Plyndringa på sjukehuset viser Sudans djupe sår

6 hours ago 3



MR-maskina var heilt ny. Den var også den einaste i Sudan.

Da krigen braut ut, hadde han berre vore i bruk i éin månad ved Khartoum Teaching Hospital. Både den og CT-apparatet blei øydelagde.

Et CT-apparat står i et rom med blåmalte vegger. Det ligger bygningsrester foran apparatet. Til høyre for apparatet står et hvitt skap på et stativ. Det ligger også noe på skapet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

MR-maskina var den einaste i landet. Den kjem aldri til å kunne fungere att.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– Produsenten har sagt at han aldri vil fungere igjen, seier Ameera Mohammed Abelhameed, ein av sjeflegane ved sjukehuset, mens ho viser NRK rundt i det som står att som ruinar.

Alt er ribba. Innhaldet i dei dyre MR- og CT-maskinane, koparen i veggane og medisinane frå apoteket. Sjukehuset fungerte som eit slags hovudkvarter for krigarane i militsgruppa Rapid Support Forces (RSF), då dei framleis kontrollerte delar av hovudstaden.

En kvinne med rød hijab og briller holder opp en pakke med tabletter. Kvinnen er kledd i en rød bluse. I bakgrunnen er det hyller og en døråpning. En bunke med papirer og mapper ligger på en hylle til venstre. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Sjeflege Abelhameed viser fram nokre få tablettar som er etterlatne på apoteket på Sudan sitt svar på universitetssjukehus.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– Dei tok alt dei kunne, seier Abelhameed, som fortel at sjukehuset ikkje har pengar til gjenoppbygging.

  • Et forlatt operasjonsrom er synlig fra innsiden, med knuste vinduer og medisinsk utstyr. Utenfor ser man bygningsruiner. Veggene er skitne og dekket av støv. En operasjonslampe henger fra taket. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Ei operasjonsstove er totaløydelagd etter at RSF brukte sjukehuset som hovudkontor.

    Foto: Vegard Tjørhom / NRK
  • Taket i et rom er skadet og delvis demontert. En lys blått gardin henger fra et skinnesystem på venstre side. Nedhengte takplater og synlige ledninger og rør er synlige. Rommet kan være et sykehusrom eller liknende. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Tilsette ved sjukehuset seier der ikkje er pengar til å byggje opp att sjukehuset.

    Foto: Vegard Tjørhom / NRK
  • Interiørbilde av et skadet rom med knuste vinduer. Utenfor ser man bygninger.I forgrunnen står møbler, inkludert stoler og et bord.Taket er skadet, og gulvet er skittent.Utsikten gjennom vinduene viser et bylandskap med uferdige bygninger. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Rundt om på sjukehuset finn ein knuste glas og forletne rom.

    Foto: Vegard Tjørhom / NRK
  • Et ødelagt rom med et kollapset tak. Store mengder bygningsrester, murstein og betong ligger spredt. Veggene har tydelige skader og falmet maling. Omgivelsene indikerer en bygning som er rammet av ødeleggelser. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Mykje av sjukehuset ligg i ruinar.

    Foto: Vegard Tjørhom / NRK

I dag, eitt år etter at RSF måtte gi tapt med Sudans militære styrkar (SAF) og forlate Khartoum, ber sjukehuset og byen arra av dei kraftige kampane.

I resten av Sudan held krigen fram.

Det som allereie er kjent som den verste humanitære krisa i verda blir stadig verre.

Triumfen til generalen

Det var i mars i fjor at general Abdel Fattah al-Burhan triumferande vandra gjennom gongane i Khartoums raserte presidentpalass og kunngjorde at SAF hadde erobra byen.

Al-Burhan med hevet neve
Bilde av en forfallen bygning med ødelagte fasader og vegetasjon som vokser vilt rundt. Foran bygningen står en rund monument med en ørn på toppen. Det er tydelige tegn på forfall, med manglende tak og ødelagte vinduer. Omgivelsene er preget av ugress og rusk.

