Person fall tre etasjar ned heissjakt i Bergen sentrum

2 hours ago 2



Nødetatane rykte fredag morgon ut til Christies gate i Bergen sentrum etter melding om ei alvorleg hending. Ein person hadde falle om lag tre etasjar ned ein heissjakt.

Ulykka skjedde då ein tilsett skulle kaste søppel. Mannen fall ned i heissjakta i samband med dette, opplyser politiet.

Mannen er no frakta til Haukeland i ambulanse.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 08.49.

Vaken og medviten

Det var tidlegare meldt at fallet var på tre meter, men politiet korrigerte seinare dette til tre etasjar. Rett etter klokka 09.00 opplyste politiet at personen var henta ut av sjakta.

– Vedkommande er henta ut av heissjakta og vert ivareteke av helse, skriv operasjonsleiar Jan Børge Misje i politiloggen.

Personen skal vere vaken og medviten, men skadegraden er førebels ukjend.

Undersøkjer staden

Politiet opplyser at det framstår som ei arbeidsulykke. Førebels er det for tidleg å seie noko om kva som er årsaka fallet.

Gatelykt over en mursteinsvegg. Gatenavnet "Christiesgate 13" er synlig på et hvitt skilt. I bakgrunnen ses fargerike bygårder. Det er en person med grått hår som ses fra siden, i forgrunnen til venstre. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Ulukka har skjedd ved Vektertorget i Bergen, på adressa som er registrert på mathallen Bergen street food.

Foto: Ukjent fotograf / NRK

– Vi vil gjere undersøkingar etter at redningsbiten er over, seier Misje til Bergens Tidende.

Publisert 05.06.2026, kl. 09.22 Oppdatert 05.06.2026, kl. 09.52

Read Entire Article