– Eg er jo ikkje overraska, for eg veit jo kva han har gjort, seier Karen Marie Reitan.
For tre år sidan blei ho funnen i videomaterialet frå legekontoret i Frosta.
Likevel fekk ho saka si lagt bort og var ikkje ein del av rettssaka der den tidlegare kommuneoverlegen blei funnen skuldig i 70 tilfelle av valdtekt og 82 tilfelle av å ha misbrukt stillinga si for å oppnå seksuell omgang.
No er Bye sikta for å ha valdtatt henne. Det skjer over tre år etter at politiet først beslagla videomaterialet frå legekontoret.
– Eg, som mange andre, veit jo vår historie, så at det ikkje blei med i første runde er jo heilt sjukt.
– Det er vondt, frykteleg vondt.
Nyleg fekk Reitan brev frå politiet om at ho er ei kvinnene som er fornærma i den skjerpa siktinga.
Foto: Jøte Toftaker / NRK– Kor mange år skal vi halde på med dette?
Da det blei tatt ut tiltale mot Bye i 2024, fekk Reitan beskjed om at saka hennar var lagt bort.
– Det var grufullt og det var så uforståeleg.
Onsdag blei det klart at politiet skjerper siktinga mot Arne Bye. Påtalemakta har reist formell sikting mot Arne Bye for 169 nye forhold mot 94 fornærma.
77 av disse var ikkje ein del av rettssaka mot Bye. Blant dei er Reitan.
– Eg synest det er skandaløst.
Reitan fortel at ho er glad for at politiet no har gått gjennom videomaterialet på nytt og tatt ut ei ny sikting, men er frustrert over at dette ikkje blei gjort da saka først blei etterforska.
– Det er bra at dei har gjort det dei skal gjere, men dei burde ha gjort det med ein gong, seier Reitan.
– Kor mange år skal vi halde på med dette?
Onsdag møtte Arne Bye som fornærma i ei straffesak i Trøndelag tingrett. Ein mann er tiltalt for mellom anna å ha slått Bye i fengsel.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKRettssaka mot Bye gjekk i tingretten frå hausten 2024. I fjor blei ankesaka behandla i Frostating lagmannsrett.
– No har det gått så lang tid. Det er tøft å stå i dette heile tida. Du får jo aldri pause.
– Om du er med, ikkje er med, at du ikkje blir høyrd og at du ikkje blir tatt på alvor ... Vi kjenner jo på ein frustrasjon over korleis politiet har arbeidd.
Bye sine forsvararar fortel til NRK at dei ikkje ønsker å gi ein kommentar før dei har fått gjennomgått den skjerpa siktinga.
Politiet beklagar
Politiadvokat Ole Andreas Aftret fortel at han forstår at fleire reagerer på etterforskinga politiet har gjort.
– Eg har full forståing for at dei meiner det. Og vi kan ikkje gjere noko anna enn å beklage og seie at no skal vi rette opp, seier Aftret.
Han beklagar at politiet har hatt videomateriale utan at dette blei ført for retten.
– Vi har sete på bevis som per no sannsynleggjer at dei har vore utsett for ei straffbar handling utan at det blei fanga opp.
– Det er fornærma som har opplevd at Arne Bye blei frifunnen for valdtekt av dei, men der vi likevel finn video der det framstår sannsynleg at dei har blitt valdtatt.
Politiadvokat Ole Andreas Aftret fortel at politiet beklagar.
Foto: Morten WaagøPolitiadvokaten peiker også på at det er fornærma kvinner som feilaktig har fått beskjed frå politiet om at dei ikkje har vor utsett for seksuelle overgrep.
– Dermed har dei ikkje hatt foranledning til å melde saka til politiet.
– Vårt fokus no er å få retta opp i dette.
Gjekk ikkje gjennom alt videomateriale
Aftret fortel at videomaterialet dei beslagla i 2022 var svært omfattande.
– Materialet var ikkje sortert på dei ulike pasientane på noko måte. Politiet måtte gjennomgå, identifisere fornærma, og ikkje minst sortere kva videoklipp som høyrer til kva pasient.
– Det var ulike kameravinklar, ulike lysforhold, ulike utsnitt, som gjorde at det for mange klipp, og også mange sentrale klipp, var vanskeleg å plassere dei på riktig pasient.
Politiet har beslaglagt omkring 6000 timar med video heime hos Bye.
Foto: PolitietPolitiadvokaten fortel at dei derfor tok ei avgjerd om at ein skulle finne tilfelle av det som etter lova blei definert som seksuell omgang.
– Når ein gjorde det, gikk ein vidare til neste pasient. Det førte til at politiet ikkje fekk gått grundig gjennom alle videoane på alle fornærma.
– Det gjer at me står her i dag med ei sikting på 94 fornærma, der størsteparten gjeld videoar som har vore i politiet sitt beslag.
Politiet har tidlegare fortalt at det er «hol i tidslinja» og at det truleg finst video som ikkje har blitt funnen.
– Vi har ikkje funne meir video og vurderinga av at det er sannsynleg at det finst video frå 2007 til 2016, den står framleis, seier Aftret.
– Det som har endra seg er at Stortinget har vedtatt ei ny foreldingsfrist på valdtekt, som gjer at alle dei forholda i så fall er forelda no.
Bye blei dømt til 21 år i fengsel i Trøndelag tingrett. Etter ankesaka blei han dømt til 16 år i lagmannsretten.
Foto: Vegard T. Blakstad / NRK– Gir ei øvre strafferamme på 21 år
I tingretten blei den tidlegare kommuneoverlegen dømt til 21 år i fengsel.
Ei lovendring gjorde at ein av paragrafane Bye blei funnen skuldig i, ikkje lenger finst. Etter at Frostating lagmannsrett behandla saka blei Bye derfor dømt til 16 år i fengsel.
Det nye lovverket skil på valdtekt og grov valdtekt.
I den skjerpa siktinga er det fem tilfelle av grov valdtekt.
– Det gir ei øvre strafferamme på 21 år i fengsel, fortel Aftret om siktinga.
Arne Bye blei dømt til 16 år i fengsel av Frostating lagmannsrett. Den nye siktinga gir ei øvre strafferamme på 21 år.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKHan fortel at tilfella der Bye er sikta for grov valdtekt skil seg frå andre tilfelle.
– Etter vår vurdering så er det tilfelle som skil seg ut frå det som har vore pådømt tidlegare og det som elles er omhandla i siktinga.
Politiadvokaten fortel at dei vurderer at framgangsmåten er meir smertefull og krenkande i disse tilfella.
– Difor vurderer vi at desse tilfella høyrer inn under bestemminga om grov valdtekt.
I disse tilfelle er det nytta ei framgangsmåte som avvikar frå dei andre sakene, fortel Aftret.
– Avviket knyt seg til kva som blir gjort og kvar det blir gjort. Vår vurdering er at dei tilfella sannsynlegvis oppfyller vilkåra for å kunne bli karakterisert som grov valdtekt.
Aftret fortel at politiet har som mål å bli ferdig med etterforskinga i løpet av våren. Når etterforskinga er fullført vil det eventuelt bli tatt ut ein ny tiltale mot Bye.
Publisert 15.01.2026, kl. 15.38

















English (US)