Såg store blokker smelle nedover fjellsida - vil ikkje tilbake med det første

6 hours ago 6



Laurdag var Brage Øien og kjæresten på tur til Innerdalstårnet, då dei høyrde høge smell frå nabofjellet Skarfjellet.

Allereie på veg opp var det uro i fjellet. På returen nokre timar seinare hadde aktiviteten tatt seg kraftig opp.

– Vi ser dei store blokkene som berre smell nedover steinåsen og hoppar og lagar støvsky etter seg. Det var ganske mykje aktivitet samtidig, med fleire steinblokker i fleire retningar, seier Øien.

Han seier dei blei urolege over den uvanlege aktiviteten. Då dei i ettertid las at det har vore rørsler på 15 mm på ein time, fekk han hakeslepp.

– 15 mm er ganske stort, det høyrest ut som det kjem ut som det kjem til å bli eit større ras, seier Øien.

På laurdag filma Børge Øien steinras frå fjellet. Den siste tida har det rast meir enn vanleg, og det har vore fleire steinsprang.

NVE overvakar no området

NVE sette måndag i gang overvaking av området etter å ha blitt varsla av kommunen. Det har vore fleire skred frå fjellet dei siste dagane og urovekkjande høge rørsler i fjellet.

– Det er for å få kontroll på situasjonen. Når ein oppdagar så høg aktivitet ønskjer vi å sikre oss dersom det kan kome eit større skred, seier vakthavande geolog Kjetil Indrevær til NRK.

Han strekar under at det er uvisst om dei uvanlege rørslene vil utløyse eit skred, og når det eventuelt kan skje. Innsamling av data dei neste dagane, vil kunne gje eit tydlegare svar på dette.

Kjetil indrevær i NVE

Vakthavande geolog Kjetil Indrevær i NVE.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

Er redd for dyra sine

Jørgen Singsdal driv gard like ved Skarfjellet, og høyrde steinspranget måndag kveld. Han har både kyr og sauer som beiter i området. Etter steinraset måndag valde han å flytte kyrne sine lengre bort i dalen.

Eg har jo beiteområde her, så eg har flytta dei så langt unna eg meiner er forsvarleg - i tilfelle raset går, seier han.

Han seier det har vore vanleg med steinsprang i området, men meiner det no er meir enn før.

Han er likevel ikkje bekymra for at garden skal bli tatt av raset.

– Det går bra, vi satsar jo på at fjellet stabiliserer seg, og at dette er forbigåande. Vi føler at vi er trygg, for det er langt unna.

en mann som står foran et gjerde og et fjell

Jørgen Singsdal har flytta dyra sine lenger unna i tilfelle det skal kome eit stort skred.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Såg tydelege spor etter ras

Også Ingar Langli har observert dei uvanlege rørslene i fjellet. Han er leiar i Røde Kors hjelpekorps i Sunndal, og var på redningsaksjon i Innerdalstårnet måndag kveld.

Der såg dei tydelege spor etter at eit ras som nyleg hadde gått.

Vi såg kor steinspranget hadde gått nedover fjellsida då vi var på tur nedover igjen. Det såg ikkje gammalt ut, seier han til NRK.

Han har vore der mange gangar før, og er godt kjend med korleis det vanlegvis ser ut.

Ingar Langli er korpsleiar i Sunndal Røde Kors

Ingar Langli er korpsleiar i Røde Kors hjelpekorps i Sunndal og har også sett spor etter steinskred dei siste dagane.

Foto: Aure Avis / privat

Er glad han er ute av området

Geologistudenten Brage Øien, som laurdag var på tur på i Innerdalen, seier det var interessant å sjå steinskred på nært hald. Han er mest vand med å lese om det frå bøkene.

Han er likevel glad for å vere ute av området. Han vil definitivt gjerne tilbake, men ikkje før situasjonen er avklart.

– Det blir ikkje noko tur til Innerdalhytta med det første, før dette roar seg. Men vi vil veldig gjerne tilbake, men kanskje når det blir litt rolegare i området, seier han.

Et skilt på en grusvei

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Publisert 15.07.2025, kl. 12.16 Oppdatert 15.07.2025, kl. 12.35

Read Entire Article