane i Bodø er på veg heim frå skulen i kulda ...
... er det varmt like innafor.
På fleire måtar.
– Eg skriv livshistoria mi. Den delen barna mine ikkje kjenner.
Ho skal overføre historia frå papir til harddisk.
Og det er mange skrevne ord frå eit langt liv som skal digitaliserast.
Ikkje noko problem!
Lilian får hjelp av Magne: «Ein fersk pensjonist utan gyngestol!»
Magne er ikkje student.
Men det er Dina Hanssen (24).
Ho sit også klar til å hjelpe.
Seniornett er ein frivillig organisasjon som skal hjelpe eldre inn i den digitale verda.
Å bidra på på Seniornett Bodø er ein del av praksisen i Dina si utdanning som sosionom ved Nord Universitet.
– Eg er vant med å vere mykje med besteforeldra mine, og eg likar å høyre kva dei har opplevd.
Like ved sit Tone og plagast med den h* BankID-ein.
Ho har ikkje så mange som kan hjelpe.
Og no har ho gløymt passordet.
Tone snur seg til Karstein:
– Karstein, gje meg ein BankID!
Karstein Rystad er mentoren.
Seniornett Bodø hanka han til å halde denne datakaféen.
Karsten kan ting. Han er tidlegare systemutviklar i Televerket, Telenor og Posten.
– Er det mange eldre som treng hjelp til det digitale?
– Ja. Veldig mange.
Ein av fire er bekymra for digitalt utanforskap i alderdomen, ifølgje ein undersøkelse gjort for Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM)
Samstundes seier Digitaliseringsdirektoratet at ein av fem blir rekna som digitalt sårbare.
Karstein har hatt datakafé i Bodø onsdagar sidan 2023.
Det er folk her nesten kvar einaste gong.
– Kor viktig er det at dei eldre får denne hjelpa?
– Digitaliseringsministeren har jo sagt at om lag alle skal bli digitale innan 2030, men eg trur det trengst meir tid.
Stian Lysberg Solum / NTB
Noreg er eit av verdas mest digitaliserte land.
Samstundes er opp mot 600.000 nordmenn digitalt utanfor.
Mange av desse er eldre.
– Vi jobbar så fort vi kan. Men det er framleis meir å gjere.
Eit av tiltaka til Regjeringa er å støtte organisasjonar som til dømes Seniornett, som står bak datakaféen i Bodø.
For 600.000 menneske er mange.
Heldigvis er Tedros Eyob Mihreteab ein tolmodig sjel der han prøver å fikse Tone sin BankID.
Han er også sosionomstudent.
– Korleis er det å vere her?
– Det er gøy!
– Det eit ork, skal du seie!
– Nei, det er gøy. Eg hjelper andre, men får også hjelp tilbake.
– Som kva då?
– Livserfaring.
– Ja, har du noko livserfaring å dele med oss, Tone?
– Absolutt!
– Som kva då?
– Ver open og blid. Sånn som Tedros. Og så er det viktig å vere bevisst egne følelsar.
Samstundes har Lilian no kome til 7. klasse i historia si.
– Det er nokre år igjen, ler ho.
Men du må ikkje tru denne gjengen er heilt digitalt ubrukeleg, altså!
Lilian har sjølvsagt Snapchat.
– Der er mine næraste. Det kan jo vere litt artig.
– Korleis har overgangen frå analogt til digitalt samfunn gått for deg?
– Det har stort sett gått bra. Ting har jo blitt betre og betre. Men eg trur òg at vi har gått oss litt vill.
Apropos å gå seg vill ...
– Korleis går det med BankID-ein, Tone?
– Framleis til hel ... Ja, du veit.
Til slutt minner digitaliseringsminister Tung om at:
Du har rett til å levere papir inn fysisk og ringe inn til kontoret og spørje om hjelp.
– Du skal framleis kunne få hjelp i den fysiske verda også.










English (US)