Pinlig og kunnskapsløst om villreinen

1 week ago 15



Erik Johan Lindøe skriv om villrein, jakt og fjellbruk som om han har både livslang erfaring og kunnskap i tursekken. Det er det tydeleg han ikkje har.

Eit skirenn kan flyttast. Det kan ikkje reinsdyra, skriv Margit Dale i eit svar til Erik Johan Lindøe. Foto: Statens naturoppsyn

I debattinnlegget i FVN den 30. mars legg Lindøe for dagen ein sjølvtillit som er dei færraste forunt. Men å vere skråsikker er ikkje det same som å ha rett.

Høgre liker å framstille seg som eit kunnskapsparti. Då skulle ein tru at deira folkevalde var opptekne av å lytte til fagfolk, lokalkunnskap og forvaltning. I denne saka gjer Lindøe det motsette.

Han bagatelliserer dokumentert kunnskap om kor sårbare reinsdyra er. Han avviser det fagmiljøa har peikt på i årevis og erstattar det med skråsikre påstandar som ikkje held mål.

Jakt er naudsynt

Å samanlikne jakt med eit organisert skirenn med nær tusen deltakarar er direkte misvisande. Jakta er ein regulert del av forvaltninga. Ho skjer på hausten, byggjer på faglege vurderingar og er naudsynt for å regulere stammen.

Hovden Tour gjekk midt i vinterbeitet til reinsdyra i den mest sårbare perioden, simlene er drektige og etter ein lang vinter har dei lite å tære på. Dei treng ro før dei skal vidare til kalvingsområde lenger sør. Store forstyrringar i denne perioden kan føre til så mykje stress at simlene kan kaste kalven eller forlèt han etter kalving.

Reinsdyret kan ikkje «gå ein annan stad»

Lindøe verkar å vere irritert over at reinsdyra oppheld seg i område som han og andre friluftsentusiastar vil bruke til aktivitetar, «når den har milevis med fjellområder innover, nærmest tomt for mennesker».

Gjennom denne type utsegn blottlegg han både kunnskapsløyse og skremmande haldningar.

Reinsdyra følgjer faste trekkruter. Dei er avhengige av bestemte område for beite og kalving. Når desse blir forstyrra, finst det ikkje eit nytt og like godt alternativ «litt lenger unna». Eit skirenn kan flyttast. Det kan ikkje reinsdyra.

Allemannsretten betyr ikkje «gjer som du vil»

Å vise til allemannsretten som argument for å halde fram som før, er ei mistyding. Allemannsretten føreset også ansvar. Når ein art er truga, må aktiviteten tilpassast. Då bør ein kutte slike store planlagde arrangement midt i vinterbeitet til reinsdyra.

Har hyret inn villreinekspert: – Frykter drastiske tiltak

Hvem eier vidda?

– Vi synes dette tar helt av

Dess fleire hytter, turistar og arrangement, dess meir vert ferdsel i heia regulert av myndigheitene. Auka hytteutbygging og turisme kan føre til at lokalbefolkninga sin bruk av heia får fleire restriksjonar, med økt press vil nok hytteturister òg merke begrensningar i framtida.

Nok er nok

Folk strøymer til fjells, krev meir plass og fleire rettar – og kritiserer fagfolk når dei peikar på konsekvensane. Det er bakvendt. For det er ikkje fagfolka som er problemet, men dei haldningane Lindøe representerer.

Villreinen er ikkje ei «heilag ku» som Lindøe hevdar. Han er ein raudlista art under press som fortener respekt og omtanke, ikkje bagatellisering og kunnskapslaus bortforklaring.

Lindøe må gjerne meine mykje. Men påfyll av kunnskap før ein ropar så høgt, ville gjort både debatten, reinsdyra, innbyggjarane og hytteturistar ei teneste.

Read Entire Article