Leiaren i Bygdepride Anbjørn Steinholm Frislid, seier mange frivillige stilte opp for å få på plass flagga igjen før den store festdagen under Bygdepride.
Han er svært skuffa over hærverket, sjølv om han ikkje er overraska.
- Det skapte også stor debatt då Volda kyrkje inviterte folk til å gå med dei i prideparaden
Frivillige mobiliserte for å få opp att alle flagga. Som her i Ørsta.
Foto: Tare Reklev Øvrebø, BygdeprideSjekkar overvakingskamera
Den tradisjonelle paraden starta klokka 15, og difor hasta det med å få fiksa alle flagga.
Politiet er kontakta, og dei har sett i gang etterforsking. Dei har ingen mistenkte i saka enno.
– Patruljen har kartlagt kor det er fjerna flagg. Og så undersøker vi om dei plassane kan ha videoovervaking, seier operasjonsleiar Renate Solheim Lysvik i Møre og Romsdal politidistrikt.
Frivillige fiksar flagga i Volda.
Foto: Hild NordalPatruljen har undersøkt sju forskjellige plassar. Dei har også fått meldingar om at det skal ha skjedd i private hagar.
– Det med private flaggstenger har vi fått meldt inn, men det har vi ikkje fått stadfesta, seier ho.
– Kor alvorleg ser de på dette?
– Det er ikkje bra når bygda feirar, har lagt ned mykje arbeid og gleda seg til dagen, og så kjem det nokon og øydelegg for den innsatsen dei har lagt ned, seier operasjonsleiaren.
Ordføraren i Volda, Sølvi Dimmen (Sp), klar for prideparade.
Foto: Arne Flatin / NRKOrdføraren i Volda, Sølvi Dimmen (Sp) seier også alvorleg på saka.
– Det er veldig trist at ein ikkje kan respektere at det finst ulike syn på ting utan at det skal bli gjort hærverk.
Blitt vanleg
Leiar i Bygdepride, Anbjørn Steinholm Frislid er klar for å feire trass i at politiet etterforskar flaggsaka.
Foto: Arne Flatin / NRKAnbjørg Steinholm Frislid i Bygdepride seier det kan vere snakk om rundt ti flagg på kommunale flaggstenger.
– Eg blei litt sjokkert. Men vi opplevde jo søndag også at fleire av flagga våre forsvann, seier han.
Den saka blei også meld til politiet av Ørsta kommune. Han seier også at dei har opplevd liknande kvart år sidan dei starta Bygdepride i 2018.
– Vi har jo blitt ganske vant med at det har skjedd. Vi har flagg som har forsvunne kvart einaste år, men eg har aldri sett det så organisert og voldsomt som det som har skjedd i natt, seier Frislid.
Flaggline kutta på flaggstong i Ørsta.
Foto: Tare Reklev Øvrebø/BygdeprideVanskeleg
Mange av flagga som er blitt tatt ned natt til laurdag er det gjort ein stor innsats for å få ned, meiner Bygdepride-sjefen.
Han synest hendinga er skuffande.
– Eg synest det er trist. Og eg ser ikkje heilt korleis dette flagget kan provosere så mykje at ein må rive det ned og gjere seg skuldig i kriminalitet, skadeverk, for å få det vekk, seier han.
Fleire flagg er komne opp att. Som her i Ørsta.
Foto: Tare Reklev Øvrebø/BygdeprideHan slår fast at det blei prideparade og ein stor folkefest i strålande solskin i Volda uansett.
– Vi ønsker berre opne og mangfaldige bygder der alle føler seg heime. Flagget er då eit viktig symbol for oss, seier han.
Publisert 10.05.2025, kl. 12.13 Oppdatert 10.05.2025, kl. 14.56