Rekordmange vil gå på kristne vidaregåande skular

2 hours ago 2



– Det er ein veldig fin skule å gå på. Eg anbefaler andre å gjere det same, seier Amalie Hageberg Brekke (17) frå Stord.

Ho er inne i sitt andre år på den kristne vidaregåande skulen Sygna i Balestrand.

– Her bur vi på internat, og då blir ein fort kjent. Det er fint å få bu med vennene sine, seier 17-åringen.

Stadig fleire gjer som henne og vel ein kristen vidaregåande skule.

Berre les desse søkjartala for neste skuleår:

  • Tryggheim vgs (Rogaland): 633 søkjarar til 230 plassar
  • KVS Lyngdal (Agder): 442 søkjarar til 138 plassar
  • Tomb vgs (Østfold): 500 søkjarar til 300 plassar
  • Drotningborg (Agder): 280 søkjarar til 66 plassar

to elevar i eit klasserom

REKORD: Stadig fleire gjer som elevane på Sygna og vel ein kristen vidaregåande skule. Amalie Hageberg Brekke førebur seg til eksamen, men er like blid fordi om.

Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRK

I fjor melde fleire om rekord – og trenden held fram.

Fleire av dei 38 skulane melder om rekordstor søknad til komande skuleår.

  • Tryggheim vgs. Rekordmange søkjarar til kristne vidaregåande skular

    Tryggheim vgs. har rekordmange søkjarar i år. Her er det 633 søknader til 230 studieplassar på VG1.- Det er rekordhøgt og ein oppgang på 6,57 frå i fjor som også var eit rekordår, seier rektor Gjermund Viste.

    Foto: Simon Elias Bogen / NRK
  • ein gruppe bygningar ved sidan av ein vassmasse (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    KVS Lyngdal har 443 søkjarar til 138 plassar på vg1 til hausten. Rektor Ole Fladstad seier dei har hatt ein solid auke, og særleg dei to siste åra. Han meiner det har blitt ein trend å gå på internatskule, og at mange unge søker «noko meir».

    Foto: KVS-Lyngdal
  • Gjennestad vidaregåande skole

    Gjennestad vgs. har 200 elevar som har takka ja til skuleplass neste skuleår, noko som er ein oppgang. Dei trur eit godt omdømme, at dei er ein rein yrkesfagleg skule, samt at fleire elevar er opptatt av og nysgjerrige på kristen tru er årsaka.

    Foto: Karoline Stangenes
  • KG Oslo

    Kristeleg Gymnasium har gode søkjartal og fylle opp skulen kvart år, ifølge rektor. For nokre år sidan hadde skulen ein oppsving i søkartalet, medan dei no er tilbake til normalen.

    Foto: Gorm Kallestad / NTB
  • vestborg vgs.

    Vestborg vgs. har ein kraftig oppgang frå tidlegare år. Totalt er auken frå i fjor på 40 prosent og for vg1 er auken på 59 prosent, opplyser rektor Jon Ove Holen. Dei må 20 år tilbake i tid for å finne elevtal som er i nærleiken av det dei har no.

    Foto: Edvin-A Hugvik / HugvikFoto
  • et vassområde med bygningar og trær rundt seg (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    Framnes vgs. i Hardanger har blant dei beste søkjartala på mange år. Rektor Harald Voster seier dei jobbar for å skape eit godt miljø på skulen, noko han trur betyr ein god del for søkjartala.

    Foto: Framnes vgs.
  • eit brunt bygg

    Tomb vgs. hadde i starten av mars 500 søkjarar, ein oppgang på nær 50 frå fjoråret. Skulen ser ein trend med stadig fleire som vil gå på skulen. Til hausten er dei truleg oppe i 300 elevar. Dei trur eit godt rykte, gode tilsette og bra internatmiljø er årsaka.

    Foto: tomb vgs
  • Diktbok gutter Drotningborg

    Drotningborg melder om rekordmange søknader til VG1. I vår hadde dei 280 søknader til 66 studieplassar.

    Foto: Ukjent

Mellom anna har Tryggheim og Drottningborg aldri hatt så mange søkjarar til VG1 som no.

Må bygge nytt internat i rekordfart

Vestborg og Tryggheim ser behov for fleire internatbygg for å huse alle som vil gå der.

På Sygna har dei nyleg sett spaden i jorda for ta imot opp mot 20 nye elevar i nytt internatbygg.

ein mann på ei tomt

I rekordtid skal det byggast eit nytt internat på denne tomta ved Sygna vgs. - Vi har ikkje meir tid enn det trengst, seier rektor Frode Bøthun.

Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRK

– Vi har elevvekst og synest det er for gale at mangel på sengeplassar skal stoppe elevar frå å gå på Sygna, seier rektor Frode Bøthun.

