Pukkelføre og «broddevêr» i vente

2 hours ago 3



Meteorologen spår ein «haustleg» start på mars-månad. Med eit omfattande vêrskifte dei neste dagane.

Etter ein mildare periode kan det fryse på att og føre til krevjande køyreforhold i heile Nordland.

Trass i noko lettande skydekke sundag kan de bli litt kaldare og is.

Etter kulda og opphaldsvêr i helga spår statsmeteorologen varande mildvêr i store deler av Nordland den komande veka. Særleg måndag ettermiddag vil vêromslaget vere i gang for fullt.

– Stort sett så ligg temperaturane og vinglar på rett over null. Sludd, slaps og regn på kysten, og snø i indre strok. Litt kuling her og der. Skydekket bryt opp sundag, seier Eirin Ristesund, Statsmeteorolog ved Meteorologisk institutt.

  • Våt og tung snø ligger i gatene og på veiene i Svolvær i dag

    Kvit snø har blitt til grå slaps

    Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK
  • Våt og tung snø ligger i gatene og på veiene i Svolvær i dag

    Djupe spor i våt og tung snø i Svolvær sentrum

    Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK
  • Våt og tung snø ligger i gatene og på veiene i Svolvær i dag

    Vatnet grev seg ned i den smeltande isen.

    Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK
  • Våt og tung snø ligger i gatene og på veiene i Svolvær i dag

    Blautt og tung snø som blandar seg med grus og groms

    Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK
  • Våt og tung snø ligger i gatene og på veiene i Svolvær i dag

    Vatn legg seg på isete overfalte

    Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK
  • Våt og tung snø ligger i gatene og på veiene i Svolvær i dag

    Kanskje blir denne lagt i bua snart

    Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Vidare fortel statsmeteorologen om eit skiftande helgevêret som kan by på store lokale forskjellar. Med stort sett plussgrader i låglandet og frost i høgda.

I indre strok og nord mot Lofoten kan det også kome kulde gjennom natt til måndag, melder Ristesund.

– Så det blir glatt og «broddevêr» framover?

– «Broddevêr» kan ein trygt seia at det blir. Broddar, paraply og fullt køyr, ein haustleg start på våren, spår meteorologen.

Eirin Ristesund, smiler til kamera

Statsmeteorolog Ristesund, melder om «» broddevêr»» framover.

Foto: Simen Wingstad / NRK

– Det blir ein ustabil vêrtype no i helga som gjer at det blir glatt. Slapset frys på og det lagar eit herleg pukkelføre på vegane, seier meteorologen.

Ventar mildvêr og regn måndag kveld

Etter ein kort kuldeperiode kjem mildvêret att, og blir verande.

– Måndag kveld utover er det venta mildvêr, då slår verkeleg om til pustegrader. Da vil det halde seg på plussida i overskodeleg framtid, mot neste helg.

I tillegg til glatt føre som gir utfordrande køyreforhold fleire stader, kan også snøen byrje å smelte. Det er venta at regnbyer måndag ettermiddag.

– I løpet av måndag ettermiddag vil det komme eit regnområde frå sør som gir gode plussgrader, og legger seg på den kalde bakken. Så da kan det bli litt ekstra kjipt, hevdar statsmeteorologen.

Men trass i mildare vêr, trur ikkje meteorologen våren kjem med det fyrste.

– Det er nok litt for tidleg å seie om våren kjem. Men vi er definitive inne i ein periode der det blir stort sett regn. Måndagen kan bli litt ufyseleg.

Glatte vegar i Nordland

Vegtrafikksentralen har merka vêromslaget i fylket laurdag.

– Me får jo ein god del meldingar om glatte vegar. Det er ein god del vatn i vegbanane òg, seier trafikkoperatør Tommy Aufles i Vegtrafikksentralen Nord.

Han legg til at det er fleire strekningar med krevjande køyreforhold.

– Når du får det vêromslaget som me fekk no, så blir det mykje på éin gong. Det er store område det er snakk om. Så det tar litt tid før entreprenørar har fått strødd og gjort vedlikehald over heile vegstrekket, seier Aufles.

Det har vore fleire små utforkøyringar i fylket som følgje av glatte vegar.

Laurdag morgon sklei ein trailer av vegen i Brønnøy og hamna på sida i grøfta.

Lastebilen ligg på sida i grøfta.

Laurdag morgon sklei ein trailer av vegen i Brønnøy og hamna på sida i grøfta.

Foto: Nordland politidistrikt / Politiet

Trafikkoperatøren i vegtrafikksentralen ber trafikantane halde seg heime, om dei kan.

– Eg har ei oppfordring om at om dei som ikkje må ut og køyre, bør ikkje ut og køyre.

Også på fjellovergangane kan det vere krevjande køyreforhold, men trafikkoperatøren Aufles trur ikkje vêret vil føre til stenging enno.

– Kan E6 over Saltfjellet blir stengt?

– Foreløpig så går det bra. Det snødde ein god del der i natt til laurdag og var ein god del vind der òg. Då var dei litt redd for at det skulle stengast, men foreløpig så går det greitt.

Trafikk kamera Kobbskarmoen, i Nordland

På E6 er det enno mykje snø enkelte stader.

Foto: Statens vegvesen

– Kan det vere at det blir stengt utover dagen?

– Det er vanskeleg å spå. Det er vanskeleg å spå sånn sett, men eg trur det går bra.

Han legg til at dei har alt av mannskap på jobb for å rydde unna snø og slaps på vegane. Og ber folk følgje med på forholda før dei dreg ut på køyretur på slapseføret.

– Eg vil oppfordre trafikantane til å følge med på 175.no, der kan dei sjå dersom det er noko dei lurer på, seier trafikkoperatøren.

Publisert 28.02.2026, kl. 17.27 Oppdatert 28.02.2026, kl. 17.30

Read Entire Article