Dei 12 øybuarane på Store Hamnsund på Sunnmøre er heilt avhengige av hurtigbåt for å kome seg inn til byen Ålesund på arbeid og fritidssyslar.
Den siste tida har det igjen vore uro rundt båttilbodet.
I dag blei det nye rutetilbodet kjent, og fleire avgangar på kveld og helg er kutta heilt.
– Det er veldig dårleg. Her går det jo ikje an å bu, seier Jan Huse (60).
Frykta er at dei ikkje kjem seg til fastlandet og heim igjen når dei treng.
Det er utsikt til havet frå kjøkkenet
Foto: privatHuset kosta 6 millionar kroner, men mykje meir dersom ein reknar med all eigeninnsatsen gjennom fire år
Foto: privatFamilien har bygd det meste av huset sjølv på kveldstid og helger
Foto: privat
Skal spare pengar
Det er pengemangel som fører til at fleire turar til hurtigbåten blir kutta.
Fylkeskommunen skal spare pengar, og har vist til at det er få passasjerar på mange av avgangane.
Onsdag ettermiddag blei det kjent at selskapet Cruise Service AS er tildelt kontrakten, og dei nye rutetidene gjeld frå årsskiftet.
I ei pressemelding skriv Møre og Romsdal fylkeskommune at dei no har sikra «eit stabilt og brukarvennleg tilbod».
Det er ikkje leiaren i velforeininga, Robin Stamnes Thorholm enig i.
– Det er som vi frykta. Dette blir starten på slutten på Kalvøya. Slik som det er lagt opp no er det ikkje mogleg å ha eit normalt liv der ute og ha ein kommunikasjon inn mot fastlandet, seier han.
Han kallar det ei styrt nedlegging av øya.
Det tar 15-20 minutt med hurtigbåt frå Ålesund til Store Kalvøy
Foto: Øyvind Sandnes / NRKJan Huse, Karl Johan Skårbrevik og Robin Stamnes Thorholm bur alle på Store Kalvøy
Foto: Øyvind Sandnes / NRKDet er 12 fastbuande på øya og no mobiliserer dei for å unngå rutekutt
Foto: Øyvind Sandnes / NRK
– Eit rimeleg greit tilbod
Geir Wingaard-Olsen er rådgjevar hos Møre og Romsdal fylkeskommune.
Han er godt kjent med at folket på Store Kalvøy er skuffa over avgjerda.
– Utfrå folketalet synest eg det er eit rimeleg greit tilbod, men ut frå det tilbodet dei har hatt, så skjønar eg det.
Han seier det kan vere mogleg å endre noko, og at kontrakten først skal signerast neste veke.
– Rutetidene kan nok justerast noko på ettermiddagen, men kor mykje kan eg ikkje svare på, på strak arm.
Det samme gjeld rutene i helgane.
Kontrakten om drifta av ruta blir signert neste veke.
Ber kommunen om å trå til
Jan Huse og kona Ragnhild har brukt 6 millionar kroner på huset, i tillegg til fire år med eigeninnsats. Haram kommune kravde at dei bygde hus og ikkje fritidsbustad.
Huse meiner det forpliktar og foreslår at kommunen spyttar i og tek utgiftene med ein ekstra båt på kveldstid.
– Dette er svært skuffande, seier han.
Jan Huse og kona Ragnhild eig kafeen Dråpe i Ålesund
Foto: Øyvind Sandnes / NRKRagnhild er dagleg leiar ved kafeen
Foto: Øyvind Sandnes / NRKNo tør ikkje paret selge einebustaden sin i Ålesund, så dermed har dei to hus
Foto: Øyvind Sandnes / NRK
Publisert 17.06.2026, kl. 18.10 Oppdatert 17.06.2026, kl. 18.47










English (US)