Nils Olav Østren
Klepp Stasjon
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
DEBATT: Tidleg i juni tar ei rettssak til i London mot ein ung, 19-årig norsk mann. Saka hans burde ha vore ført i Norge for norsk rett.
Det er svært uheldig at justisministeren berre gir eit defensivt svar om ikkje å leggja seg opp i konkrete straffesaker mot «norske borgere i andre land». Dei nye tragiske ungdomsnettverks-sakene må av statsråden styrkast på den internasjonale politiske agendaen. Pågåande lovarbeid omkring dette blir ikkje nemnt av statsråden.
Hovudprinsippet bør ikkje fråvikast
Det viktige hovudprinsippet er at strafferettsleg behandling av norske statsborgarar bør skje her i heimlandet. Alvorsgrada i den aktuelle saka og dei nye utfordringane med internasjonale nettbaserte krim-nettverk, tilseier ikkje at hovudprinsippet bør avvikast.
Det var stortingsrepresentant Ingrid Fiskaa (SV) som i april stilte spørsmål om kor denne saka mot den unge Stavanger-mannen burde førast. Spørsmålet retta ho til justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap).
Eg synes at både spørsmålsstillar og svargjevar lar vera å ta opp ei sentral side ved at ein norsk ungdom no må ta den tunge ekstrabelastninga det er å stå til rette for saka si i England i staden for i Norge:
Faktum er at ei ny utleverings- og arrestordrelov er utgreidd gjennom NOU 2022:15. Statsråd Emilie Enger Mehl sende deretter utgreiinga ut på høyring. Det har gått lang tid sidan høyringssvara kom inn, m.a. frå Riksadvokaten om «Utlevering av norske statsborgere»:
Utvalget har på en god måte synliggjort nødvendige avveininger mellom på den ene side behovet for å unngå at personer unndrar seg strafforfølging for alvorlige lovbrudd, og på den annen side den tilknytning mellom stat og rettssubjekt som et statsborgerskap tradisjonelt representerer. [...]
Svarar ikkje godt nok
Eg meiner at Fiskaa fekk eit lite tilfredsstillande svar. Det som undrar meg mest er at korkje ho eller Aas-Hansen viser til det utgreiingsarbeidet som no går føre seg i departementet etter at høyringa er utført om ei ny utleverings- og arrestordrelov.
Den konkrete saka dreier seg om ein ungdom som alt no har utstått ei lang varetektstid. Alt han bad om var å få saka si utført og dommen avsagt og sona i Norge.
Eg forstår det også slik at for såkalla tredjeland, som Storbritannia, får statsborgarskap større vekt enn i EU-samarbeidet. Dette tilseier skjerpa krav til garantiar om rettstryggleik for denne unge mannen.
En nær slektning av 19-åringen som står tiltalt i England, er ansatt i Aftenbladet. På grunn av denne koblingen har Aftenbladet siden 2025 inngått et samarbeid med Aftenposten, som intervjuer 19-åringen og familien hans. Aftenbladets øvrige dekning av rettssaken og saken skjer etter vanlige journalistiske prinsipper.
Publisert:
Publisert: 29. mai 2026 13:53

2 days ago
7






English (US)