Sak om foreldrevald lagt bort – mor sitt hår floka seg rundt halsen på toåring

3 hours ago 5



Eit foreldrepar i Sogn og Fjordane vart arresterte etter dei tok med toåringen sin til legevakta med skadar morgonen den 18. mai.

Toåringen hadde kvelingsmerker og kuttskadar rundt halsen.

Då helsepersonell fann skadane mistenkelege melde dei frå til politiet.

No har politiet lagt bort saka, opplyser politiadvokat Marcus Monsen.

Skadane skal ifølge politiet kome frå samsoving med mor.

– Forklaringa verka først mindre sannsynleg

Dagen etter legevaktbesøket vart foreldra pågripne, og barnet vart tatt hand om av barnevernet.

– Barnet får medisinsk behandling. Eg kan ikkje gå i detaljar på skadane, men dei var av slikt alvor at det var riktig å pågripe foreldra, sa Monsen til NRK etter pågripinga.

Foreldra i 30-åra har nekta straffskuld frå byrjinga og vart lauslatne seinare same dag.

Aktor Marcus Monsen

Politiet er kjent med tilfelle på verdsbasis der barn har blitt kvelt av hår under samsoving. Bildet er tatt i samband med ei anna sak.

Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

I avhøyr har foreldra forklart at mor sitt hår hadde floka seg rundt halsen på toåringen i samband med samsoving.

Faren skal deretter ha skore barnet laust med kniv.

– Med ein gong framstod foreldra si forklaring som mindre sannsynleg, seier Monsen.

Etter nærare undersøkingar har politiet no landa på at forklaringa stemmer og lagt bort saka.

Fleire tilfelle av på verdsbasis

Det har blitt gjennomført åstadundersøkingar og undersøkingar av såret til toåringen. Mor sitt hår er også analysert av Kripos.

– Dei undersøkingane politiet har utført underbygger foreldra si forklaring, seier Monsen.

Politiet har funne hår i såret til barnet, og mor sitt hår har også delvis blitt kutta.

Det er også gjort funn av hår på kleda toåringen hadde på seg då hendinga skjedde.

Gjennom etterforskinga har politiet blitt kjent med at det finnast fleire tilfelle på verdsbasis der barn har blitt kvelt av hår under samsoving.

– Det samla bevisbildet viser at det er moment som talar klart imot at det er gjort noko straffbart. Saka vart difor lagt bort som ingen straffbare forhold.

Ivar Hauge er forsvarar til mor av barnet.

Til NRK seier han at ho er glad for at saka er avslutta, og at ho ikkje ønsker å kommentere noko ytterlegare.

Hei!

Har du tankar om saka eller tips til ei anna sak? 

Send meg gjerne ei melding!

Publisert 04.06.2026, kl. 11.06 Oppdatert 04.06.2026, kl. 11.16

Read Entire Article