Reiv ned alle prideflagga i løpet av natta: – Det er trist

4 hours ago 4



– Mange frivillige har mobilisert og politiet er kontakta etter det som skjedde, fortel dagleg leiar i Bygdepride Anbjørn Steinholm Frislid.

Han er svært skuffa, sjølv om han ikkje er overraska.

Frivillige fiksar flagga i Volda, Pride

Frivillige fiksar flagga i Volda.

Foto: Hild Nordal

Sjekkar overvakingskamera

Det skal vere ein stor dag for Bygdepride laurdag. Den tradisjonelle paraden startar klokka 15, og difor hastar det med å få fiksa alle flagga.

Politiet er kontakta, og dei har starta etterforsking.

– Patruljen har kartlagt kor det er fjerna flagg. Og så undersøker vi om dei plassane kan ha videoovervaking, seier operasjonsleiar Renate Solheim Lisvik i Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet har undersøkt sju forskjellige plassar.

– Det med private flaggstenger har vi fått meldt inn, men det har vi ikkje fått stadfesta, seier ho.

– Kor alvorleg ser de på dette?

– Det er ikkje bra når bygda feirar, har lagt ned mykje arbeid og gleda seg til dagen, og så kjem det nokon og øydelegg for den innsatsen som har lagt ned, seier operasjonsleiaren.

Blitt vanleg

Anbjørg Steinholm Frislid i Bygdepride seier det kan vere snakk om rundt ti flagg på kommunale flaggstenger.

– Eg blei litt sjokkert. Men vi opplevde jo søndag også at fleire av flagga våre forsvann, seier han.

Den saka blei også meld til politiet av Ørsta kommune. Han seier også at dei har opplevd liknande kvart år sidan dei starta Bygdepride i 2018.

– Vi har jo blitt ganske vant med at det har skjedd. Vi har flagg som har forsvunne kvart einaste år, men eg har aldri sett det så organisert og voldsomt som det som har skjedd i natt, seier Frislid.

Flaggline kutta på flagg i Ørsta

Flaggline kutta på flaggstong i Ørsta.

Foto: Tare Reklev Øvrebø

Vanskeleg

Mange av flagga som er blitt tatt ned natt til laurdag er det gjort ein stor innsats for å få ned, meiner Bygdepride-sjefen.

Han synest hendinga er skuffande.

– Eg synest det er trist. Og eg ser ikkje heilt korleis dette flagget kan provosere så mykje at ein må rive det ned og gjere seg skuldig i kriminalitet, skadeverk, for å få det vekk, seier han.

Han slår fast at det blir Pride-parade og ein stor folkefest i strålande solskin i Volda uansett.

– Vi ønsker berre opne og mangfaldige bygder der alle føler seg heime. Flagget er då eit viktig symbol for oss, seier han.

Pride-flagg i Ørsta er hengt opp att

Fleire flagg er komne oppatt. Som her i Ørsta.

Foto: Tare Reklev Øvrebø

Publisert 10.05.2025, kl. 12.13 Oppdatert 10.05.2025, kl. 12.58

Read Entire Article