Reiste 11 timar med buss for tog

5 hours ago 4



På grunn av innstilt tog på Nordlandsbanen mellom Trondheim og Bodø måtte fleire reisande nytte buss for tog på strekninga.

– Det var ein lang tur. Eg tok fyrst tog frå Oslo til Trondheim også buss for tog til Bodø. Det har blitt 10–11 timar på buss i dag, seier Anders Henriksen.

Vidare legg han til at det var vatn og air condition på bussen, så reisa har elles gått bra, men det var ikkje mat å få så det måtte dei ha med sjølve.

– Turen gjekk veldig greitt, det var litt varmt men passasjerane var veldig nøgd, forstod eg, seier Magnar Green, Bussjåfør i Austads bussar.

Green opplyser om at det var to sjåførar som tok på seg køyreturen nordover.

– Vart det tid til ein ispause?

– Nei, me har vore bakpå heile vegen, så det vart fem minutt med beinstrekk i Mosjøen, seier Green.

Read Entire Article