«Dersom tiltalte hadde truffet litt annerledes med knivhoggene, ville fornærmede blitt drept på stedet», heiter det i dommen frå Trøndelag tingrett.
Det var i august i fjor at ei kvinne i 70-åra blei angripen av ei framand kvinne i sin eigen heim.
No er kvinna som gjekk til angrep dømt til åtte år i fengsel og til å betale 350.000 kronar i oppreisningserstatning.
«Angrepet hadde ingen foranledning, og fremstår som svært brutalt.», skriv retten.
Kvinna som no er dømt til åtte år i fengsel gjekk til angrep med ein kniv.
Foto: politietMeinte nokon andre hadde rusa ho
Kvinna som no er dømt til fengselsstraff, var rusa da ho tok seg inn i den fornærma kvinna si leilegheit og gjekk til angrep.
I retten erkjente den tiltalte kvinna å ha gått til angrep, men nekta straffskuld og meinte ho ikkje var tilrekneleg.
Ho meinte det var nokon andre som stakk ei sprøyte med rusmiddel inn i halsen hennar i forkant av at ho gjekk til angrep.
– Ho har sjølv sagt at ho ikkje hugsar noko og at ho ikkje ville mottatt noko slikt frivillig, sa forsvarar Roger Theodor Nyeng Dretvik til retten.
Han bad om at kvinna skulle bli frifunnen fordi ho ikkje var tilrekneleg da ho gjekk til angrep.
Forsvarar Roger Theodor Nyeng Dretvik bad om at den tiltalte kvinna skulle bli frifunnen.
Foto: Eivind Aabakken / NRKDet er ikkje tingretten einig i.
Retten har kome fram til at den tiltalte kvinna sjølv var skyld i rusen og at rusen var frivillig og sjølvforskyldt.
Dei rettspsykiatriske sakkunnige skriv i vurderinga si at det ikkje er påvist psykoselidingar som kan ha gjort at kvinna handla slik ho gjorde.
Fredag ettermiddag fortel Dretvik til NRK at kvinna godtar dommen.
– Ho ønsker å kome i gang med soning og fortsette jobben ho har starta med seg sjølv i varetektstida.
Dretvik seier kvinna ikkje ønsker å anke saka.
– Ho ønsker verken å påføre fornærma eller seg sjølv den belastninga ein ny runde i retten vil medføre.
Aktor bad om åtte år
Aktor argumenterte i sin prosedyre for at kvinna skulle bli dømt til åtte år i fengsel.
– Eg ser ikkje at det er nokon formildande omstende, eg ser derimot at det er ei rekke skjerpande omstende, sa aktor Eli Nessimo.
Ho peikte på at angrepet kom som lyn frå klar himmel på ei uførebudd kvinne i hennar eigen heim.
– Det er enkelt å sjå for seg at dette er noko av det mest skremmande ein kan oppleve.
I dommen kjem det fram at retten ikkje har funnen nokon formildande omstende.
Aktor Eli Nessimo bad om åtte år i fengsel for kvinna i 30-åra.
Foto: Eivind Aabakken / NRKDa den fornærma kvinna vitna fortalde ho også at ho har hatt smerter i etterkant av at ho blei angripen.
– Ho har også ein rekke psykiske etterverknadar. Tiltalte har tatt frå henne tryggleiken, argumenterte aktor.
Publisert 28.03.2025, kl. 15.34 Oppdatert 28.03.2025, kl. 15.41