I mars i fjor vendte militærsjef Abdel Fattah al-Burhan tilbake til presidentpalasset i Khartoum, som hadde blitt kraftig ødelagt i kamphandlinger.

AFP / AP

Etter to år med kampar flykta RSF-krigarar i hopetal til fots via ei bru sør for hovudstaden.

Men Khartoum er framleis ikkje trygg. I gatene ligg det udetonerte eksplosiv. RSF fortset å sende dronar mot byen.

Få journalistar kjem seg inn. NRK har løyve til å dokumentere situasjonen, men må heile tida ha følge av ei SAF-vakt.

Den siste tida har livet så smått begynt å vende tilbake til dei elles tomme gatene og fråflytta nabolag.

– Hæren har gjort plikta si. No er det vi som må vende tilbake og gjenopne butikkane våre slik at det blir livleg på marknaden igjen, seier Abdelgadir Mohammed Baraka til NRK.

En mann sitter utenfor en butikk som selger tekstiler og bildeler. Mannen er iført en grå skjorte og bukse og har et kjede rundt halsen. Butikken har varer stablet på hyller bak ham. Den har også en grønn kontorstol foran inngangen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Baraka flytta tilbake til Khartoum så snart SAF tok kontroll over Khartoum.

Foto: Ahmad Mahmoud / NRK

Eit utrygt tilvære

Butikkeigaren var raskt ute med å flytte tilbake då SAF kunngjorde siger i Khartoum.

For mange menneske har krigen endra alt.

Før krigen pleidde Adeela Osman å jobbe i Khartoum Bank. Nå sel ho te på gata for å brødfø seg sjølv og barna. Ektemannen er død.

Likevel er ho optimistisk:

– Eg trur at framtida kan bli ok. Eg elskar Khartoum, seier ho til NRK.

En kvinne med rødt hodesjal heller te fra en vannkoker. Hun heller gjennom en sil ned i et glass, med flere store glasskrukker rundt. Bak henne er en falleferdig vegg og noen stoler. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Adeela Osman gjer som mange andre i Sudan. I tronge kår har ho funne ein alterntiv måte å få mat på bordet til borna sine.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– Ting er i ferd med å bli betre. Takk Gud.

Også Abdul Razig har tatt fatt på eit nytt tilvære. Tidlegare jobba han som sikkerheitsvakt på FNs hovudkvarter. Nå sel han sko.

En mann holder en sko opp til øret og smiler. Bak ham selges klær og sko i et utendørs marked. Mannen har på seg en rutete skjorte og jeans. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Abdul Razig fortel at han er engsteleg for framtida, men har likevel eit smil om munnen.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– Vi treng at folk kjem tilbake, men mange er framleis redde, seier han til NRK.

– Fryktar du at krigen skal komme tilbake?

– Vi er alle engstelege, men kven veit, seier Razig, og ler.

Alliansen som sprakk

Etter tre år gjenopna nyleg FNs hovudkvarter i Khartoum.

Den norske ambassaden er på si side framleis stengd. Ambassadøren og dei tilsette blei evakuerte i slutten av april i 2023.

I dag er ambassadebygningen rasert. Det er kulehol i fasaden og svimerke over inngangsdøra der det norske riksvåpenet framleis heng.

Den norske ambassaden i Sudan har ødelagt tak.Bygningen er beige med flere vinduer og en balkong.Vegetasjon og trær omkranser eiendommen.En metallgitter blokkerer delvis utsikten. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)Royal Norwegian Embassy-skilt er synlig på en bygning. Det er en buegang ved siden av skiltet. Blomster og grøntområder er i forgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Den norske ambassaden i Sudan er stengd og øydelagd. Ambassadøren til Sudan blei evakuert i april for tre år sidan.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

På ei oppslagstavle, bak knust glas, henger reiseråda frå regjeringa for Sudan frå oktober 2021. Der rår frå dei alle reiser til landet. Årsaka var militærkuppet i oktober det året, leidd av SAF og general Abdel Fattah al-Burhan, med støtte frå RSF.

