Som så mange andre bygder rundt om i Noreg, så håpar dei også å bli fleire i Vang i Valdres.
Kommunen øvst i Valdres har litt over 1600 innbyggarar. Ein av dei er Tor-Evert Grøndal, som mange kjenner frå programmet «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».
No frir han til amerikanarane med ein slags «reklamefilm» for Vang.
Grøndal driv selskapet Bygdeliv der han jobbar for å få fleire til å flytte ut av byane.
– Eg og kona mi har fått lov til å oppleve denne småbruksdraumen, og vi trivst veldig godt her i Vang no. Og så starta vi Bygdeliv for at vi ønska å lokke fleire til bygda.
Tor Evert Grøndal står bak prosjektet. Han seier det var litt på tull i starten at dei skulle prøve å lokke amerikanarane tilbake. Men no har han fått trua på at det kan gå.
Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK- 200 år sidan utvandringa til Amerika: Gamle lydklipp gjev ny innsikt.
Reversert amerikabrev
I heile 2025 har ein markert at det er 200 år sidan nordmenn begynte å utvandre til Amerika. Ifølge Grøndal var det nokon ordførarar i Valdres som hadde snakka om at det hadde vore gøy om nokon av dei ville vandra tilbake.
– Og så da eg høyrte om den ideen, tenkte eg at dette er ein utruleg god idé for å lage ein litt sånn artig rekrutteringsvideo for å få amerikanarane til å flytte tilbake, seier Tor-Evert Grøndal.
Grøndal fekk med seg filmskapar Jørn Nyseth Ranum og regissør Ragnhild Lund på prosjektet.
Og ja, dei har faktisk trua på at det kan komme amerikanar flyttande.
– Det er jo ikkje umogleg, då. Det er jo ein litt rar verd om dagen, så alt kan skje, seier Ranum.
Jørn Nyseth Ranum står bak kamera og klippinga av filmen som dei skal ha ferdig til starten av desember.
Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK– Det har vore ein del artiklar og eksempel på folk som kanskje ikkje er så nøgde med det politiske klimaet der borte. Og det har jo ført til at folk har flytta på seg. Så eg har trua faktisk på at vi kan lokke over eit par eller to, seier Grøndal.
Dei to forklarer at filmen dei lagar skal vere humoristisk. Ein møter to karakterar frå Vang som prøver å selje inn bygda.
Ein får også glimt av ein ordførar, ein reinsflokk og av ulike mennesketypar som bur i Vang:
– Vi håpar det blir ein artig film som viser Vang på ein litt annan måte. Håpar folk drar litt på smilebandet. Og at ein hugsar denne plassen som noko litt anna, seier Jørn Nyseth Ranum.
Avisa Valdres har omtala saka tidlegare.
Satsar på å gå viralt
Dei har teke kontakt med Sons of Norway i USA. Det er ein interesseorganisasjon for norskamerikanarar. Dei skal hjelpe til med å spreie videoen på sosiale medium til amerikanarar som kanskje vil la seg freiste til å vandre til landet forfedrane deira kjem frå.
– Og så håper vi at den går sånn litt viralt innanfor miljøet. Det er jo nokon hundre tusen folk som er med i ulike Facebook-grupper. Så håper vi at når den slår an der, at den også kan slå an her i Noreg og i Europa, seier Tor-Evert Grøndal.
Jana Velo i Sons of Norway seier dei har over 50.000 medlemmar i USA, Canada og Noreg. Dei skal spreie videoen til medlemmane og Velo seier ho trur den vil nå mange raskt.
- Les om Lene Marie og Frank som droppa byen. Dei har ikkje angra, seier dei.
– Kjem det amerikanarar, så er dei hjarteleg velkomne
Filmskaparane har søkt midlar ulike plassar til å finansiere prosjektet. Vang kommune har også lova å bidra litt.
Ordføraren dukkar også opp i filmen. Ho seier det er avgrensa kva kommunen sjølv får gjort for tilflyttinga. Difor er dei avhengige av engasjement frå innbyggarane.
Ordførar Jørand Ødegård Lunde har ei lita rolle i filmen og seier det er moro å vere med for å synleggjere kommunen hennar.
Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK– Det er et morosamt initiativ, og all reklame for Vang er viktig. Og det er jo det engasjementet i folk som bringar folk tilbake til Vang, seier Jørand Ødegård Lunde.
– Har du trua på at det kan komme amerikanarar som følge av denne filmen?
– Eg må alltid ha trua, men det blir spennande å sjå. Kjem det amerikanarar, så er dei hjarteleg velkomne, seier ordføraren.
Publisert 24.11.2025, kl. 22.06


















English (US)