Reodor (12) i Skjåk: Får skulen han ønska seg

3 hours ago 1



Familien i Skjåk trudde aldri den nedlagte skulen i nabobygda Lom ville bli erstatta. Så kom meldinga om at nye Jotunheimen vgs. fekk statleg godkjenning.

 PrivatGLADGUT: Reodor Bruland Langøygard (12). Foto: Privat
Oppdatert onsdag 21. januar kl. 11:11
  • Nye Jotunheimen vidaregåande skule i Lom har fått statleg godkjenning.
  • Familien Bruland Langøygard i Skjåk er overlukkelege, spesielt sidan Reodor (12) får eit tilpassa tilbod på den nærliggande skulen.
  • Lokal innsats av Hanna Skjåkødegård og Sondre Bøye har vore avgjerande for utfallet i saka.

– Dette er heilt fantastisk! Me er elleville av begeistring for at regjeringa godkjende denne skulen, seier mamma Ragnhild Langøygard (44) til VG.

VG har møtt familien både før og etter beslutninga i fylkestinget om å legge ned den tidlegare vidaregåande skulen i Lom i Nord-Gudbrandsdal.

Då var Reodor Bruland Langøygard (12) lei seg.

No er guten strålande glad. Han brukar rullestol, og har operert inn ei jarnstong i ryggen og ei plate i eine hofta. Difor er han heilt avhengig av at skuletilbodet i åra framover ikkje er så frykteleg langt vekke.

Flagg på rullestolen

– Eg har bestemt meg. Eg skal inn på Jotunheimen vidaregåande skule. Litt usikker på kva linje eg skal søke på. Men du ser meg som elev der om nokre år, seier guten med smil om munnen.

Tysdag køyrde han rundt på skulen i Skjåk med norsk flagg på rullestolen sin.

Kvelden før fekk han vite at hans framtidige skule vart godkjend like før han skulle sjå Reodor Felgen & co i den nye Flåklypafilmen.

– Det vart siger både for Reodor Felgen og vår Reodor den dagen, flirer pappa Geir Bruland (51), som er over snittet bilmann.

Her kan du lese VG sine saker om skulestriden i Innlandet.

 Frank Ertesvåg  / VGREODORS X8: Ein ny og avansert rullestol frå Hjelpemiddelsentralen var eit lyspunkt i kvardagen for Reoodor heime i Skjåk - etter nedlegginga av den offentlege vgs-en i oktober 2024. Foto: Frank Ertesvåg / VG

Reodor fyller 13 år om nokre veker. Mamma Ragnhild og pappa Geir klarar ikkje løyne kor nøgde dei er med både kunnskapsminister Nordtun og ei annan dame frå heimbygda Skjåk.

Ja, dei tenkjer sjølvsagt på ho Hanna (Skjåkødegård) som har jobba både dagar og netter for at den lokale skulen skal få godkjenning, statsstøtte og vare lenge i distriktet.

– For ei dame! Me er så enormt imponert over den kampen ho og han Sondre (Bøye) har ført for denne skulen. Og dette har dei gjort på fritida si, seier Ragnhild og Geir.

 Frank Ertesvåg  / VGDÅRLEG STEMNING: Litt nedovermunn og usikkerheit for framtida på kjøkenet heime i Skjåk i oktober 2024. Foto: Frank Ertesvåg / VG

Dei var slett ikkje optimistar sist gong VG møtte dei heime i det romslege og spesialbygde huset på Bråta i Skjåk oppunder Jotunheimen.

Då var det ingen utsikt til nokon ny skule etter nedlegginga av vgs-avdelinga i Lom.

– Her i Skjåk og Lom vil jo folk bu. No tek politikarane frå oss limet i bygdene. Det er so stusseleg, klaga ho Ragnhild etter nedlegggingsvedtaket 23. oktober i 2024.

Reodor var like trist.

– For meg med min kropp betyr ei nedlegging null vidaregåande. Kroppen min toler ikkje skuleskyss i timevis. Eg kan nok heller ikkje bu på hybel med eit korps assistentar rundt meg, sa guten til VG.

 Frank Ertesvåg  / VGSPESIALBYGD: Ein romsleg heim i Skjåk er spesialtilpassa rullestolbrukar Reodor. No slepp familien tenkje på eit mogeleg hussal og flytting. Foto: Frank Ertesvåg / VG

No er alt endra. Familien slepp å tenkje på flytting. Dei har røtene sine lokalt. Og sjølv om det er over tre mil til Jotunheimen vgs. éin veg - så er det null stress, ifølgje pappa Geir.

– Slepp bekymringane

Styreleiar og ei drivkraft bak den nye skulen, Hanna Skjåkødegård, blir nesten litt rørt når ho tenkjer på han Reodor og familien i Skjåk - dit ho sjølv nyleg har flytta heim frå Bergen.

 Frank Ertesvåg / VGDRIVKREFTER: Sondre Bøye og Hanna Skjåkødegård. Foto: Frank Ertesvåg / VG

– Veit du kva, det tyngste for oss har vore dei unge med særskilde behov som ikkje hadde vore sikra eit individuelt tilpassa opplegg lokalt. No får han Reodor og andre elevar som treng eit meir tilpassa opplegg dette tilbodet. No slepp dei desse bekymringane, seier Skjåkødegård.

Rett av regjeringa å godkjenne ein privat vgs i Lom etter at fylkestinget la ned den off. skulen?

aJa, her har regjeringa teke distriktspolitiske omsyn. Det støttar eg.bNei, staten bør ikkje gripe inn i fylkeskommunen sitt ansvar for vgs. på denne måten.cKan for lite om saka til å svare ja eller nei.

Sondre Bøye, som er kommunelege lokalt og nestleiar i styret for skulen, minner om at feiringa over godkjenninga ikkje treng å vare så veldig lenge.

– Me kan suge litt på karamellen no, men det krev hardt arbeid framover å opprette denne nye godkjende privatskulen. No blir målet justert frå å lage ein skule til å lage den beste skulen, seier Bøye til VG.

Read Entire Article