Turistkommunar i heile landet tener millionar på cruise-avgifter.
Men på Nordfjordeid i Stad kommune går pengane rett til eit privat selskap.
Kommunen har låst seg til avtalen i 50 år.
– Stad kommune kjem forferdeleg dårleg ut økonomisk, seier Anfinn Sjåstad.
Anfinn Sjåstad (Frp) er frustrert over cruise-avtalen i kommunen.
Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRKSjåstad er gruppeleiar for Framstegspartiet i kommunen. Han meiner avtalen frå 2016 var dårleg politisk handverk.
I dag er kommunen i økonomisk uføre. Nyleg hamna dei på robek-lista.
Venstre-topp forsvarar
Venstre-topp Alfred Bjørlo var primus motor for å få cruise til Nordfjordeid.
Bjørlo forsvarar avtalen som vart inngått i 2016, da han var ordførar i dåverande Eid kommune.
– Frp forstår null og niks av korleis ein utviklar ein kommune. Vi har fått bygd ei kai som tilfører mange millionar i verdiskaping og aktivitet i kommunen – utan at kommunen har lagt ned ei krone i få bygd kaia, seier Bjørlo.
Turistane lar seg begeistre.
Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRKSkipet Celebrity Apex har plass til 3400 passasjerar, i tillegg til eit mannskap på 1300.
Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK87 cruiseskip kjem til Nordfjordeid i 2025. Det er rekordmange.
Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK
Kommunen gav selskapet Seawalk Nordfjord AS lov til å installere ei flytande cruisekai og kople den til kommunal grunn.
Kommunen ville ikkje investere i denne cruisekaia sjølv, ifølge Bjørlo.
I år kjem 87 cruiseskip til Nordfjordeid. Er skipa fullbooka, kjem over 270.000 passasjerar.
Prisen som reiarlaga må betale for å ligge til kai, kan vere fleire hundre tusen kroner.
Bjørlo sa det skulle komme eit miljøvenleg anlegg for landstraum til cruisekaia. Det har ikkje blitt noko av.
Han har sidan blitt politikar på Stortinget.
Bjørlo i finstasen da det første cruiseskipet kom til Nordfjordeid i 2019.
Foto: Stian Sjursen Takle / NRKBlankt avslag
Sjåstad i Frp ønsker at kommunen skal reforhandle avtalen med selskapet.
Men investor John Olav Leftal rister på hovudet. Han er største eigar i Seawalk Nordfjord.
– Dei som ville satsa 50 millionar for fem år sidan på cruise, kunne gjort det. Eg gjorde det, seier han.
I 2023 var driftsresultatet på 7,5 millionar kroner.
Lefdal seier avtalen med kommunen har ført til mange arbeidsplassar og inntekter til Stad.
– Vi har tatt risikoen, vi har investert pengane. Vi drifter anlegget, og vi drifter det veldig bra. Derfor tener vi pengar, seier han.
Dei er også i dialog med kommunen om å betale inn til eit fond for å ruste opp Nordfjordeid sentrum.
Fleire tusen turistar går i land og nyt vårsola.
Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRKFå private
Det vanlege i Noreg er at kommunale selskap drifter cruisekaier og får inntektene.
– Men dei siste åra har det dukka opp eit fåtal private aktørar, seier Tor Mikkel Tokvam, styreleiar i Cruise Norway og hamnesjef i Aurland.
Mellom anna tar eit privat selskap i Bergen imot forureinande cruiseskip som ikkje får lov til å legge til kai nærmare sentrum.
Frp-Sjåstad i Stad understrekar at han støtter at private tener pengar på cruise, og han erkjenner at verksemda gir arbeidsplassar. Men vilkåra i 50-årsavtalen er for dårlege for kommunen, meiner han.
Dei første åra eigde kommunen ein liten del av selskapet, men vart seld ut i 2022 gjennom ein opsjonsavtale. For å dekke eigne kostnadar for fakturering, får kommunen 4000 kroner per skip.
Dagens ordførar, Judith Kvåle (Ap), vil ikkje kommentere kva ho synest om avtalen.
Arbeidet med å få inn pengar til å ruste opp sentrum, går føre seg, seier ho.
Publisert 13.05.2025, kl. 16.18