Mens mange feirar våren, må Anne-Karine Bjørnstad planlegge kor ho beveger seg.
Anne-Karine Bjørnstad har vore plaga med pollenallergi heile livet.
Foto: Werner Winlund / NRKHo har hatt astma og allergi heile livet, og reagerer på fleire typar pollen. Særleg lungene blir hardt ramma.
– Eg kjenner det veldig godt på pusten. Eg blir sliten og trøytt, seier ho.
Bjørnstad forklarer at allergien nesten liknar ein vinterdepresjon, og at ho, trass i mange ulike typar medisinar, har vore dårleg.
– I år har det vore skikkeleg heavy, seier Bjørnstad.
Ho var og gjest i NRK-programmet Dagens tysdag om allergi, som du kan høyre her:
Store samfunnskostnader
Anne-Karine Bjørnstad er ikkje aleine om å vere allergisk.
Om lag 1,5 millionar nordmenn lever med pollenallergi.
No står bjørkepollensesongen for tur, den blir rekna som ei av dei verste tidene for pollenallergikarar.
Det kan gå hardt ut over både livskvalitet og produktivitet, ifølge ein ny rapport.
Rapporten er laga av konsulentselskapet Oslo Economics, og er utarbeidd på vegner av Norges astma- og allergiforbund.
Dei har samanlikna forsking, statistikk og ekspertise for å berekne dei totale samfunnskostnadene med pollenallergi.
Dei anslår at pollenallergi kostar samfunnet om lag 11,3 milliardar kroner årleg.
Mellom 20 og 30 prosent av befolkninga blir anslått å ha pollenallergi.
Adobe Stock og Ksenia Novikova / NRKReknestykket tar utgangspunkt i direkte helseutgifter, tapt produktivitet, fråvær og generelt nedsett fungering i pollensesongen.
Hovuddelen kjem av redusert effektivitet på jobb.
Rundt 80 prosent av produktivitetstapet kjem ikkje av sjukefråvær, men at folk fungerer dårlegare. Dei går på jobb, men er trøytte og uopplagde, ifølge rapporten.
– Det er viktig med kunnskap om pollenallergi slik at flest mogleg får den tilrettelegginga dei treng for å gjere ein god jobb, og kan vere aktivt med på både skule og fritid.
Det seier Guro Birkeland, generalsekretær I Norges astma- og allergiforbund.
Guro Birkeland er generalsekretær i Norges astma- og allergiforbund. Ho synest pollenallergi har fått for lite fokus.
Foto: Morten Skovdal / NAAFHo trur folk er mest klar over kostnadene knytte til helsetenester som medisinering og legekonsultasjonar.
Dette utgjer 345 millionar kroner, og er i seg sjølv eit stort beløp, men berre ein liten del av dei 11,3 milliardane.
– For oss har det vore viktig å løfte fram heile det samfunnsøkonomiske tapet.
Usikre tal
I rapporten som blei lagt fram tysdag, understrekar konsulentfirmaet at det er stor usikkerheit om anslaga, ettersom det manglar oppdaterte studiar på dei totale samfunnskostnadene i Noreg.
Norges Astma- og Allergiforbund karakteriserer pollenallergi som ei stor samfunnsutfordring, og etterlyser betre tilgang til rett behandling og vaksinasjon.
Norges astma- og allergiforbunds pollenvarsling gjennom 51 år er avgjerande for rett medisinering og forholdsreglar på dagar med høg spreiing.
Foto: Adobe Stock– Ved å sikre rett medisinering og tilby pollenvaksinasjon til dei som ikkje får god nok lindring av vanlege medisinar, kan vi redusere helsebyrda for kvar enkelt.
– Utfordringa er at tilbodet er for lite kjent og blir for dårleg følgt opp, seier Guro Birkeland.
For Anne-Karine Bjørnstad har allergien påverka yrkesvalet hennar.
Ho har vakse opp på gard, og forstod raskt at dette ikkje var vegen å gå for henne.
– Eg var mykje plaga.
I dag har ho flytta til byen og jobbar som barnehagestyrar. Der kan ho tilpasse oppgåvene sine litt etter årstidene.
– Eg styrer mykje av dagen min. Sjølvsagt ut frå barna. Men eg treng jo ikkje å vere ute når det er på det verste, seier ho.
Vakker å sjå på, tung å puste i. Bjørka står no i full blom.
Foto: Werner Winlund / NRKPublisert 03.05.2026, kl. 08.41















English (US)