Det bryggar på ny opp til politisk storm rundt EUs reviderte avløpsdirektiv.
Denne veka reiste regjeringa til Brussel med eit klart mål:
Norske kommunar treng meir tid, og krava må tilpassast norske forhold.
– Eg opplever at vi har diskutert godt dei utfordringane vi har. Det er mange anlegg i Noreg som må oppgraderast på kort sikt, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) til NRK.
– Det er ingen løyndom at det er ei foreløpig berekning av at sekundær-reinsekravet kan koste 30–50 milliardar kroner. Spreier du det over ein tiårsperiode, så vil det vere i størrelsesorden 3–5 milliardar kroner meir i året, men som sjølvsagt også gir ein miljøgevinst for Noreg, sa klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) da den tikkande utgiftsbomba blei diskutert i Stortinget førre veke.
Foto: Jennifer JacquemartAndreas Bjelland Eriksen helser på EU-kommissær Wopke Hoekstra.
Foto: Jennifer JacquemartAndreas Bjelland Eriksen og Jessika Roswall, som er EU-kommissær for miljø, vassikkerheit og ein konkurransekraftig sirkulærøkonomi.
Foto: Jennifer Jacquemart
Dobling av gebyra i fleire kommuner langs kysten
Bakteppet er dystert for norske lommebøker. Det nye direktivet krev strengare reinsing av alt frå nitrogen og fosfor til restar av legemiddel og kosmetikk.
For mange kystkommunar betyr det at gamle anlegg må vike for teknologisk avanserte reinseparkar.
Rekninga hamnar direkte hos norske hushald.
I Fredrikstad i Østfold bygges et helt nytt renseanlegg, FARA (Fredrikstad Avløpsrenseanlegg) på 13.000 kvadratmeter.
Foto: Frode Fjerdingstad / NRKByggingen startet i 2023 og skal etter planen være ferdig i 2026.
Foto: Frode Fjerdingstad / NRKOver 100 personer jobber på den enorme byggeplassen.
Foto: Frode Fjerdingstad / NRKAnlegget bygges for å kunne gi rent vann til 150.000 innbyggere.
Foto: Frode Fjerdingstad / NRKDirektør Johnny Sundby viser stolt fram anlegget.
Foto: Frode Fjerdingstad / NRKProsjektet koster 2,3 milliarder kroner, og det er innbyggerne som skal betale.
Foto: Frode Fjerdingstad / NRKAnlegget skal rense ut fosfor og partikler og fjerne overflødig nitrogen fra avløpsvannet.
Foto: Frode Fjerdingstad / NRK
I Øygarden kommune er tala dramatiske: Utan justeringar i definisjonane må innbyggarane innstille seg på at avløpsgebyret aukar frå 7.400 kroner til 14.000 kroner i året.
– Direktivet og kampen for eit reinare hav er bra, men eg er bekymra for kostnadene, seier Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik (H).
Han leier ein delegasjon lokalpolitikarar som har kjempa for auka handlingsrom i EØS-regelverket.
– Om ikkje Noreg gjer justeringar i det nasjonale regelverket, kan dette bli veldig kostbart, åtvarar ordføraren.
– Delar av Noreg har behov for auka reinsing, mens andre ikkje har det. Det viktigaste er å sjå kva vi kan gjere med våre eigne nasjonale reglar for å sikre eit størst mogleg handlingsrom innanfor dette EU-direktivet, seier Tom Georg Indrevik.
Foto: Benjamin Dyrdal / NRKStortinget krev ny utgreiing
Samtidig som statsråden forhandlar i EU-hovudstaden, set Stortinget på bremsene.
Tysdag ettermiddag er det venta at eit breitt fleirtal vil sende ein streng beskjed til regjeringa: Dei faktiske konsekvensane må greiast ut på nytt før direktivet blir implementert i norsk rett.
Vedtaket er ikkje eit bastant «nei» eller veto, men eit krav om at regjeringa snur kvar stein for å finne billigare løysingar. Spesielt må definisjonen av «tettgrend» under lupa.
Kjernen i dei skjerpa krava er at grensa for store tettstadar, som må reinse avløpsvatnet to gonger, blir flytta.
I dag er det berre tettbygde strok med meir enn 10.000 innbyggjarar som må ha totrinnsreinsing.
Javad Parsa / NTB
Trygve Slagsvold Vedum, Sp-leiar
Ap-regjeringa ser ut til å vilje innføre EUs reviderte avløpsdirektiv utan konsekvensutgreiing eller tilpassingar til norske forhold. Det er uhaldbart når mange innbyggarar kan få ei gigantrekning gjennom auka avløpsgebyr. Derfor er det viktig at eit fleirtal på Stortinget går inn for at regjeringa må greie ut kostnadene av dette EU-direktivet.
William Jobling / NRK
Marius Dalin, stortingsrepresentant for MDG
Betre kloakkreinsing vil koste pengar, men det må til for å bevare natur og fiskeressursar. Det trur eg alle interesserte i. samtidig er det viktig å tilpasse dette til ilpasning til norske forhold og vi bør ha grundigare kostnads- og CO₂-analysar.
Tom Balgaard / NRK
Helge André Njåstad, stortingsrepresentant for Frp
Noreg har éin gong før brukt vetoretten sin overfor EU. No har vi ein ny situasjon der vi av omsynet til hushalda sine utgifter, kunne tenkt oss meir EU-tilpassing. Kvifor er det viktigare med staten sine utgifter enn hushalda?
Milliardar å spare på definisjonar
To rapportar illustrerer det økonomiske spennet i saka:
Miljødirektoratet reknar kostnadene til rundt 33 milliardar kroner.
Menon Economics (på oppdrag for KS) meiner det er mogleg å spare inntil 25 milliardar kroner dersom Noreg omdefinerer kva som blir rekna som ei tettgrend.
Noreg argumenterer med at geografien – med djupe fjordar, kaldt klima og spreidd busetting – gjer at vi har heilt andre behov enn flatbygdene i Sentral-Europa.
Ordførar Indrevik legg ikkje skjul på at det blir dyrare å trekkje ned i do i åra som kjem:
– Noko auke i avgiftene framover er vi nøydde til å vere førebudde på. Reine fjordar og rein sjømat er viktig både for oss sjølve og eksportnæringa, seier han.
Stortinget meiner dei foreløpige anslaga på 33–50 milliardar kroner er for usikre. Dei krev ei fullstendig oversikt over kva kommunar som blir ramma hardast og nøyaktig kva det vil koste innbyggarane i form av auka gebyr.
Foto: Fri brukPublisert 17.03.2026, kl. 12.36














English (US)