Robert tar bilder av is for å berge klimaet

14 hours ago 6



Kunstbilde av is

Ein pyramide frå framtida?

Ein haifinne? Eller kanskje eit surfebrett?

Kunstbilde av is

Det er ikkje lett å sjå kva Robert har tatt bilete av.

Kunstbilde av is

Men det er også litt av poenget.

Kan fotografia endre haldningane våre til klima?

Ein mann i vinterjakke med pels tar bilete på et islagt vann med fjell i bakgrunn.

Eit kunstprosjekt for klima

Ein mann i vinterklede går på snøen på et islagt vann.

Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Eg starta med å vandre på is. Så begynte eg å krype på is. Då opererte det seg eit heilt fantastisk univers.

Kunstbilde av is

Robert Selfors

I fire år har han leita for å finne det han kallar «skattar». Skattar ein kanskje ikkje kan finne i framtida.

Ein mann utan lue og vinterjakke står utandørs og ser mot høyre.

Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Eg er heldig å kan gå på vatn i frosen tilstand. Isen vi har no kan vere ein del av ein svunne tid om nokre generasjonar.

Kunstbilde av is.

Robert Selfors

For kvar grad temperaturen stig globalt, ligg isen om lag 16 dagar kortare.

Forskarane meiner om lag 16 % av elvane i verda, som i dag har is på vinteren, vil slutte å fryse heilt innan århundret. Om temperaturen fortsett å stige.

Ein mann med grått hår og vinterjakke tar bilde på isen med kameraet sitt

Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Difor frys kunstnaren isen i bilete. Og bileta håper han vil inspirere på fleire måtar.

Ein person går på et snødekt vann. I forgrunn er et tre.

Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Robert gjekk ikkje alltid rundt på isen og tok bilete. Ein gong var han grafikar i hovudstaden.

Ein mann i grå vinterjakke med pels står framfor blånane fjell og ser i kamera.

Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Men ein vinter med berrfrost og islagde elver lokka han heim.

Kunstbilde av is på nært hold.

Robert Selfors

Mange av bileta eller «skattane» har han funne på kloss avstand, berre ti eller femten centimeter unna.

Kunstbilde av is

Robert Selfors

Han vil vi skal sette pris på augneblinken. For å vite kva vi har no. Og kva vi er i ferd med å miste.

– Vi må lære av barna. Kor ofte er det vi vaksne stoppar og tar inn det magiske rører noko i oss?

Ein mann med blå skjorte snakker med publikum på utstillinga has på Galleri Gaudi i Madrid.

Kunsten har han allereie stilt ut i Galleri Gaudi i Madrid. Publikummet som kom hadde aldri sett frose vatn på denne måten før. Kunstnaren seier det rørte ved dei.

Ein person står i ein tåkete kuppel utanfor et gammaldags bygg

Dette er ikkje første gong kunstnarar prøver å påverke folk sine haldningar til klimaendringane.

I eit forskingsprosjekt frå 2013 til 2015 fann forskarar ved NTNU ut at visuell kunst som spelte på kjensler og personleg språk kunne bygge bru mellom forsking og ansvarskjensle.

Isabell har brunt langt hår, sort og kvit stripete bluse og sort tynn jakke. Ho smiler i kamera framfor ein kvit vegg.

Isabell Richter, førsteamanuensis ved Institutt for psykologi ved NTNU, seier kunst ikkje fører til ein varig endring om det ikkje får oss til å engasjere oss.

Kunstbilde av is

Robert Selfors

– Dette er ein annleis måte å vise fram is på. Det gjer at folk undrar seg eller kanskje blir imponert. Det er sterkt og kan brukast til endring.

Kunstbilde av is.

Robert Selfors

Men det er berre eit kort augneblink at vindauget for endring hos publikum står open.

– Kunstnaren må få folk til å prate saman ansikt-til-ansikt før dei går vidare i livet sitt. Gjerne om ei lokal utfordring, eller noko dei kan gjere.

Ein mann med grå vinterjakke og grått hår tar bilde av is

Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Så kva gjer Selfors få publikum til å engasjere seg, så kunsten ikkje blir gløymt?

Brukt med løyve frå Stormen Konserthus.

Nyleg stilte han ut bileta sine på konserthuset Stormen i Bodø. Kjente musikarar frå regionen improviserte musikk til bileta som rulla som ein film i bakgrunn. Etterpå var det vernisage og utstilling.

Ein mann med vinterjakke og grått hår står framfor et rødt lite hus med fjell og trær i bakgrunnen

Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Eg har ei ope bok på utstillingane der folk kan skrive sine refleksjonar rundt klima og kva dei kjenner på om det når dei ser bileta mine.

Ein mann i grå vinterjakke med pels og grått hår står på isen med et kamera i handa.

Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

I tillegg legg han fram små lappar der folk kan skrive kva dei trur kan vere positivt med klimaendringane.

– Eg vil at dei skal spørje seg: Kva kan eg gjere for å bidra til at moder jord ikkje blør.

Kustbilde av is.

Robert Selfors

Og psykolog Isabell Richter frå NTNU trur faktisk planen til Selfors vil fungere.

– Det finst òg forsking som tyder på at det å skrive noko for hand kan gjere refleksjonane meir arbeidd med og sterkare kognitivt og emosjonelt.

Read Entire Article