Nesten 1100 politifolk har slutta i politiet dei siste fire åra, viser tal som Politiforum har henta inn, skriv Avisa Nordland.
Trass i nye kull frå Politihøgskulen har politiet fått eit samla bemanningsunderskot, og utviklinga uroar Politiets Fellesforbund – særleg i Nord-Noreg.
Leiar i Politiets Fellesforbund i Nordland, Marina Sørgård, seier at utviklinga blir lagt godt merke til i fylket.
– Vi merkar dette veldig godt, og har jobba med det over lengre tid. Det er sterkt bekymringsfullt, seier Sørgård til avisa.
Ho peikar på manglande langsiktig planlegging og vanskeleg rekruttering, spesielt i dei nordlegaste fylka.
– Slik samfunnet er no må politikarane bli meir vakne for politiet, seier ho.
Ei undersøking blant over 1.000 politifolk, utført av Politiforum, hevdar at 72 prosent har vurdert å slutte dei siste to åra. Låg lønn og høg arbeidsbelastning er dei viktigaste årsakene.










.jpg)


English (US)