Planen er at internatet skal stå ferdig til skulestart for å huse nær alle dei 170 internatbuarane. Noko som betyr at dei har litt dårleg tid, vedgår rektor.

Sogn Avis skreiv først om byggearbeidet som starta nyleg.

elevar ved ein skule

Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRK

At dei kristne skulane nasjonalt har ein oppgang, trur rektoren kjem av verdigrunnlaget.

– Mange er opptatt av at vi er ein kristen skule. Vi bygger på nokre verdiar som er viktige for oss, seier han.

At vi lever i ei uroleg verd trur han også spelar inn.

– Kanskje vi har nokre verdiar som står fast uavhengig av kva som skjer i verda. Noko trygt.

Ved Framnes KVGS konstaterer rektor blant dei beste søkartala i si tid som rektor.

en gruppe mennesker som spiller et spill (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Framnes i Hardanger har blant dei beste søkjartala nokon gong. Rektor håper tala vil halde seg høge og stabile, men trur ikkje søkjartala vil vekse særleg meir.

Foto: Framnes vgs.

– Vi jobbar bevisst med miljø og fritid for elevane som bur på internatet. Samstundes ser vi at det ikkje berre er vår skule som får flerrer søkjarar, så det ser ut som at vi er ein del av ein større trend, seier Harald Voster.

Vekst over heile landet

Kristne Friskolers Forbund (KFF) er ein interesseorganisasjon for kristne skular, mellom anna dei vidaregåande skulane i landet.

Dei siste ti åra har det vore ein jamn auke i søkjartala, fortel generalsekretær Audun Raen.

I fjor hadde mange av dei rekordgode søknadstal, og denne trenden held fram også i år.

Fleire av skulane har aldri før hatt så høge søkjartal som no.

– Det trur vi kjem av at skulane driv veldig godt. Dei fleste elevane som går på ein kristen skule har begynt fordi familie eller venner kjenner til den, seier Raen.

et vannområde med bygninger og trær rundt seg (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Mange av dei kristne vidaregåande skulane har rekordgode tal. Ved Framnes i Vestland er det også gode tider.

Foto: Framnes vgs. / Framnes vgs.

At dei fleste også har internat, er eit anna pluss, peiker han på.

Den største utfordringa til skulane er at dei har mange fleire søkjarar enn plassar.

– Ein viktig veg vidare framover er å opne opp fleire skular, men også å utvide dei eksisterande, slik at alle som ønskjer å gå på ein kristen skule får moglegheit til det.

Meir interesse for kristne verdiar

Noreg blir meir sekulært, altså ikkje-religiøst. Samstundes syner ei undersøking at fleire unge menn omfamnar Gud.

Trua gir mange ei kjensle av tryggleik og meining i ei verd som elles er ganske uføreseieleg, syner undersøkinga.

Professor i kultur- og samfunnspsykologi ved UiO, Ole Jacob Madsen, meiner tala syner ein tydeleg trend:

– Unge menn søker seg oftare til Gud igjen.

Han trur mange treng noko større å tru på i ei uroleg verd.

Den norske kyrkja merkar også at fleire har fått auga opp for dei, og fleire unge kristne går på gudsteneste.

Fleire vel skule etter verdi

Misjonssambandet driv Sygna vgs. og elleve andre kristne vgs.

Dei fleste har auke i søkartala sine, og fleire melder om rekord.

Fungerande leiar for skuleseksjonen, Inga-May Naustvik, seier skulane har jobba meir målretta for å synleggjere seg. Samstundes trur ho også fleire unge er opptekne av verdi når dei vel skule.

Fleire av skulane er internatskular som samlar elevar frå heile landet. Også det lokkar mange, fortel ho.

elevar som sit i eit klasserom

Elevane i kunst, design og arkitektur førebur seg til dei skal opp i eksamen neste dag.

Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRK

Sommarferien er rett rundt hjørnet for Amalie Hageberg Brekke og klassekameratane hennar.

Når dei kjem tilbake etter ferien vil det vere endå meir yrande liv på skuleplassen.

Det er elevane samde om er berre kjekt – og dei er samde om at det er eit godt val å velje ein kristen vidaregåande skule.

rektor tek avskjed med ein elev

Rektor Frode Bøthun seier farvel til nokre avgangselevar – og skal snart ta imot mange nye.

Foto: NRK

Sjølv om Sygna er ein kristen skule, så er det ikkje noko ein må vere sjølv for å gå her.

– Nei, det går heilt fint, eg har fleire venner som ikkje er det, seier Benedikte Birkeland Haug frå Suldal i Rogaland.

Publisert 23.06.2026, kl. 10.15

Read Entire Article