Prins Harry: Ynskjer «forsoning» med kongefamilien

12 hours ago 8



– Det har vore så mange usemjer mellom meg og nokon i familien min, seier han, og legg til at han no har «tilgjeve» dei.

Det seier den britiske prinsen i eit intervju med BBC som blei gjort i California gjort fredag etter han tapte ei rettssak om å få særskilt vern under besøk til heimlandet Storbritannia.

Prins Harry skuldar på den britiske kongefamilien for å ikkje få vilja si i retten. Han meiner dei har påverka avgjerda i retten. Han har i fleire år kjempa for å bli verna av politiet under besøk til

I intervjuet seier han at han skeptisk til å reise til heimlandet sidan han ikkje blir verna slik som han ynskjer.

I dag bur han i USA saman med kona hertuginne Meghan saman med dei to borna deira.

Prins Harry og Meghan Markle snakker med hverandre

I dag bur prins Harry saman med kona hertuginne Meghan saman med dei to borna deira i USA.

Foto: ODD ANDERSEN / AFP / NTB

Harry seier han for tida ikkje høyrer noko frå far sin kong Charles.

– Han vil ikkje snakke med meg på grunn av desse tryggingsgreiene, seier Harry til BBC.

Publisert 02.05.2025, kl. 18.25

Read Entire Article