Prøvde å fjerna Kim Friele-stein i Bergen – fann 14 steinar heime hos mann i 60-åra

9 hours ago 1



Det oppstod eit basketak då ein tilfeldig forbipassarende prøvde å stoppa mannen frå å gjera hærverk mot steinen til Kim Friele, som kjempa for rettane til homofile i mange år.

– Me fekk fleire meldingar om eit mogleg basketak i Nøstegaten. Då me kom fram på staden, fekk me raskt kontroll på to personar, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt.

Mannen har forklart at steinen han prøvde å ta, var heilt tilfeldig plukka ut, ifølgje politiet.

Steinar på Walk of fame i Bergen

Walk of fame er ein fortausattraksjon i Nøstegaten i Bergen.

Fotografi: Agnieszka Iwanska / NRK

Fann 14 steinar heime hos mannen

Også tidlegare er det utført skadeverk og fleire steinar er fjerna frå «Walk of Fame». Mannen som blei pågripen natt til onsdag, har erkjend all skuld for tjuveria.

Heime hos mannen fann politiet 14 steinar.

Motivet har ifølgje mannen vore «å skapa ein debatt rundt at dei var så lette å ta», seier politiet. Han har forklart at han ville levera dei tilbake etter kvart.

– Betyr det at alle tjuveria er oppklarte?

– Sånn som eg har skjønt det, så var det 14 steinar som mangla her. Dei har me no funne heime hos mannen, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik.

– Han bli i alle fall sikta for skadeverk og tjuveri, men i og med at han kom med full tilståing, blir han ikkje køyrd i arresten no.

Steinane vil så fort det let seg gjera bli leverte tilbake til fornærma, ifølgje politiet.

Henta inn privatetterforskarar

Kim Friele blei heidra med eigen stein i 2019. Det er stiftinga Bergen Vel som står bak Bergen Walk of Fame. Sidan 2015 har 64 personar fått sine eigne stjerner.

I april henta Bergen Vel inn dei to to profilerte privatetterforskarane Ola Thune og Kenneth Berg for å oppklara mysteriet med dei stolne steinane, skreiv BA.

Blant namna på dei stolne steinane var Ola Hiis Bergh, Hans-Wilhelm Steinfeld, Paul McCartney, Egil Eldøen og Helge Jordal.

Steinane skal i utgangspunktet heidra kvinner og menn som har sett Bergen på kartet. Samstundes er målet at prosjektet skal inspirera til å løfta Bergen både i og utanfor byen, ifølgje Bergen Vel.

Kygo fikk sjerne på Bergens Walk of Fame

Kygo er ein av mange kjende personar som har fått si eiga stjerne på Walk og fame i Bergen.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Publisert 27.05.2026, kl. 06.18 Oppdatert 27.05.2026, kl. 06.56

Read Entire Article