Finansmarknaden reagerer med skuldertrekk: – Folk ignorerer Trump

5 hours ago 4



I starten av april, då Trump kunngjorde skyhøge tollsatsar, reagerte finansmarknaden med sjokk og vantru. Det var børsfall over heile verda.

Men sidan har ikkje Trump sine toll-nyheiter hatt nemneverdige utslag i finansmarknaden.

Sjølv etter å ha trua med 30 prosent toll på varer frå EU i helga, der EU no har varsla kraftig motsvar, var det ikkje nemneverdig store bevegelsar verken på europeiske børsar eller på Wall Street måndag.

– Folk har resignert litt, seier investor Jan Petter Sissener.

Jan Petter Sissener kommenter situasjonen med Anniken Huitfeldt og aksjehandlene til mannen hennes, Ole Flem

Trass mange krumspring frå den amerikanske presidenten, har investor Jan Petter Sissener framleis trua på den amerikanske økonomien.

Foto: NRK

Dei stadige og varierande utspela, både når det gjeld storleiken på tollsatsane og kva land det vil gjelde, men ikkje minst at tidsfristane for avklaringar berre blir skyvde ut i tid, er årsaka, ifølgje Sissener.

Trur på gyllen middelveg

Først venta alle avklaringar 9. juli, men no er det brått 1. august som har blitt den nye datoen.

– Det er veldig lenge frå i dag og til 1. august i forhandlingssamanheng. Det er hovudgrunnen til at folk ignorerer Trump, seier Sissener.

– I normale omstende skulle ein jo tru at slike forbausande utspel frå ein president ville få marknaden i stå. Trur ein ikkje lenger på han?

– Nei, det er nok heller det at ein trur at Trump ikkje er som alle andre presidentar. Han er veldig kommersiell, og han vil ikkje vere den presidenten som øydelegg verdsøkonomien.

Difor analyserer Sissener marknaden slik at dei fleste tolkar det Trump gjer no som forhandlingsutspel, og at ein vil lande på ein gyllen middelveg som er til å leve med.

Brått eller venta dødsfall

Også investor Peter Warren nemner håpet om at Trump vil justere ned tollsatsane.

– Det tek lang tid før tollsatsane slår ut økonomisk, men det vil bety lågare vekst globalt. Håpet er at USA vil justere seg når nettopp dette blir openbert, seier Warren.

Han samanliknar marknadsreaksjonane etter tollsjokket i starten av april, og dei siste toll-nyheitene, med reaksjonane ein får etter eit brått og eit venta dødsfall.

– No har vi fått tid til å prosessere dette undervegs, seier Warren.

en mann i hvit skjorte

Investor Peter Warren trur mange bedrifter allereie har sett på alternative marknader til den amerikanske, og har mange har komne langt i nettopp denne tenkinga.

Foto: Tom Balgaard / NRK

– Investerer som normalt

Sissener har store summar investert både i amerikanske og europeiske selskap.

– Har du gjort endringar i kva slags selskap du investerer i, eller er det «business as usual»?

– Vi investerer som normalt. Vi har litt større krav til likviditet, at det skal vere enkelt å selje seg raskt ut av ein aksje, dersom vi skulle ta feil i våre vurderingar, seier Sissener.

en mann som sitter foran en datamaskin

Equinor, DNB og Norwegian er alle selskap som er noterte på Oslo Børs.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Likvide aksjar er dei det blir kjøpt og seld mest av i løpet av ein dag. Som døme omsetjast det fleire hundre millionar aksjar i store selskap som Equinor, DNB og Norwegian kvar dag.

Sidan etterspurnaden er stor, vil det difor som regel vere lett å selje seg heilt ut på ein dag, om ein skulle ønskje det. I andre selskap er handelen såpass liten, at det kan ta lengre tid å selje aksjane sine.

Sit stille i båten

– I tillegg ser vi på mengda av eksport til USA, og kor følsame selskapa er for ein redusert etterspurnad frå USA. Nokre selskap sit jo også på produkt som USA ikkje klarer seg utan, seier Sissener.

en mann som står foran en datamaskin

Sissener trur mange investorar er veldig usikre, og som følgje av det ikkje flyttar på dei veldig store summane i aksjemarknaden.

Foto: Martin Leigland / NRK Nyheter ENG5

Ifølgje Sissener er det mange som sit stille i båten no, og han merkar det på at det ikkje er så mange aksjar i omløp.

– Folk gjer ikkje dei store sprella, med mindre det er grunn til å gjere det. Vi sit på aksjane vi har tru på, i høgkvalitetsaksjar. Det er rådet mitt til folk, seier Sissener.

Inga tru på snarleg avklaring

Investorane har altså blitt vane med Trump sitt modus operandi, ifølgje valutastrateg Magne Østnor.

en mann som sitter foran en datamaskin

Valutastrateg i DNB Carnegie, Magne Østnor, meiner vi ser ei avventande haldning i finansmarknaden.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Men noka endeleg avklaring på kva tollsatsane faktisk vil bli på den 1. august, har Østnor inga tru på.

– Den usikkerheita vi har no må vi leve med ganske lenge, seier Østnor.

Publisert 14.07.2025, kl. 22.30 Oppdatert 14.07.2025, kl. 22.57

Read Entire Article