Hannah (24) er fødd utan djupnesyn – trassa råda til legane

6 hours ago 3



– Gjennom livet har eg alltid prøvd å motbevise folk.

Da ho var ei lita jente, fekk engelske Hampton tydeleg beskjed av legen:

Det er tre yrke du må halde deg unna: hjernekirurg, pilot – og profesjonell idrettsutøvar.

Men Hampton trassa åtvaringane.

I alle fall éin av dei.

Slit med å helle vatn

en person i rød fotballdrakt

UTFORDRINGAR: Hampton blei fortalt at ho ikkje kunne spele fotball.

Foto: Peter Cziborra / Reuters / NTB

Hampton er nå aktuell for det engelske fotballandslaget – som førstemålvakt i EM i Sveits. Men det var aldri gitt at det var eit mål ho i det heile kunne sette seg.

24-åringen blei fødd med ein augesjukdom som gjorde at ho skjelte.

– Eg blei fortald frå eg var ung at eg ikkje kunne spele fotball. At det ikkje var eit yrke eg kunne forfølge. Men her er eg, sa Hampton til BBC tidlegare i sommar.

Ho har gått gjennom mange operasjonar for å prøve å rette opp synet, men slit framleis med djupnesynet.

Berre det å helle eit glas med vatn kan vere vanskeleg.

– Om eg ikkje held i glaset eg skal helle i, så bommar eg fullstendig, seier ho til CNN.

Da ho var yngre var det også «vanleg» for ho å brekke fingrane.

– Da eg var yngre og spelte basketball, så brekte eg kvar einaste finger eg hadde. Da tenkte eg «kvifor er det alltid meg?». Kvifor kan eg ikkje berre ta imot ein ball?

Det var etter dette ho fekk diagnosen som gjorde at ho forstod meir. Men ho gav seg ikkje. Og nå er å ta imot ballar den viktigaste oppgåva ho har. Som ho også skal gjere når England skal forsvare æra si i Sveits.

En gruppe kvinner i sportsuniformer

TILLIT: Hannah Hampton har fått tillit i mål av landslagstrenar Sarina Wiegman.

Foto: Kirsty Wigglesworth / AP / NTB

– Wow

Cecilie Fiskerstrand er målvakt for det norske landslaget og lèt seg imponere av Hampton.

Wow, det var eg ikkje klar over. Det var jo heilt fantastisk da. Det er frykteleg synd å få ein sånn beskjed, men det er veldig kult å høyre at når folk får sånne dårlege beskjedar og klarer dei å kjempe seg igjennom det, seier ho til NRK.

Det er sånne historier som gir håp og glede som vi har godt av i den verda vi lever i nå.

Også Noregs landslagstrenar Gemma Grainger lèt seg imponere – og overraske – av Hampton si historie. Til liks med Fiskerstrand er «wow» det første ordet som kjem når ho får høyre om Englands førstemålvakt.

For kven som helst, men spesielt ei ung jente ... å bli fortalt at du ikkje kan spele fotball, det er openbert ikkje noko nokon vil høyre. Det høyrest veldig inspirerande ut. Det er ei fantastisk historie for folk som blir fortalde at dei ikkje kan gjere noko, seier Grainger til NRK.

– Sånne råd gir eg ikkje

Overlege Aimée Sjaastad jobbar ved augeavdelinga på Ullevål sjukehus og har operert personar med strabisme i over tjue år. Ho presiserer at ho ikkje kjenner til tilstanden til Hampton, men fortel at det er utruleg mange variantar av skjeling, eller strabismus. Resultata etter operasjon kan også variere.

– Av og til held det med éin operasjon, av og til må ein ha fleire, fortel Sjaastad.

– Det blir danna tidleg i livet, evna til å bruke auga saman. Så sjølv om ein liksom skulle operere veldig vellykka. Eg pleier å seie til pasientar at eg jobbar som ein snikkar, eg kan bevege kor auga står, men ikkje korleis hjernen bruker dette og fangar opp.

Hampton har fortalt om beskjedar frå legane om at det er ting og yrke ho må halde seg unna. Slike beskjedar gir ikkje Sjaastad til pasientane sine.

en person som holder et trofé

KOMME LANGT: Hampton trassa åtvaringane til legane, og nå har ho blant anna vunne FA-cupen med Chelsea.

Foto: Isabel Infantes / Reuters / NTB

– Nei, sånne råd gir eg ikkje. Men det er klart at det kjem jo av og til ungdommar til meg, som nettopp vil bli pilotar eller noko sånt, eller jobbe i politiet, der dei har veldig strenge synskrav, og da må ein jo sjå om det går an å gjere noko for å få det betre, seier ho.

Ho har lese litt om situasjonen til Hampton og synest det er imponerande.

– Det som eg synest er veldig vakkert med denne historia, og kjempenydeleg at ho tar opp, er jo det at ho greier å gjere det som ein skulle tru ein treng aller mest djupnesyn til. Noko som kjem så fort mot deg, ikkje sant? Det greier ho likevel, seier Sjaastad.

  • England speler sin første EM-kamp mot Frankrike 5. juli. Kampen kan du sjå på NRK1, i NRK TV eller høyre på NRK Sport på radio frå kl. 21.00.

Lagkameratens påfunn: – Tenkt at jeg hadde blitt gal 00:48

Publisert 05.07.2025, kl. 07.43

Read Entire Article