DEBATT: Statsforvaltar Bent Høie har rett i at planar må følgjast for å ha truverd som styringsverktøy. Så kvifor følger ikkje statsforvaltaren sjølv nasjonale føringar i arealsaker?
Eva Bringeland
Privat konsulent i plan- og byggesaker og master i samfunssikkerhet
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Statsforvaltar Bent Høie hadde nyleg ein opplysande kronikk i Stavanger Aftenblad. Høie peiker på statsforvaltaren si rolle som sikkerheitsventil for å sikre at enkeltmenneske ikkje lid urett gjennom offentleg maktbruk i forvaltninga.
Statsforvaltaren understrekar vidare kor viktig plan- og bygningslova er for å ivareta samfunnsutviklinga og sikre demokratiet.
Rydda i eigne saker
Høie har rett i at planar må følgjast for å ha truverd som styringsverktøy. Staten har stor påverknad på kommunane si planlegging, ved at kommuneplanar kvalitetssikrast av statsforvaltarane før lokalpolitikarane får lov til å vedta dei. Ein kommuneplan forpliktar difor både kommunen og staten.
Så kvifor følger ikkje statsforvaltaren sjølv nasjonale føringar i arealsaker?
Eg har lang erfaring frå offentleg forvaltning i stat og kommune. I 2012 gjekk eg over til privat konsulentverksemd i plan- og byggesaker. Eg har særskilt interesse for saker som omhandlar landbruksområde, og har gjennom studium ved UiS mellom anna undersøkt spenningar mellom stat og kommune i arealforvaltninga.
Kommunane har myndigheit til å gje dispensasjonar frå planar i nokon tilfelle. Kva tid og korleis dette kan skje er fastsett i lovverket og utdjupa av regjeringa.
Landbruksdepartementet sa noko om frådeling av bustader alt i 2010. Då kom det fram at kårhus som er overflødige i gardsdrifta bør brukast til å sikre det nasjonale busettingsomsynet.
Frådeling av gamle hus
Statsforvaltaren i Rogaland fekk eit konkret signal frå departementet i 2012. Miljødepartementet avgjorde ein strid i kommuneplanen til Egersund kommune, der statsforvaltaren motsette seg frådeling av et kårhus. Departementet fastslo då at frådeling av kårhus ikkje er ei nasjonal interesse.
Dei ansvarlege departementa har seinare understreka desse poenga frå 2010 og 2012 i nasjonal rettleiing til forvaltninga.
Kommunane har altså eit stort ansvar for og forpliktingar til å skjøtte landbruks-, natur- og friluftsområde, og fleire kommunar har tatt inn bestemmingar knytt til det i sine kommuneplanar.
Frådeling av gamle hus for å sikre busetjing, eller frigjere ressursar for en bonde er ei lita sak i kvart enkelttilfelle. Gjenbruk av bustader skånar nedbygging av natur og matjord. Det sikrar at ressursar som ikkje trengst på en gard kan gagne samfunnet gjennom å sikre busetjing, oppretthalde nærbutikkar, skular, og dermed heile lokalsamfunn.
Det er difor den enkelte kommune har fått ansvaret for å avgjere om og når det kan gjevast dispensasjon frå Plan- og bygningslova i slike saker.
Som privat konsulent har eg erfart i saker der kommunane sine planbestemmingar om mellom anna busetjingsomsyn er forsøkt sett til side av statsforvaltaren i Rogaland. I fleire tilfelle har kommunane fått medhald frå settestatsforvaltarar, som ikkje har ein så bastant praksis som den me erfarer i Rogaland.
Statsforvaltaren gjer feil
Mine eksempel har likevel mindre tyngde enn dei konkrete signala som er komne frå departementet til statsforvaltaren i Rogaland;
I 2021 hadde Stavanger Aftenblad ei sak frå Strand kommune der statsforvaltaren sin bruk av regelverket blei underkjent. Denne saka illustrerer omkostningane for enkeltpersonen som måtte ta kampen mot statsforvaltaren. Me ser og at politikarane reagerer sterkt på staten si innblanding i lokale saker.
Dåverande statsforvaltar i Rogaland uttalte til Aftenbladet at det skulle takast lærdom av desse sakene. Den lærdommen er vanskeleg å finne:
På heimesida til Statsforvaltaren i Rogaland finn vi det statsforvaltaren kallar «Tydelige signal» om frådeling av gardshus. Der blir det vist til kommunale vedtak som statsforvaltaren har klaga på, og fått omgjort. Men kor er dei publiserte, signala frå dei sakene der departementet sette foten ned?
Kvifor er det ikkje eit signal når fleire kommunar har fått hjelp av departementet til å oppretthalde sine vedtak?
Alt er ikkje publisert
Så seint som i 2024 fekk Egersund kommune medhald igjen, mot ein klage frå statsforvaltaren i Rogaland. Den er ikkje publisert.
Eksempla frå Egersund, Strand og Randaberg viser ein praksis som strider mot nasjonale føringar. Mi erfaring er at også tidlegare Finnøy og nå Stavanger kommunar har opplevd det same.
Desse sakene handlar om enkeltmenneske som er støtta av kommunen sin. Når statsforvaltaren tek frå kommunen rolla som samfunnsutviklar i desse ubetydelege enkeltsakene, får det store konsekvensar. Ikkje berre for den enkelte innbyggar som må bruke enorme ressursar på rettslege krav. Det gir og auka spenningar og mistillit mellom stat og kommune. Difor er det viktig at politikarane i heile fylket står saman for retten til å utøve lokaldemokratiet. Statsforvaltaren må forstå at tilliten og respekten for planar og lovverk må gå begge vegar.
Publisert:
Publisert: 26. februar 2026 06:30

1 week ago
16









English (US)