Reknar med å få auka utgifter på 100.000 kr

1 day ago 6



– Me går inn i høgsesongen for vår del. Me brukar mykje diesel i drifta vår. Det er diesel som er energikjelda vår.

Bonde Jan Erik Fløtre frå Byrkjelo står og fyller den store tanken på traktoren sin.

– Fyller ein på 200 liter blir det fort 4600kr for ein full tank.

Etterlyser meir hardtslåande tiltak

Fløtre er leiar i Vestland Bondelag. Han er ein av dei som no kjenner litt ekstra på dei høge drivstoffprisane.

Mann i kjeledress står mellom ein blå traktor og drivstoffpumper

Jan Erik Fløtre, leiar i Vestland Bondelag, er ikkje godt nok fornøgd med tiltaka frå stortingsfleirtalet.

Foto: Bård Siem / NRK

Han reknar med å tapa mykje pengar viss prisnivået held seg om lag slik det er i dag, trass varsla avgiftsreduksjon.

– Viss prisane held fram på dette nivået ut året, vil det utgjera 100.000 kr i auka kostnadar.

Han synest det er bra at det blir gjort noko med drivstoffprisane, men hadde håpa på enda meir nedsette prisar.

– Sjølv når prisane blir sette ned, er det framleis ein høg pris etterpå.

– Både for bondenæringa og for anleggsbransjen er dette ein enorm kostnadsauke som ein ikkje klarar å ta ut igjen i marknaden. Iallfall ikkje på kort sikt.

Vedtok tiltak

Torsdag førre veke vedtok stortingsfleirtalet, med Høgre og Senterpartiet i spissen, å setta ned avgiftene på bensin og diesel.

Frå 1. april blir difor avgiftene på bensin og vanleg blank diesel sett ned med fleire kroner.

Nokre av tiltaka let likevel venta på seg til etter påska.

Dette gjeld mellom anna avgifta på den såkalla avgiftsfrie dieselen som mellom anna bøndene nyttar seg av.

Dette er det likevel venta at regjeringa skal gjennomføra etter påske, i tråd med stortingsvedtaket.

Uro også i anleggsbransjen

Bondelagsleiaren si uro blir delt av Thomas Østerbø i det Førde-baserte anleggsselskapet Entreprenørservice.

– Hovudproblemet er det generelle prisnivået på drivstoff som har skote i vêret. Prisen på diesel er uansett reduksjon, langt høgare enn han var for nokre månadar sidan.

Entreprenørservice

Thomas Østerbø frå anleggsbransjen er bekymra over det generelle auka prisnivået på drivstoff.

Foto: SOLVEIG SVARSTAD / NRK

Østerbø som har om lag 70 tilsette og ein omsetnad på over 300 millionar kroner er likevel tydeleg på at alle monner drar.

– Anleggsbransjen er inne i knallharde tider. 2,5 kr literen blir ganske mykje pengar for ein bedrift som brukar 1 million liter i året.

– Viktig å føreslå ting som faktisk får fleirtal

Senterpartiet gjekk imot budsjettavtala som dei var med på å godkjenna i haust då dei førre veke gjekk i bresjen for å få senka avgiftene på drivstoff i Stortinget.

Stortingsrepresentant frå Senterpartiet, Geir Pollestad, seier at han har fått god respons på vedtaket.

– Me har høyrt frå mange bønder og frå Bondelaget at dei meiner dette er bra. Det er sjeldan det kjem så store kutt som dette.

Stortingsrepresentant for Senterpartiett, Geir Pollestad om Grønlandstoll.

Geir Pollestad er fornøgd med tiltaka som er vedtekne.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / nrk

Han er fornøgd med vedtaka som er gjort, men skjønar at eit avgiftskutt på 2 kroner og 50 øre ikkje er så stort når dieselprisen er på over 20kr.

– Eg forstår godt at dei ønsker meir. Det er ikkje fjernt for oss heller, men no var det dette me fekk fleirtal for i Stortinget.

– Det er viktig for Senterpartiet å føreslå ting som faktisk får fleirtal i Stortinget.

Tiltaka skal vera merkbare

Stortingsrepresentant for Høgre, Ove Trellevik, seier at tiltaka som er vedtekne av Stortinget skal kunna merkast for alle som har behov for drivstoff, òg for bøndene.

– Når me får fjerna dei avgiftene som vedteke, så skal det vera merkbart.

– Me har ikkje ambisjonar om å gjera det heilt upåverka at det er ein ekstraordinær situasjon, men me har tenkt å avhjelpa noko.

Mann i dress sitter ved bord

Ove Trellevik seier at tiltaka skal kunna merkast.

Foto: NRK

Han legg samstundes noko av ansvaret på oljeselskapa.

– Men det er viktig at oljeselskapa òg ser poenget her, og ikkje er altfor grådige.

Publisert 31.03.2026, kl. 22.51

Read Entire Article