Person til sjukehus etter valdshending i Bergen

2 hours ago 1



Ein person er frakta til sjukehus med ambulanse etter ei valdshending i Arna i Bergen søndag kveld.

Politiet fekk melding klokka 22.26 om at ein person hadde blitt utsett for vald utanfor heimen sin. Politiet har førebels ikkje sagt noko om kor alvorleg tilstanden til vedkommande er.

Politiet kom til staden om lag 20 minuttar seinare. Fornærma vart då sendt med ambulanse til Haukeland universitetssjukehus.

Til stades under valdshendinga var også ein nærståande av personen som vart utsett for valdshendinga. Vedkomande fekk lettare skadar og vart sendt til legevakta for oppfølging.

Politi på sted i Bergen etter voldshending

Det går føre seg eit stort søk etter gjerningspersonen i Stor-Bergen.

Foto: Sandor Dahl / Bergen Foto og Media

Stort søk etter gjerningsperson

Ingen er så langt pågripne, og det går føre seg ein større leiteaksjon i ulike stadar av Bergen.

– Vi har vore der ute og søkt med hund og drone etter ein gjerningsperson, men har ikkje kome i kontakt med eller funne vedkomande, seier operasjonsleiar Terje Magnussen til NRK.

– Kan denne personen vere ein fare for andre?

– Det er ingenting som tyder på det no.

Politiet har no fleire kontrollpunkt ulike stadar i Stor-Bergen.

I tillegg avhøyrer politiet vitne og undersøker digitale spor. Politiet har også starta krimtekniske undersøkingar på staden.

Publisert 09.02.2026, kl. 06.24 Oppdatert 09.02.2026, kl. 06.38

Read Entire Article