Et skilt med teksten "Reiseråd for Sudan skjerpes" er bak knust glass. Informasjon om reiserådet er utstedt av Utenriksdepartementet. Skiltet oppfordrer folk til å registrere seg. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

«Reiseråd for Sudan skjerpes» står det på den øydelagde oppslagstavla på den norske ambassaden i Khartoum.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Dette var SAFs og RSFs andre militærkupp på kort tid. I 2019, da det også gjekk store demonstrasjonar føre seg, slo dei væpna styrkane i SAF seg saman med militsen RSF for å styrte den gamle leiaren sin – den brutale, mangeårige diktatoren Omar el-Bashir.

Etter fire urolege år braut alliansen mellom SAF og RSF saman. Dei klarte ikkje å bli einige om korleis landet skulle bli styrt.

Kampane mellom SAF og RSF starta i Khartoum i april 2023. Snart spreidde den brutale krigen seg til heile landet.

I dag er Sudan i stor grad delt vertikalt på midten. SAF i aust og RSF i vest. Partane er begge allierte med fleire grupper internt i Sudan. Dei får også ekstern støtte frå andre land.

Sudan er i praksis delt. RSF kontrollerer særleg territorium i Darfur-regionen, sørvest i Sudan. Kjelde: Crisis Group.

SAF kontrollerer hovudstaden Khartoum og den viktige hamnebyen Port Sudan, ved breiddene av Raudehavet. RSF har stramma grepet om den sørvestlege Darfur-regionen.

Forsøk på fredsforhandlingar har førebels ikkje ført fram.

Pengane går til krigen

Begge partane er skulda for målretta og brutale angrep, massakrar, tortur og seksuelle overgrep mot sivile. RSF har likevel blitt skulda for særleg grove brotsverk. Det inkluderer folkemord og forårsaking av massesvolt, særleg i og rundt byen Al Fashir i fjor haust. Byen var SAFs siste skanse i Darfur.

Anslag på døde som følge av krigen varierer enormt. Kanskje ein stad mellom 150.000 og 400.000 når ein inkluderer konsekvensane av krigen på tilgangen til mat, vatn og helsetenester, skriv tankesmia Center for Strategic and International Studies (CSIS).

Rundt 15 millionar menneske er drivne på flukt. Unicef er ein av fleire organisasjonar som omtalar Sudan som den «største humanitære katastrofa i verda».

Mangel på straum, internett og telefonkopling gjer at omverda har avgrensa kunnskap om kva som skjer inne i Sudan.

I Khartoum fortel sjeflege Ameera Mohammed Abelhameed at krigen er éin av grunnane til at dei ikkje har råd til å bygge opp igjen sjukehuset og erstatte dei øydelagde maskinene og utstyret.

– Dei prioriterer å bruke pengar på å vinne krigen?

– Ja, heilt klart, svarer ho.

Tilgangen på informasjon er avgrensa. Og det ein veit, druknar i merksemda som blir vigd andre kriser og hendingar. Sudan står på toppen av Flyktinghjelpen sin årlege rapport over dei mest neglisjerte krisene i verda.

To personer går langs en gate foran skadede bygninger. Den ene personen har på seg grønne klær, den andre en rød hijab og mørk kappe. En hvit buss står parkert i bakgrunnen. Området fremstår som preget av ødeleggelse. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Dr. Abelhameed har håp om ei betre framtid for Sudan, sjølv om arbeidsplassen hennar ligg i ruinar.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– No leitar vi etter hjelp frå folk som vil støtte oss. Nokon gir pengar, men dei er stort sett utanfor Sudan, seier Abelhameed.

– Vi prøver å få oppretta kontakt med donorar som vi kan be om hjelp. No berre ventar vi, inshallah, på hjelp.

Publisert 10.06.2026, kl. 18.13 Oppdatert 10.06.2026, kl. 18.57

Read Entire Article