Riksveg 3 stengt etter brann i eit vogntog

3 days ago 12



Vogntoget begynte å brenne på riksvegen om lag 9 kilometer nord for Elverum. Det starta i hengaren og spreidde seg raskt.

– Det er full overtenning. Det har spreidd seg til resten av vogntoget og terrenget, sa Frode Øverås hos politiet.

Like før klokka 11 opplyser brannvesenet at dei raskt fekk kontroll på brannen.

– Vi driv med ettersløkking, seier Roger Lyseng som er vaktleiar.

Vegen er framleis stengt i begge retningar forbi staden.

Veg stengt - to bilder

Vegen vart sperra forbi staden og det var spreiing i terrenget ved vegen.

Foto: Ola Jakob Bjørlo Strande / NRK

Øverås fortalde at vogntoget truleg er lasta med papp. Det er ein utanlandsk sjåfør av vogntoget på staden. Ingen personar skal vere skadde.

Det er skjedd på riksveg 3 nord for Elverum i retning Tynset.

Publisert 13.05.2026, kl. 10.15 Oppdatert 13.05.2026, kl. 10.59

Read Entire Article