Privat-offentleg samarbeid er ei nedlegging i forkledning

4 hours ago 3



Leserinnlegg
Leserskribentene: Kristin Ljosland, Thor-Jørgen Tjørhom og Margit Dale 

Oppdatert:38 sekunder siden

Det politiske fleirtalet i fylket planlegg ei massenedleggjing av offentlege tannklinikkar i Agder. I vedtaket frå fylkesutvalet heiter det at pasientane skal kunne bruke private tilbod der klinikkane vert lagde ned, og at ein i kommunar som mistar sitt offentlege tannhelsetilbod kan etablere «privat- offentlege samarbeid».

Dette høyrest kanskje tilforlateleg ut. Men i røynda er det ei politisk finte. Eit forsøk på å pynte på ei nedlegging av det offentlege tannhelsetilbodet. For dersom fylkeskommunen sjølv meiner det ikkje er grunnlag for drift i desse kommunane, kvifor i all verda skal private aktørar sjå det annleis?

Private verksemder driv ikkje av idealisme, men av profitt. Dei etablerer seg der er marknaden er best, ikkje der behovet er størst. Det vil seie: der det er nok folk som har råd til å betale. 

 I små kommunar med spreidd busetnad og lågare inntektsnivå er det sjeldan ein lønsam marknad for tannhelsetenester. Dermed vert vyane om «private- offentlege samarbeid» bare tomt prat.

Og sjølv om ein privat tannlege etablerer seg, er det ingen garanti for at dei blir verande. Når lønsemda sviktar eller dei får eit betre tilbod ein annan stad, forsvinn klinikken. Då står kommunen att utan både offentlege og privat tannhelsetilbod.

Dette handlar ikkje bare om tannhelse

Den offentlege tannhelsetenesta har eit ansvar for førebygging blant barn, eldre og dei som slit med økonomien. Det er ei oppgåve private sjeldan prioriterer. Grunnen er enkel: førebygging gjev lite inntekter her og no. 

Når fylkespolitikarane meiner små offentlege klinikkar har «for låg kvalitet», er det eit tydeleg paradoks at små private klinikkar blir framstilt som løysinga. Dersom storleik verkeleg er avgjerande for kvaliteten, finst det ingen grunn til at ei lita, profittdriven klinikk skal levere betre tenester enn ei lita offentleg klinikk utan krav om overskot.

Dette handlar ikkje bare om tannhelse. Det handlar om tillit til det offentlege, om tryggleik i kvardagen og om at folk i distrikta skal ha same grunnleggjande tilbod som andre.

Når saka kjem opp i fylkestinget 20. oktober, håpar eg fleirtalet vel å stå opp for tannhelsetenesta i distrikta. Å satse på «privat- offentlege samarbeid» er ikkje å styrkje tannhelsetilbodet – det er å kamuflere ei nedlegging.

Senterpartiets fylkestingsgruppe

Kristin Ljosland, Thor-Jørgen Tjørhom og Margit Dale

Read Entire Article