Ronny filma giganthai rett utanfor hytta

12 hours ago 6



– Det var fine forhold, eg såg ho med ein gong. Den store finna som stakk opp over havoverflata, fortel Ronny Bergh Nilsen.

Det var ei over fem meter lang brugde som låg å sola seg i midnattssola kring 150 meter frå hytta deira.

Hytta til ekteparet ligg nær Bjørnøy fyr, søraust på øya Landegode, eit lite stykke nord for Bodø.

– Eg har jo dronen med meg, så då er det ikkje verre enn at eg berre køyre ein tur ut.

Frå dronen fekk han strøyma bileta tilbake på land. På terrassen følgde kona Lene Gabrielsen Nilsen med på dronebileta. Synet har låst seg i minne.

– Det vi ser er spektakulært. Kona mi braut ut «å herregud, sjå på det der», fortel Ronny Bergh Nilsen.

Ronny Bergh Nilsen

Ronny Bergh Nilsen, såg ei fem meter lang brugde frå hytteterrassen på Landegode:– Det har låst seg i minne

Foto: Privat

Kor stor var denne brugda?

– Det har me diskutert, den var i alle fall godt over fem meter i lengde, eg vil anta mellom fem-sju meter, hevdar Nilsen.

Etter at dei publiserte videoen på sosiale medium fekk dei fleire gode tilbakemeldingar og tips om å kontakte den så kalla haitelefonen. Det tok ikkje lang tid før dei hadde snakka med Havforskningsinstituttet (HI) sin «hotline for hai».

– Dei sa at me måtte melde frå til dei om me såg ho att, fortel Lene.

Haitelefonen

Haitelefonen er eit telefonnummer folk kan ringje og tipse om kvar dei har sett haiartane brugde eller håbrann langs norskekysten.

Om våren dukkar haifinna til brugda opp i kystnære strøk, mens den gomlar på plankton, som raudåte. Om vinteren lever dei i området mellom Irland, Portugal og Azorene.

Kvifor dei kjem akkurat til Lofoten har ikkje forskarane noko godt svar på.

– Det er kanskje ikkje heilt den same grunnen til at turistane valfartar til Lofoten. Men det er jo et veldig fint område, kor det finst raudåte, seier havforskar Claudia Junge, som er leiar for prosjektet «Sharks on the Move».

Sidan 2019 har HI jobba aktivt ut mot publikum for å få inn observasjonar av brugde. På den måten kan dei kartlegge, og potensielt rykke ut for å hente inn meir informasjon sjølv.

Forskarane Claudia Junge og Otte Bjelland ved Havforskningsinstituttet er begeistra over observasjonen som Ronny Bergh Nilsen og kona Lene Gabrielsen Nilsen gjorde utanfor Landegode.

Akkurat no er forskarane om bord i forskingsskipet «prinsesse Ingrid Alexandra», som oppheld seg i Vestfjorden mellom Svolvær og Bodø.

Havforskningsinstituttet har så langt merket 4 brugder på 3 dager takket være haitelefonen.

Foto: Havforskningsinstituttet

– Det var veldig fint å sjå videoen. Dei har gjort eit godt opptak av brugda, som illustrerer oppførselen til brugdene når dei går og beiter på plankton, seier Bjelland.

Ho kosar seg

Og akkurat denne brugda var spesiell, ifølge forskarane.

Det som er interessant, er at ho svømmer veldig roleg i vatnet med munnen på vidt gap og kosar seg med å ete langsamt. Det er ulikt åtferd til dei brugdene vi har observert utanfor Lofoten.

Brugden er en av de største haiartene som finnes.

Foto: Havforskningsinstituttet

Ser du ei brugde i sommar – ikkje nøl

Og ser du ei hai i sommar, har forskarane ei klar oppmoding.

– Det er veldig viktig for oss er at folk ringer oss direkte på Haitelefonen, slik at vi får moglegheita til å merke brugdene. Publikum kan også logge observasjonane sine gjennom nettportalen Dugnad for havet.

Sidan 2022 har forskarane ved Havforskingsinstituttet merka 15 haiar i Nord-Noreg med satellittmerker.

Prosjektet «Sharks on the Move» har hatt stor suksess med tips frå folk.

I 2023, også kjend som «Haisommeren» på HI, blei heile ti brugder merka takka vere engasjerte innringarar.

Foto: Havforskningsinstituttet

Målet med satellittmerkinga er å finne ut korleis desse trua haiane beveger seg gjennom året, for å forstå livsstilen deira og korleis dei blir påverka av klimaendringar.

Kva antalet seier om bestanden er vanskeleg å seie.

Havforskningsinstituttet jakter på hai i norske farvann

Foto: havforskningsinstituttet

– Det er positivt å sjå at det blir stadig fleire observasjonar. Men vi har enno ikkje god nok kunnskap til å seie at brugda aukar i antal. Vi håpar at arten har kommen på eit nivå der fiskeriet gjorde at den var nesten utrydda til at den no er på veg tilbake på ein livskraftig bestand.

Håper at ho likar seg i skjergarden i Nordland

Ronny Bergh Nilsen håpar brugda kjem tilbake til Landegode.

– Det håper eg, at ho liker seg her akkurat som at me likar oss her på hytta, og me ikkje har forstyrra ho noko, slik at ho ikkje har dårlege minner her frå, seier Nilsen

Publisert 15.06.2025, kl. 13.27

Read Entire Article