Ein NRK-tipsar såg lysfenomenet i Kristiansund på Nordmøre 02.00-tida natt til fredag.
– Plutseleg blei heile himmelen dekka av ei eller anna form for lyssky. Vi stussa veldig på kva det var, fortel tipsaren til NRK.
Personen fortel at han såg lyset i 3–4 minutt før det forsvann. Han fortel at han aldri har sett noko liknande før.
– Eg fekk gåsehud. Det var veldig artig å sjå.
Det har også kome inn meldingar om at lysfenomenet blei observert i Sandnessjøen og på Hamarøy i Nordland.
Truleg russisk rakett
Lysfenomenet har også blitt sett i Sverige og Finland.
Aftonbladet skriv at himmelen blei lyst opp i fleire minutt før fenomenet forsvann.
Expressen skriv at det ifølge russiske medier blei skote opp ei romrakett i løpet av natta.
Denne blei skoten opp frå rombasen Plesetsk i det nordvestlege Russland, på oppdrag frå Forsvarsdepartementet.
Også russiske nettstadar skriv om hendinga.
Romfarts-reporter i NRK, Hallvard Sandberg, seier at det lyset ein ser på himmelen kan ha ulike forklaringar.
– Det kan vere at den brenn andresteget for å kunne lande på jorda igjen, eller så har den akselerert for å sende raketten lenger ut i rommet.
Lysfenomenet blei mellom anna sett utanfor Kristiansund.
Foto: TipsarLyste opp himmelen i januar
Også i januar blei eit lysfenomen observert på himmelen mange stadar i Noreg.
Den gong var det ei rakett frå det amerikanske romfartsføretaket SpaceX.
Dei siste dagane har dei sendt opp fleire rakettar, skriv selskapet på X.
Publisert 17.04.2026, kl. 07.00 Oppdatert 17.04.2026, kl. 07.55








.jpg)





English (US)