Rekordlåge tal for posebruken: – I ferd med å endre rutinar

5 hours ago 4



– Det er bra at ein har blitt meir klar over å ta med enten handlenett eller sekk, seier Malin Helen Westerlund.

en kvinne som smiler til kameraet

Etter handleturen pakkar Malin Helen Westerlund varene sine i ein ryggsekk.

Foto: Jan Kenneth Bråten / NRK

I kassa på butikken takkar ho nei til plastpose. Det gjer ho fordi ho synest posane er dyre, og skadelege for miljøet.

Nye tal frå Handelens miljøfond viser at stadig fleire vel å gjere som Westerlund.

I april 2024 brukte kvar nordmenn i snitt 76 posar i året. I april 2025 hadde talet sokke til 53 per person.

Handelens miljøfond: – Gledeleg å sjå

Posane har blitt stadig dyrare dei siste åra. 1. april auka kontingenten på plastposer enda ein gong, frå 3 til 4 kroner.

Handelens miljøfond grunngav auken i kontingenten med at forbruket av plastposar ikkje går fort nok ned.

Cecilie Lind står med armene i kors og lener seg inntil en lys trevegg. Hun har kortklipt lyst hår, har på seg sort dressjakke og grønn bluse. Bakgrunnen er uklar og lys.

Lind fortel at april tradisjonelt har vore ein månad med høgt plastposeforbruk.

Foto: Handelens Miljøfond

– Det er ekstra gledeleg å sjå at kontingentauken og endra vanar blant folk nå gir resultat, seier dagleg leiar i Handelens miljøfond, Cecilie Lind.

Ho meiner likevel at vi ikkje er i mål. I samsvar med EUs plastposedirektiv er målet til miljøfondet å komme ned til 40 posar per person innan utgangen av 2025.

Med 53 posar per person er Noreg nærare målet enn nokon gong.

– Vi har framleis ein jobb å gjere, men det går heldigvis i rett retning, seier Lind.

  • en mann som smiler til kameraet

    Jan Kenneth Bråten / NRK

    Arne Dahlbak

    – Det er to grunnar til at eg ikkje kjøper pose i butikken. Det er dyrt, men først og fremst for å spare miljøet. Det er flott at salet stuper.

  • en person som har på seg en oransje jakke

    Jan Kenneth Bråten / NRK

    Kidsti Swaldet

    – Det kostar mykje for ein pose, så det treng eg ikkje. Det er betre å kjøpe ein eigen pose da. Eg synest det er bra at folk kjøper mindre posar fordi det er bra for miljøet.

  • en mann som smiler til kameraet

    Jan Kenneth Bråten / NRK

    Sven Åge Karlsen

    – Eg tar med to sykkelbaggar på butikken for å sleppe å bere posane i hendene. At salet av posar stuper synest eg er heilt greitt, for det er så mange baggar du kan ha med deg som går i gjenbruk.

Éin type posebruk veks

Sjølv om salet av handleposar av plast har gått ned, har salet av plastposar på rull auka kraftig.

Avfallsposene til Coop selges seks ganger så mye av som for to år siden.

Foto: Espen Bierud

For første gong er det meir vanleg å bruke avfallsposar på rull til restavfall, enn å bruke plastbereposar, viser ei ny undersøking.

Cecilie Lind i Handelens miljøfond ser på det som eit viktig vendepunkt.

– Det viser at vi er i ferd med å endre rutinane våre i ei meir berekraftig retning, seier Lind.

Ein som har begynt å gå til innkjøp av avfallsposar på rull er Kari Sand.

– Eg synest det er bra at salet av plastposar søkk, men vi skal jo ha nokon posar vi kan kaste restavfall i. Da må eg jo kjøpe ruller med andre plastposar.

en person som holder en blå pose

Sand har gått til innkjøp av handlenett og ein trillebag for å frakte matvarer.

Foto: Jan Kenneth Bråten / NRK

Publisert 08.05.2025, kl. 09.08

Read Entire Article