Politisk nedfrysing

2 hours ago 1



GJESTEKOMMENTAR: Ein ny tv-serie, ein nobelprisvinnar og ein sprø president kastar lys over korleis vi bør handtere tidas store utfordringar.

Korleis kan vi bli betre rusta? Ein nobelprisvinnar, ein ekspresident og indirekte også Trump gir same peikepinn for politikken. Foto: Alex Brandon / AP
  • Svein Erik Tuastad

    Svein Erik Tuastad

    Statsvitar og dr. polit., UiS

Publisert: Publisert:

For mindre enn 40 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Her i huset fyrer vi med ved for tida. Det er kaldt geopolitisk også. Ukraina-krigen og den russiske aggresjonen gjer alliansesamhald livsviktig, så sviktar altså USA. Geopolitikken påverkar det økonomiske handlingsrommet for politikarane fordi forsvaret må få meir. Og kommunane er alt pressa.

Korleis kan vi bli betre rusta? Ein nobelprisvinnar, ein ekspresident og indirekte også Trump gir same peikepinn for politikken.

Døyande president

– Trur du dei vil huske meg i historia?

Året var 1881. James A. Garfield, den 20. amerikanske presidenten, kjende på seg at han ikkje ville overleve skadane etter attentatet mot han, sjølv om det hadde gått ei tid. Den gode kona hans trudde knappast på det sjølv, men ho gav han trøyst: – Du vil få ein stor plass i historia. Så føydde ho til: – Og i hjarta til dei som held av deg.

Scenen oppfor er frå den fine TV-serien Death by lightening (Netflix), laust basert på verkelege hendingar. Garfield vart etter kvart hugsa og respektert fordi han starta ein reformprosess som gjorde America great. Arbeidet tok til med å få inn kompetanse i statsadministrasjonen i staden for den personalistiske politikken som let familie, lojalitet og kjennskap trumfe å vere kvalifisert.

Fiasko eller suksess

Byen Nogales er delt i to med eit gjerde; den etniske samansetninga er lik på nord- og sørsida. Sørsida av byen er i Mexico, den nordlege høyrer til Arizona, USA. På nordsida av gjerdet, i USA, lever dei lenger, har dei klart lågare kriminalitetsrate og så tener dei tre gonger meir. Kvifor er det slik?

I land som Mexico, elles eit demokratisk land, brukar politikarane maktposisjonane til gje føremoner til sine eigne og utvalde veljargrupper, dei svarer med veljarmobilisering som gir attval. Ein vond sirkel oppstår, styringsverket forfell. I vellukka land er sirkelen god: Uavhengige, sjølvforsterkande institusjonar med kompetente tilsette gir maktspreiing og grunnlag for innovasjon og investeringar.

Nogales-dømet og analysen er frå boka Why Nations Fail (2013) av James A. Robinson og Daron Acemoglu, nobelprisvinnarar i økonomi i 2024. Nyleg var Robinson på Noregs-besøk, på årskonferansen til NHO, kanskje det gir bokklassikaren fornya merksemd.

Robinson og medforskarane si hovudinnsikt er at kvaliteten på institusjonane avgjer om land lukkast. Eit slåande døme på at Trump er motsatsen til Garfield og Robertson kom sist veke. Då fekk Trump Justisdepartementet til å starte etterforsking mot Jerome Powell, sentralbanksjefen. Trump likar ikkje at han er sjølvstendig.

Men Justisdepartmentet og Sentralbanken skal vere uavhengige! 150 år etter dei avgjerande endringane i styringsskikken til USA fører Trump landet tilbake til det gamle systemet, i lemenmarsj mot institusjonell avgrunn.

Fellesskap og fornying

Kva om vi prøver å overføre desse innsiktene til Norge?

Først, vi tener på sterkare alliansar og at EU vert tettare integrert. Dette krev institusjonell fornying. Den geopolitiske valutaen no er rå makt. Dersom dei europeiske landa opptrer splitta, vil Russland, Kina og USA køyre over enkeltland kvar gong interessekonflikt oppstår. EU har alt i alt handtert Trump godt.

Dette betyr ikkje at vi «må» inn i EU. Men utanforskapet har politiske og økonomiske kostnader. Norsk industri ønsker no at Norge vert del av tollunionen til EU (utanom landbruk og fisk) for å verne norske interesser betre. Dagens «håper dei ikkje gløymer oss»-praksis er problematisk. Norge prøver å få andre til ta opp våre interesser i staden for at vi er der sjølv; stundom glipp det. Å vere så tett økonomisk integrert og ville delta på eitkvart nytt EU-initiativ – men insistere på å stå utanfor EU-demokratiet – artar seg i stigande grad som merkeleg (for ordens skuld: Eg har tidlegare vore med i Europabevegelsen).

Det andre området der institusjonell fornying må til, gjeld velferdskommunane. Norge treng å verte meir effektivt. Difor er det svært gledeleg at den nye kommunekommisjonen så tydeleg og eintydig foreslår endringar som vil styrke kommunane ved å fjerne øyremerkingar og godhjarta krav som svekker lokaldemokratiet. Les, lytt og lær, gode politikarar!

Kvifor det går bra

Under valkampen i 2017 skildra Kjetil Lund (no NVE-direktør, tidlegare statssekretær for Ap) kor sivilisert og respektfullt maktskiftet i departementet han var i, gjekk føre då Siv Jensen frå Frp vart finansminister i 2013.

Nå var det hun og hennes medarbeidere fra Frp og Høyre som hadde tilgangen til all denne kunnskapen, analysene, arbeidsinnsatsen, all lojaliteten. Nå kunne de fritt diskutere sine forslag og tanker, gode som dårlige, uten redsel for at det skulle komme ut. (…)

Vi bor i et land der vi oppfører oss som folk mot hverandre. Fortsetter vi slik, vil det gå oss vel.

Skilnaden mellom Norge og til dømes Venezuela handlar ikkje om olje, men om kompetent byråkrati – og fornying: He not busy being born is busy dying, som Dylan syng.

Publisert:

Publisert: 22. januar 2026 22:03

Read Entire Article