Onsdag hadde det norske landslaget ei open trening framfor fleire tusen tilskodarar på anlegget i Greensboro i Nord-Carolina.
På tribunen sat håpefulle supportarar. Dei følgde nøye med på dei norske stjernene. Kanskje kunne dei få ein autograf etter trening?
Men slik blei det ikkje. I staden gjekk dei norske spelarane bak lukka dører og tok bilde og signerte drakter med ein gjeng vanskelegstilte barn.
FOLKEFEST: rundt 3000 folk hadde møtt opp på treninga til det norske landslaget.
Foto: CHUCK BURTON / REUTERS,NTBDet reagerer fleire på.
– Det handlar om å byggje omdømet til laget, ein relativt liten gest som gjev stor gevinst, skreiv TV 2s sportskommentator Mina Finstad Berg i ein kommentar torsdag.
For medan dei norske spelarane berre skreiv autograf for ein liten meng folk, stod verdsstjerner frå Spania, Frankrike, Brasil, Nederland og Tyskland på rekke og rad for å signere autografar for ivrige fans.
Den spanske supertstjernen Lamine Yamal var populær då han møtte fansen.
Foto: Mike Stewart / AP / NTBVinicius Jr møtte supporterar som hadde møtt opp på Brasil-trening
Foto: CAEAN COUTO / Reuters / NTBVirgil van Dijk på Nederlands trening
Foto: JUAN MABROMATA / AFP / NTBJulian Nagelsmann, landlagssjef for Tyskland i lag med landslagsspelar Joshua Kimmich
Foto: ALEXANDER HASSENSTEIN / AFP / NTB
– Klønete handtert av NFF
NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg var til stades på treninga. Han skjønar godt at folk blei skuffa, og meiner det heile burde blitt gjort på ein annan måte.
– Det som kunne ha vore gjort annleis, er jo at dei hadde organisert det utandørs, så det var mogleg for dei på tribunen å kome ned på banen. Det som må seiast til forsvar for spelarane, er at det var ein fysisk barriere for å kome seg til tribunen der ungane var, seier Løkberg.
Han forklarar at det var sinne på tribunen blant fleire foreldre, då dei innsåg at barna ikkje fekk signaturar frå fotballheltane sine.
VINK: Dei norske stjernene vinka opp til publikum før dei gjekk innandørs for å signere autografar til nokre utvalde.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB– Dei norske spelarane gjorde ikkje noko gale. Dei følgde det opplegget som var blitt laga av folka rundt dei, skriv Finstad Berg og held fram:
– Men det burde ha vore mogleg å setje av eit kvarter på slutten av treninga til å møte noko av dei ivrigaste barna blant publikum under ordna former. Det ville vore nok.
– Dei (landslagsspelarane) har berre følgt ordre og gjord det dei har fått beskjed om, så er vel konklusjonen at det er litt klønete handtert av NFF si side og dei som er ansvarleg. Det var mogleg å lage til ein seanse også utandørs utan at det krev for mykje krefter og energi, seier Løkberg.
- Fotball-VM startar i kveld. Første kamp er Mexico mot Sør-Afrika. Du kan følge han på NRK Radio frå klokka 20.00:
Mediesjef i NFF, Morten Skjønsberg, forklarar bakgrunnen for valet til NRK:
– Me hadde eit opplegg som me hadde planlagt for lenge sidan med dei lokale arrangørane der me brukte tida på ei gruppe barn som har hatt ulike utfordringar i livet. Det gjorde me i ganske mange minutt inne på anlegget her, seier Skjønberg og held fram:
– Det var opplegget som var lagt, og det fungerte iallfall bra for dei barna som fekk autograf, og så håpar eg, og trur, at mange av dei som kom og såg på treninga var fornøgd med det.
FØLGDE NFF SITT OPPLEGG: Morten Thorsby fortel at han følgde NFF sitt opplegg for den opne treninga.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB– Skjønar at det er kjedeleg
Landslagsspelarane forklarar til NRK at dei berre følgde NFF sitt opplegg for treninga.
– Me fekk beskjed om at me skulle gjere treninga ferdig og skrive autografar etterpå. Det skulle me gjere innandørs til nokre barn som var plukka ut. Eg kan skjøne at dei som møtte opp ønska noko meir, seier Patrick Berg til NRK.
Han held fram:
– Det er ein litt ny situasjon for NFF vil eg tru. Ein må prøve og feile litt og kjenne kva som blir riktig for alle partar.
Berg fortel at det er fleire ting ein må ta omsyn til, mellom anna sikkerheita rundt dei største stjernene.
Morten Thorsby forklarar at det ikkje er uvanleg med opne treningar framfor tusenvis av fans.
– Det er også vanleg i klubbkvardagen, der ein kan ha open trening, og det kjem 3000 menneske som skal ha 3000 autografar, så står du der i fleire timar. Det hadde nok dessverre ikkje gått, så skjønar eg at det er kjedeleg. Det er fantastisk at det stiller opp så mykje folk, men kanskje me kunne ha gjort det på ein annan måte. Eg veit ikkje, seier Thorsby.
Publisert 11.06.2026, kl. 18.21 Oppdatert 11.06.2026, kl. 18.40













English (US)